Fiskebåt

Pandemi og krig i Europa – men norsk fryst fisk er etterspurt

Del
Trass turbulente tider internasjonalt er norsk fryst fisk meir etterspurt enn på lenge. Onsdag neste veke samlast kvitfiskbransjen seg i Ålesund for å diskutere utfordringane som denne viktige eksportnæringa står oppe i.
Linebåten Atlantic på fiske i Barentshavet. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.
Linebåten Atlantic på fiske i Barentshavet. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

Det er sjuande året at dei tre arrangørane Norges sjømatråd, Nordea og Fiskebåt samlar store delar av norsk fiskerinæring til konferanse i Ålesund.

- Etter to år med pandemi og no krig i Ukraina er det turbulente tider for norsk fiskerinæring. Så langt ser det likevel ut til at norsk fryst fisk kjem svært godt ut, delvis på grunn av usikkerheit rundt tilførsel av russisk fisk, og auka etterspurnad i restaurantmarknaden, seier Finn-Arne Egeness, som er sjømatanalytikar i Nordea.

Spennande program – her finn du oversikta.

Arrangørane har også denne gongen lagt opp til eit spennande og variert program, med tre hovudbolkar – rammevilkår, teknologi og marknad.

- Den havgåande flåten har vore ein viktig bidragsytar til til den enorme veksten vi har sett i norsk sjømatnæring dei siste 15-20 åra. Det gjer at vi treffer godt publikum også utafor fiskerisektoren. Denne konferansen har blitt den viktigaste arenaen for mange i næringa der ein både får faglege innspel, men også møter andre som jobbar med dei same problemstillingane, seier konferanseansvarleg i Norges sjømatråd, Tove Sleipnes.

Sjømatnæringa er ei global næring og det meste av fisken som blir fiska av norske fiskebåtar blir eksportert til resten av verda.

- Vi skal innom rammevilkåra for flåteleddet, vi skal få høyre om det siste innan teknologi og vi skal få ei rykande fersk oppdatering frå dei mest sentrale marknadene, seier informasjonsleiar i Fiskebåt, Odd Kristian Dahle.

Konferansen er onsdag 8. juni på Scandic Parken, Ålesund. Media er velkomen til å følge konferansen.

----------------------------------------------------

Kontakt for meir informasjon;

Tove Sleipnes, Norges sjømatråd.           Finn-Arne Egeness, Nordea
Tlf. +47 415 07 633                                        Tlf. +47 906 58 840
e-post: ts@seafood.no                                   e-post: finn-arne.egeness@nordea.no

Odd Kristian Dahle, Fiskebåt
Tlf. +47 906 15 658
e-post: odd-kristian@fiskebat.no

Kontakter

Bilder

Linebåten Atlantic på fiske i Barentshavet. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.
Linebåten Atlantic på fiske i Barentshavet. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.
Last ned bilde

Om Fiskebåt

Fiskebåt
Fiskebåt
Røysegata 15
6003 Ålesund

70 10 14 60http://www.fiskebat.no

Fiskebåt - havfiskeflåtens organisasjon, jobber for en miljøvennlig og lønnsom fiskeflåte, som leverer sunn mat fra bærekraftige bestander i verdens reneste havområder. 

Følg pressemeldinger fra Fiskebåt

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Fiskebåt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Fiskebåt

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye