Overvakingssamfunn på Universitetsmuseet
18.11.2021 11:04:38 CET | Universitetet i Bergen (UiB) | Presseinvitasjon

Måndag 22. november vert kjellaren på Universitetsmuseet forvandla til eit framtidig overvakingssamfunn. Her vil menneske søke tilflukt frå klimaendringane i ein stat styrt av ein velmeinande, men altomfattande, kunstig intelligens. Det er duka for drama og innsikt i korleis overvaking og algoritmar påverkar oss i det daglege.
Laivrollespelet har fått namnet Sivilisasjonens venterom, og bak dette laivrollespelet står forskingsprosjektet Machine Vision in Everyday Life i samarbeid med profesjonelle laivutviklarar og universitetsmuseet. Deltakarane er ei blanding av rollespelveteranar og nybyrjarar, lekfolk og forskarar. Målet er å utforske laivrollespel som formidlingsplattform, og er støtta Noregs Forskingsråd.
– Gjennom laivrollespel kan ein få ei tettare erfaring med fenomen som elles er meir abstrakte, seier Kristian A. Bjørkelo som har levert ei doktorgradsavhandling om spelkultur og er tilknytt laivrollespelet som forskar.
Machine Vision in Everyday Life
Prosjektet spring utifrå det EU-støtta prosjektet Machine Vision in Everyday Life, leia av professor Jill Walker Rettberg ved digital kultur. Dette omfattande forskingsprosjektet ser på korleis tilstadeveringa av algoritmar, andletsattkjenning, kunstig intelligens og meir påverkar oss menneske og vår kvardag.
– Maskinsynprosjektet er eit svar på den raske teknologiske utviklinga vi ser i dag, der vi menneske formar algoritmane med handlingane våre, samtidig som vi lar oss forme av å bli observert og leia av dei same algoritmane, seier Rettberg.
Laivrollespel
Laivrollespel er ein form for rollespel der ein tar i bruk kulissar og kostymer for å spele ut ei improvisert forteljing. Dette er ein populær aktivitet som folk ofte reiser over landegrenser for å delta i. Sivilisasjonens venterom er ikkje eit unntak, og det kjem folk frå heile Noreg og utlandet for å delta på spelet.
I forkant av spelet vert det samla til workshop der alle kan gjere seg kjend med rollene sine relasjonar til kvarandre, og dagen etter laiven er det ein debrief for å dele erfaringane med kvarandre og med forskarane.
For meir informasjon:
Kontakter
Pressen er velkomen til arrangementet. For meir informasjon, kontakt:
Kristian A. Bjørkelo
Epost: Kristian.bjorkelo@uib.no
Telefon: 99 60 98 54
Universitetet i Bergen
Bilder

Om Universitetet i Bergen (UiB)
Følg pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Bergen (UiB) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)
Ekspertliste fra UiB: mellomvalget i USA2.11.2026 10:01:49 CET | Pressemelding
Vi har samlet eksperter som kan svare på spørsmål om amerikansk politikk og kultur i forbindelse med mellomvalget i USA 3. november.
Hva skjer når forskningen ikke speiler halvparten av befolkningen?2.11.2026 08:43:38 CET | Pressemelding
Ledende forskere samles i Bergen for å diskutere hvordan ny forskning kan gi bedre diagnostikk, behandling og helse for kvinner.
Nytt kvartal skal styrke humaniorafagene på Universitetet i Bergen27.10.2026 15:37:28 CET | Pressemelding
Det nye kvartalet på Sydneshaugen skal bli et samlet og moderne campusmiljø for utdanning og forskning på Det humanistiske fakultet (HF).
Mer mettet fett ga uventet utslag i blodet27.10.2026 09:14:41 CET | Pressemelding
Hva skjer egentlig i kroppen, og med risikoen for hjerte-karsykdom, når vi spiser et kosthold med lite karbohydrater og mye mettet fett? Temaet har lenge skapt debatt, og nå har forskere ved Universitetet i Bergen (UiB) kanskje gode nyheter.
Eksperter fra UiB: Søvn, lysbehandling og døgnrytme21.10.2026 15:08:13 CEST | Pressemelding
Denne uken stilles klokken tilbake og kveldene blir mørkere. Hvordan påvirker lyset søvnen og døgnrytmen vår?
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
