Den norske kirke

Preses støttar fredelege demonstrasjonar mot rasisme

Del

Biskopanes leiar Olav Fykse Tveit manar til fred og rettferd, og fridom frå rasisme.

Preses i Den norske kirke, Olav Fykse Tveit. Foto: Bo Mathisen
Preses i Den norske kirke, Olav Fykse Tveit. Foto: Bo Mathisen

Medan demonstrantar deltek på markeringar i Oslo, manar preses i Den norske kyrkja Olav Fykse Tveit til fridom og respekt for skilnadar Gud har skapt.

Rasisme er ein brutal røyndom, og den spreiar seg igjen med ei stor kraft, seier han.

Han gir sin støtte til fredelege demonstrasjonane mot rasisme.

Mangfaldet som Gud har skapt oss med og til, er vorte skiljar, diskriminering og konflikt. Rase er ein konstruksjon. Vi får ikkje puste, seier han.

Rasisme finns overalt i verda, meiner Fykse Tveit. Han lengtar etter ein fridom der alle kan vere seg sjølve. I følgje han, viser dei skremmande bileta frå Amerika at det motsette pregar livet akkurat no.

Han meiner kyrkja har ei viktig oppgåve i å stå opp for dei undertrykte i heile verda.

Vi står saman med vår søsterkyrkje ELCA i USA i deira kamp mot rasisme. Den fredelege kampen er eit uttrykk for kva det betyr å vere kyrkje. Våre bøner er med dei som strever for rettferd og fred, avsluttar han.

Fykse Tveit preika om dette tema på pinsedag i Nidarosdomen for berre nokre få dagar sidan. Preika kan du lese her.

Du kan følgje preses på Facebook.

Nøkkelord

Kontakter

Olav Fykse TveitPreses i Bispemøtet

Bilder

Preses i Den norske kirke, Olav Fykse Tveit. Foto: Bo Mathisen
Preses i Den norske kirke, Olav Fykse Tveit. Foto: Bo Mathisen
Last ned bilde

Dokumenter

Lenker

Om Den norske kirke

Den norske kirke
Den norske kirke
Kirkens hus - Rådhusgata 1-3
0151 Oslo

23 08 12 00https://kirken.no

Følg saker fra Den norske kirke

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Den norske kirke på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Den norske kirke