Nærings- og fiskeridepartementet

Presseinvitasjon: Fiskeri- og sjømatministeren til Orkdal

Del
Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik stemplar inn på fiskeforedlingsfabrikken Isfjord Norway onsdag neste veke.
Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik.
Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik.

- Sjømatnæringa skaper mange arbeidsplassar, og er viktig for lokalsamfunn i heile landet vårt. Kvar dag går fleire tusen personar til ein jobb i denne næringa. Eg gler meg til å jobbe saman med dei tilsette hos Isfjord, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik.

Fiskeri- og sjømatministeren ba tidlegare i år bedrifter i sjømatnæringa om å invitere han til ein arbeidsdag. Nesvik har mellom anna jobba på ein klippfiskbedrift, som linefiskar, på ein reketrålar og på oppdrettsanlegg. Nå står Midt-Noreg for tur, og onsdag 25. september kjem han til Isfjord-fabrikken i Orkdal.

Isfjord har rundt 160 tilsette. Bedrifta foredlar laks og aure, og ein del av dette er produksjonsfisk frå norske oppdrettarar. Isfjord flytta nyleg inn i ny fabrikk på Orkdal, og her produserer bedrifta røykte, ferske og frosne fiskeprodukt for daglegvarekjeder i Noreg og Sverige.

Du kan lese meir om Isfjord her.

Når: Onsdag 25. september, 10:00-13:00. Pressa kan delta på den fyrste arbeidsøkta og orientering/lunsj (fram til ca klokka 12).

Kor: Isfjord Norway, Grønørveien 30, Orkdal.

Kontakter

Bilder

Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik.
Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik.
Last ned bilde

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye