Lotteri- og stiftelsestilsynet

Pengespelreklame via SMS og e-postar er det farlegaste

Del
Reklame for pengespel er farlegast for dei som har eit speleproblem, eller som står i fare for å få det.
– Med denne rapporten har vi fått ny og god innsikt i marknadsføring av pengespel, seier rådgjevar i Lotteritilsynet, Lars Petter Degnepoll.
– Med denne rapporten har vi fått ny og god innsikt i marknadsføring av pengespel, seier rådgjevar i Lotteritilsynet, Lars Petter Degnepoll.

Personar som allereie har eit problem med pengespel, eller som er i risikosona, både ser og opplever reklame oftare enn befolkninga elles. Reklamen får dei også til å spele meir og det er direktereklame gjennom SMS og e-postar som oppfordrar sterkast til spel.

Det viser ein ny rapport som Rambøll Management Consulting har utarbeidd på oppdrag frå Lotteritilsynet. TV-reklame er det dei aller fleste legger merke til, og rapporten seier at TV er viktig for rekruttering av nye spelarar. Det er der det startar.

Innhaldet i reklamen påverkar ulikt. Marknadsføring av bonusar, gratisspinn, velkomsttilbod og andre finansielle verkemiddel får risikospelarar eller problemspelarar til å spele meir. Desse verkemidla blir brukt av utanlandske pengespelselskap. Dei brukar også ei heil rekke av andre verkemiddel som t.d. innskotsrabatt, gåver og gratisspel, og marknadsfører i stor grad hurtige nettspel med høg risiko for å utvikle speleproblem.

Marknadsføring av jackpotar og høge gevinstar får spelarar både med og utan risiko for problemspel til å spele meir. Desse verkemidla blir stort sett brukt av Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, og gjeld talspel som Lotto, Vikinglotto og V75 med låg risiko for å utvikle speleproblem.

Rapporten viser også at befolkninga generelt mislikar reklame for pengespel. 76 prosent av dei spurte seier dei er svært negative eller ganske negative til slik marknadsføring.

Rapporten er eit tiltak i regjeringa sin handlingsplan mot speleproblem. Dette er første gong at det er gjort ei systematisk gransking av marknadsføring av pengespel i Norge. Også på europeisk nivå er rapporten nybrottsarbeid.

– Med denne rapporten har vi fått ny og god innsikt i marknadsføring av pengespel. Dette vil vi bruke i det vidare arbeidet med å sikre eit mest mogleg trygt og ansvarleg pengespeltilbod i Norge. Vår oppgåve er å jobbe langsiktig, systematisk og målretta med å forebygge speleproblem i den norske befolkninga. Det seier rådgjevar i Lotteritilsynet, Lars Petter Degnepoll.

For fleire kommentarar eller spørsmål, kontakt:
Lars Petter Degnepoll
tlf.nr.: 959 94 609
e-post:
lpd@lotteritilsynet.no

Bilder

– Med denne rapporten har vi fått ny og god innsikt i marknadsføring av pengespel, seier rådgjevar i Lotteritilsynet, Lars Petter Degnepoll.
– Med denne rapporten har vi fått ny og god innsikt i marknadsføring av pengespel, seier rådgjevar i Lotteritilsynet, Lars Petter Degnepoll.
Last ned bilde

Dokumenter

Om Lotteri- og stiftelsestilsynet

Lotteri- og stiftelsestilsynet
Lotteri- og stiftelsestilsynet
Storehagen 1B
6800 FØRDE

57 82 80 00https://lottstift.no/nb/

Lotteri- og stiftelsestilsynet er et statlig organ som omfatter to fagtilsyn – Stiftelsestilsynet med tilsynsansvar for 6800 norske stiftelser, og Lotteritilsynet som forvalter det norske lotteri og pengespillmarkedet.
Lotteritilsynet har ansvar for kontroll av spillene til Norsk Tipping og Norsk Rikstoto, ansvar for arbeid med markedskontroll og spilleatferd, og ansvaret for kampfiksingsenheten. Lotteritilsynet har også ansvar for lotteritillatelser og regnskapskontroll,  ordningen med momskompensasjon til det frivillige Norge, og fører tilsyn med grasrotandelen hos Norsk Tipping. Tilsynet ligger i Førde, og har i dag ca.70 ansatte  For mer informasjon om organisasjonen og oppgavene våre, se www.lottstift.no.

Følg pressemeldinger fra Lotteri- og stiftelsestilsynet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Lotteri- og stiftelsestilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Lotteri- og stiftelsestilsynet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye