Samferdselsdepartementet

Oppdatert versjon: Trafikkstasjonar: Regjeringa ønsker fleire forslag om avbøtande tiltak

Del

- Statens vegvesen leverer og skal fortsatt levere tenester til folk der dei er. I samband med at færre brukar trafikkstasjonane fordi det no finst gode digitale løysingar har Statens vegvesen foreslått å redusere talet på trafikkstasjonar. For å kunne oppretthalde eit godt tilbod i heile landet treng vi fleire konkrete forslag for korleis innbyggarane skal få eit best mogleg tilbod, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

I samband med forslaget frå Statens vegvesen om redusere talet på trafikkstasjonar fordi færre folk brukar dei, ønsker regjeringa forslag for korleis innbyggarane skal få eit best mogleg tilbod. Foto: Jonas Haarr Friestad/Stavanger Aftenblad
I samband med forslaget frå Statens vegvesen om redusere talet på trafikkstasjonar fordi færre folk brukar dei, ønsker regjeringa forslag for korleis innbyggarane skal få eit best mogleg tilbod. Foto: Jonas Haarr Friestad/Stavanger Aftenblad

Samferdselsdepartementet har bedt Statens vegvesen gjere ytterlegare vurderingar om avbøtande tiltak i områder der det blir lang reiseveg, før regjeringa tek ei avgjerd.

Statens vegvesen skal no mellom anna vurdere:

  • Auka bruk av ambulerande tilbod for praktisk førarprøve ved lang reiseveg
  • Samordning med andre offentlege styresmakter for avvikling av teoriprøve
  • Samhandling med dagens opplæringssteder for tungbil i vidaregåande skule
  • Alternative løysingar for å oppfylle kravet om avsperra område for praktisk førarprøve for MC

- Tilbakemeldinga på desse vurderingane vil legge grunnlaget for vår avgjerd om korleis vi skal strukturere trafikant- og køyretøyområde i framtida. Vi skal ha kontrollverksemd av køyretøy langs norske vegar. Vi skal ha gode høve for oppkøyring til ulike førarkort. Vi skal sørge for at folk på ein enkel måte får fornya førarkort og andre ting. Da må vi ha eit mest mogleg effektivt og brukarvennleg Statens vegvesen og det jobbar både dei og vi for. Målet er meir veg og infrastruktur for pengane, seier samferdselsministeren.

Grundige vurderingar

I bestillinga til Statens vegvesen er dei òg bedt om å vurdere kostnadane ved slike tiltak opp mot nytten.

Statens vegvesen leverte 20. mai eit forslag til tenestemodell og –struktur på trafikant- og køyretøyområde kor dei foreslår ein reduksjon av trafikkstasjonar frå 74 til 52.

- Det er viktig å gjere grundige vurderingar av konsekvensar for innbyggarane før det blir teke ei avgjerd i saka. Vi ønsker no derfor at Statens vegvesen gjer ytterlegare vurderingar og forslag til avbøtande tiltak som grunnlag for ei slik avgjerd, seier samferdselsministeren

Tilleggsbestillinga skal leverast til Samferdselsdepartementet innan 1. november 2019.

Les bestillinga frå Samferdselsdepartementet (pdf).

Les forslaget frå Statens vegvesen til ny tenestemodell og -struktur på trafikant- og køyretøyområdet.

Bilder

I samband med forslaget frå Statens vegvesen om redusere talet på trafikkstasjonar fordi færre folk brukar dei, ønsker regjeringa forslag for korleis innbyggarane skal få eit best mogleg tilbod. Foto: Jonas Haarr Friestad/Stavanger Aftenblad
I samband med forslaget frå Statens vegvesen om redusere talet på trafikkstasjonar fordi færre folk brukar dei, ønsker regjeringa forslag for korleis innbyggarane skal få eit best mogleg tilbod. Foto: Jonas Haarr Friestad/Stavanger Aftenblad
Last ned bilde

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg saker fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Samferdselsdepartementet

Foreslår 1,2 milliardar kroner til fylkeskommunane for å administrere fylkesvegane8.11.2019 11:45:00 CETPressemelding

- Vi legg no til rette for at fylkeskommunane skal lukkast når dei tek over administreringa av fylkesvegane frå Statens vegvesen 1. januar 2020. Regjeringa sitt forslag sikrar at fylka får pengar tilsvarande det Statens vegvesen har brukt på å utføra oppgåvene, rekna til om lag 1,2 milliardar kroner. I tillegg kan fylkeskommunane få utstyr frå Statens vegvesen, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Presseinvitasjon: Samferdselsministeren møter næringslivet og interesseorganisasjoner for å få innspill til neste NTP4.11.2019 16:37:43 CETPressemelding

Arbeidet med neste NTP er i gang. Gjennom flere runder har transportetatene og fylkene besvart oppdrag og gitt innspill til hvilke utfordringer ny NTP må løse. Tirsdag 5. november vil samferdselsminister Jon Georg Dale møte næringslivet og interesseorganisasjoner for å høre hvordan de mener NTP kan bidra til å øke konkurransekraften og nå andre mål i samferdselspolitikken.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom