Personar frå Vestfold og Telemark meldte ifrå om 79 millionar i skjulte verdiar

Gjennom ordninga med frivillig retting kan du i ettertid melde frå om formue og inntekt som du ikkje har oppgjeve til Skatteetaten. Dei som får godkjent frivillig retting må betale skatten dei skuldar pluss renter, men slepp straff i form av tilleggsskatt og mogleg politimelding.
I løpet av 2020 vart det ferdigbehandla 304 saker som resulterte i ei auke av skattbare inntekter på 164 millionar kroner og formuar på 4,1 milliardar kroner. I 2020 kom det inn 212 nye saker. I Vestfold og Telemark resulterte 31 ferdigbehandla saker i ei auke i skattbare inntekter på 1,6 millionar kroner og formuar på 33 millionar kroner.
– Størstedelen av sakene handlar om økonomiske forhold i utlandet. At vi får meir informasjon frå andre land gjer det vanskelegare å skjule verdiar i utlandet, seier divisjonsdirektør i Skatteetaten, Marta Johanne Gjengedal.
For å få godkjent frivillig retting må du gje opplysingar til Skatteetaten på eige initiativ med ei fullstendig oversikt over alle verdiar du eig. Du kankkje melde frå etter at kontrolltiltak er sett i verk eller varsla om.
Skal førast i skattemeldinga
Over tid har det vore ei endring i kven som ber om frivillig retting. Tidlegare har mange gjort det på grunn av risikoen for å bli oppdaga, at ein har eit ønskje om å ta verdiane tilbake til Noreg, eller fordi ein ønskjer å gjere opp for seg slik at arvingane skal sleppe å ta seg av problemet.
– No ser vi at det varierer meir kven som ber om frivillig retting. Det kan vere kven som helst, men vi ser at det i større grad handlar om at mange ikkje kjenner til regelverket og melder frå når dei oppdagar at verdiane ikkje berre er skattepliktige i det landet ein har eigedom eller konto, seier Gjengedal.
Alle inntekter og formuar, som til dømes bankinnskot, eigedom og aksjeutbyte i andre land, skal opplysast om i skattemeldinga kvart år. Det betyr ikkje at du risikerer å bli skattlagd dobbelt opp.
– Du har plikt til å opplyse om alle inntekter og formuar du har i alle land. Har du blitt skattlagd i utlandet, vil norsk skattelov og skatteavtalar med andre land sørgje for at du ikkje betalar skatten dobbelt opp, seier Gjengedal.
Større sjanse for at inntekter og formuar vert oppdaga
Sidan 2007 har nesten 4000 personar kontakta Skatteetaten for å ordne opp i skjulte økonomiske forhold. Totalsummen på innmelde summar i samband med frivillig retting er no på over 80 milliardar kroner i formue og cirka tre milliardar i inntekt.
– At vi i 2017 innførde automatisk utveksling av opplysingar mellom skattemyndigheiter i fleire ulike land, og stor mediemerksemd rundt lekkasjar som Panama Papers, førte nok til at ekstra mange rapporterte inn saker i 2017 og 2018, seier Gjengedal.
Les meir om frivillig retting på Skatteetaten sine nettsider
År |
Tal på nye saker |
Tal på ferdig-behandla saker |
Sum fastsett formue (akkumulert på endringar inntil 10 år)* |
Sum fastsett inntekt (akkumulert på endringar inntil 10 år)* |
2020 |
212 |
304
|
4,1 milliardar
|
164 millionar
|
2019 |
394 |
309 |
2,4 milliardar
|
71 millionar
|
2018 |
591 |
875 |
6,1 milliardar |
268 millionar
|
2017 |
924 |
677 |
8,7 milliardar |
279 millionar |
2016 |
515 |
428 |
13,7 milliardar |
362 millionar |
2015 |
384 |
254 |
7,8 milliardar |
189 millionar |
2014 |
295 |
226 |
6,5 milliardar |
281 millionar |
2013 |
229 |
203 |
7,9 milliardar |
273 millionar |
2012 |
115 |
125 |
7,2 milliardar |
478 millionar |
2011 |
131 |
306 |
9,6 milliardar |
544 millionar |
2007 -2010 |
236 |
11,6 milliardar |
288 millionar |
* Dette er akkumulerte tal for opptil 10 år. Dersom du har hatt 1 million kroner på konto i mange år, vert det rekna skatt av formuen i opptil 10 år tilbake, så vedtaket kan bli at det vert rekna skatt av ein formue på 10 millionar kroner. Det vert rekna renter på skatten som skulle ha vore betalt, men du får ikkje tilleggsskatt.
