Presseinvitasjon: Inviterer til brexit-møte
29.8.2019 10:48:24 CEST | Nærings- og fiskeridepartementet | Pressemelding
- Storbritannia skal forlate EU den 31. oktober, og to månader før dei går ut er det framleis uvisst korleis dette vil skje. Frå norsk side har vi heile tida førebudd oss på begge utfall, og inngått dei nødvendige avtalene med Storbritannina også dersom dei forlét EU utan ei avtale, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide.
Storbritannia er Noregs største handelspartnar. I 2018 eksporterte Noreg for 212 milliardar kroner til landet, og importerte for 38 milliardar kroner.
- Datoen for brexit nærmar seg. Norske styresmakter har inngått fleire avtaler med Storbritannia i samband med brexit. Det er likevel viktig at næringslivet gjer eigne vurderingar og førebur seg så godt som mogleg, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.
Sjømat står for om lag 20 prosent av den norske fastlandseksporten til Storbritannia og verdien var på over 6 milliardar kroner i 2018. Storbritannia er den fjerde viktigaste marknaden for norsk sjømat.
- Eg er glad for at vi har fått viktige avklaringar om marknadstilgong, i tilfelle britane forlét EU utan ei avtale. Det er likevel usikkert korleis brexit i praksis vil slå ut for handelen med sjømat. Brexit vil også få store konsekvensar for forvaltinga av felles fiskebestandar, men vi har nær og god kontakt med våre britiske kollegaer, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.
Når: Onsdag 4. september kl 10:15. Oppmøte for bedrifter klokka 10:00. Pressa kan komme inn frå ca klokka 11:00.
Kor: Auditoriet i R5, Akersgata 59, Oslo.
Påmelding for presse som ønsker å delta: media@nfd.dep.no
Hugs pressekort/ID.
Påmelding for bedrifter som ønsker å delta: Mathias.Rongved@mfa.no
Pressekontakt Nærings- og fiskeridepartementet: media@nfd.dep.no, tlf: 902 51 303.
Pressekontakt Utanriksdepartementet: media@mfa.no, tlf: 23 95 00 02.
Om Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementetKongens Gate 8
0032 Oslo
Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd
Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.
Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Fiskeri- og havministeren til Ålesund 3. november2.11.2026 12:30:16 CET | Presseinvitasjon
Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss er i Ålesund tirsdag 3. november. Statsråden skal blant annet delta på Verftskonferansen og møte verft og utstyrsleverandører.
Mer kråkebolle til Kina!29.10.2026 09:10:02 CET | Pressemelding
Norge og Kina signerte i dag en protokoll for norske villfangede arter i Beijing.
Snøkrabbekvoten aukar i 202728.10.2026 17:24:40 CET | Pressemelding
Nærings- og fiskeridepartementet har fastsett totalkvoten for snøkrabbe i 2027 til 16 594 tonn.
Vågan kommune får innføre besøksbidrag28.10.2026 16:33:21 CET | Pressemelding
Vågan er blant dei første kommunane i Noreg som får godkjent planen sin for besøksbidrag. Det betyr at kommunen kan innføre overnattingsavgift frå 2027.
Stranda kommune får innføre besøksbidrag28.10.2026 16:30:34 CET | Pressemelding
Stranda er blant dei første kommunane i Noreg som får godkjent planen sin for besøksbidrag. Det betyr at kommunen kan innføre overnattingsavgift frå 2027.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom