Kulturminnefondet

Over 11 millionar til kulturminne

Del
I mars månad har 84 private eigarar av verneverdige kulturminne fått 11,3 millionar kronar i stønad frå Kulturminnefondet.
Ein bolig i Skansveien ved Røros sentrum er eitt av prosjektena som fikk stønad i mars. Foto: Sigrid Martine Jansen/frå søknad
Ein bolig i Skansveien ved Røros sentrum er eitt av prosjektena som fikk stønad i mars. Foto: Sigrid Martine Jansen/frå søknad

Frå 1. januar til mars har Kulturminnefondet behandla 600 søknadar med samla søknadsbeløp på 165 millionar kroner. Fordelinga på landsbasis viser at dei fleste av landets kommunar er representert, med 204 kommunar så langt i år.

– Prosjekt som er støtta av Kulturminnefondet skapar store ringverknader lokalt. Erfaringar viser at det i stor grad vert nytta lokale handverkarar og materialar. Ei krone frå Kulturminnefondet fører til tre og ei halv krone i samla innsats for å bevara kulturminnet. Ikkje berre for å at det skal bergast, men også for at det skal brukast og fylle viktige funksjonar også inn i framtida, seier direktør Simen Bjørgen i Kulturminnefondet.

Kulturminnefondet behandlar søknadar fortløpande. Private eigarar kan dermed når som helst søkja Kulturminnefondet om stønad til istandsetting av sitt verneverdige kulturminne, det seg væra hus og bustad, fartøy, kulturlandskap og hageanlegg.

Hittil i 2020 har Kulturminnefondet gjeve tilsegn om 37.170.000 kroner til heile 225 kulturminneprosjekt over heile landet. Prosjekta strekk seg frå det store, som ein million kroner til eit gamalt butikklokale med kontor og leilegheiter i Jens Zetlitz’ gate i Stavanger, til 15.000 kroner til ei tradisjonshandverkssamling hjå Stiftinga Vest-Telemark museum.

Sjå vedlagde liste for komplett oversikt over alle fylke for januar-mars 2020.

Fylkesoversikt for mars:

Fylke

 Tilsagnsbeløp

Troms og Finnmark

                   708 000

Nordland

                   226 000

Trøndelag

                   946 000

Møre og Romsdal

                   271 000

Vestland

               1 011 000

Rogaland

                   335 000

Agder

               3 031 000

Vestfold og Telemark

                   254 000

Innlandet

               2 205 000

Viken

               1 402 000

Oslo

                   909 000

            11 298 000

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Ein bolig i Skansveien ved Røros sentrum er eitt av prosjektena som fikk stønad i mars. Foto: Sigrid Martine Jansen/frå søknad
Ein bolig i Skansveien ved Røros sentrum er eitt av prosjektena som fikk stønad i mars. Foto: Sigrid Martine Jansen/frå søknad
Last ned bilde
Benedicte Emilie Soma fekk tilsegn om ein million kroner til Jens Zetlitz' gate 20 (bak) i Stavanger, kor det tidlegare var fargehandel. Foto: Monica Hägglund Langen/Kulturminnefondet
Benedicte Emilie Soma fekk tilsegn om ein million kroner til Jens Zetlitz' gate 20 (bak) i Stavanger, kor det tidlegare var fargehandel. Foto: Monica Hägglund Langen/Kulturminnefondet
Last ned bilde

Dokumenter

Om Kulturminnefondet

Kulturminnefondet
Kulturminnefondet
Bergmannsgata 17
7374 Røros

73 10 36 00http://www.kulturminnefondet.no

Kulturminnefondet er et lavterskeltilbud og en rendyrket tilskuddsordning for private eiere av verneverdige kulturminner. Vi skal bidra til at et mangfold av kulturminner og kulturmiljøer bevares, så de kan benyttes som grunnlag for framtidig opplevelse, utvikling og verdiskaping.

For å få støtte må eier søke oss. Midlene blir fordelt gjennom vedtak gjort av Kulturminnefondets styre.

Les mer på våre nettsider.

 

Følg pressemeldinger fra Kulturminnefondet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kulturminnefondet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Kulturminnefondet

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye