Opnar for Bybanen over Bryggen
1.12.2022 12:05:40 CET | Riksantikvaren | Pressemelding

Mellomalderbyen Bergen, med arkeologiske kulturlag, ruinar og kyrkjer frå mellomalderen, kulturlag frå Bergens etterreformatoriske historie, og verdsarvstaden Bryggen er kulturmiljø med stor nasjonal og internasjonal verdi.
- Riksantikvaren opnar for Bybanen over Bryggen, forutsett at attverande usikkerheit blir redusert og at dei negative verknadene ikkje er i konflikt med Mellomalderbyen Bergen og verdsarvverdiane, seier riksantikvaren Hanna Geiran.
Usikkerheita er omtala i NIKU sin rapport, KUVA-rapporten og rapporten frå den rådgjevande synfaringa til UNESCO. Her kjem det fram at det er behov for ytterlegare utgreiingar og tiltak. Både KUVA-rapporten og rapporten frå den rådgjevande synfaringa trekk fram at Bybanen kan forbetre dagens situasjon framfor Bryggen, men at det er for tidleg å konkludere. Det er Riksantikvaren samd i.
- Riksantikvaren er einig i anbefalingane i rapporten frå NIKU, frå UNESCOs rådgjevande synfaring og KUVA-rapporten. Dei konkluderer med at det er behov for ytterlegare utgreiingar og tiltak for å redusere attverande risiko, usikkerheit og negative verknader, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Viktig klimatiltak
Bybanen er viktig for Bergen, og er det største klimatiltaket Bergen kommune gjennomfører for å styre mot eit lågutslepp-samfunn. Bygningane på Bryggen og Hanseatisk museum er eit minne om ein av dei største handelsbyane og -hamnene i Nord-Europa. Riksantikvaren meiner kommunen har arbeidd godt, og det er lagt ned mykje arbeid i å greie ut konsekvensar for kulturmiljøverdiane. Kommunen sine utgreiingar og rapportane som ligg føre syner likevel at det framleis er knytt usikkerheit til Bybanen sin verknad på kulturmiljøverdiane.
Ikkje utan risiko
Ein vil aldri klare å bli kvitt all usikkerheita kring ei utbygging av Bybanen gjennom Mellomalderbyen og over Bryggen, men det er framleis nødvendig å betre planen slik at ei gjennomføring er så risikofri som mogleg. Noreg må svare ut krava i UNESCO sin rapport, og til slutt er det opp til verdsarvkomiteen å vurdere om krava er oppfylt og om verdsarven er truga.
Riksantikvaren ber difor Vestland fylkeskommune reise motsegn mot forslag til reguleringsplan for Bybanen og hovudsykkelrute frå sentrum til Åsane med forlenging av Fløyfjellstunnelen for å få på plass ytterlegare utgreiingar og tiltak.
Les brevet frå Riksantikvaren til Vestland fylkeskommune her.
Nøkkelord
Kontakter
PressevaktRiksantikvarenIkke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Bilder

Lenker
Om Riksantikvaren
Riksantikvaren er et direktorat underlagt Klima- og miljødepartementet, og vi er departementets rådgiver i alle saker som gjelder kulturminner og kulturmiljø. Riksantikvaren er den overordnete kulturminnemyndigheten og ansvarlig for å sette i verk den nasjonale kulturminnepolitikken. Vi har et faglig ansvar overfor kommunene, fylkeskommunene, Sametinget, Sysselmannen på Svalbard og forvaltningsmuseene på kulturminnefeltet.
Følg pressemeldinger fra Riksantikvaren
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Riksantikvaren på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Riksantikvaren
Bare 60 år gammel, men nå blant Norges viktigste kirker17.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Nå setter Riksantikvaren Steinkjer kirke på lista over kulturhistorisk viktige kirker i Norge. For første gang på 26 år kommer det en ny kirke inn på lista.
Berre 60 år gammal, men no blant Noregs viktigaste kyrkjer17.8.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
No sett Riksantikvaren Steinkjer kyrkje på lista over kulturhistorisk viktige kyrkjer i Noreg. For første gang på 26 år kjem det ei ny kyrkje inn på lista.
Åpner vikingskipsgrav på Karmøy5.8.2026 11:30:33 CEST | Pressemelding
Grønhaug - som knyttes til Harald Hårfagres tid - skal undersøkes 124 år etter forrige utgraving.
Opnar vikingskipsgrav på Karmøy5.8.2026 11:30:33 CEST | Pressemelding
Grønhaug, som er knytt til tida til Harald Hårfagre, skal undersøkjast 124 år etter førre utgraving.
3,5 millioner til kulturmiljø over hele landet22.6.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Riksantikvaren ser rekordstor interesse for å søke om midler til kulturmiljø i næring, industri, bygd og by.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