Fylkesfordeling 2020:
Fylke |
Tal på ferdigbehandla saker |
Sum fastsatt formue (akkumulert på endringar inntil 10 år)* |
Sum fastsatt inntekt (akkumulert på endringar inntil 10 år)* |
Agder |
15 |
73 millionar |
4,9 millionar |
Innlandet |
10 |
24,5 millionar |
690.000 |
Møre og Romsdal |
12 |
59,9 millionar |
435.000 |
Nordland |
13 |
5 millionar |
41.000 |
Oslo |
84 |
346 millionar |
24,4 millionar |
Rogaland |
24 |
76,7 millionar |
4,7 millionar |
Troms og Finnmark |
Under 10 saker |
|
|
Trøndelag |
21 |
53,8 millionar |
766.000 |
Vestfold og Telemark |
31 |
32,9 millionar |
1,6 millionar |
Vestland |
18 |
70,9 millionar |
8 millionar |
Viken |
73 |
3,4 milliardar |
119 millionar |
Kontakter
Merete Bergeland JebsenPressesjef
Tel:945 01 000presse@skatteetaten.noBilder

Om Skatteetaten
I Skatteetaten jobber vel 7000 ansatte mot samme mål; å sikre finansieringen av velferdssamfunnet. Skatteetaten er underlagt Finansdepartementet, og har ansvaret for et oppdatert folkeregister og at skatter og avgifter blir fastsatt og innbetalt på riktig måte.
Følg pressemeldinger fra Skatteetaten
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Skatteetaten på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Skatteetaten
Skatteetaten: Kontroller førte til milliard-innbetaling11.8.2025 11:35:24 CEST | Pressemelding
Skatteetaten har kontrollert 150 utenlandske nettbaserte selskaper som ikke betalte inn merverdiavgift. Det har ført til etterberegninger, tilleggsskatt og merverdiavgift på til sammen 4,9 milliarder kroner.
Arendalsuka: SnapSkatt og TikTax – Skatteetaten setter søkelyset på digitaløkonomien8.8.2025 07:00:00 CEST | Pressemelding
Skatteetaten inviterer til et spennende arrangement om digitaløkonomien under Arendalsuka 2025. I tillegg deltar vi på rundt 20 arrangementer. Her finner du alle.
August er «flyttemåneden» – nå advarer Skatteetaten mot useriøse aktører6.8.2025 07:47:53 CEST | Pressemelding
Tall fra Folkeregisteret viser at august er den måneden flest melder flytting i Norge. – Ikke bli lurt av nettsider som utgir seg for å være Skatteetaten eller Folkeregisteret når du skal melde flytting, sier Roar Sellevoll, avdelingsdirektør for Folkeregisteret.
Kan få uventet restskatt etter fondssalg22.7.2025 10:43:41 CEST | Pressemelding
Har du solgt aksjefondene dine fordi du var usikker på hvordan markedene skulle utvikle seg? Dette må du gjøre for å unngå restskatt neste år.
Kraftig vekst i innrapporterte leieinntekter17.7.2025 10:09:00 CEST | Pressemelding
Tall fra Skatteetaten viser at formidlere av utleie av eiendom rapporterte inn leieinntekter på 13,3 milliarder kroner i 2024. Det er en økning på 20 prosent fra året før.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom