Fiskebåt

Ombordfryst 2020: - Framleis lyse utsikter for norsk torsk

Del
Torskeprisen har meir enn dobla seg på fem år og utsiktene for 2020 ser også lovande ut for fiskeflåten. No satsast det friskt vidare på utvikling av både teknologi og kunnskap. Torsdag samlast rundt 250 personar i Ålesund for å dele erfaringar og kunnskapar med kvarandre.

Det er femte året at Ombordfryst-konferansen blir arrangert i Ålesund. Konferansen er retta mot den delen av havfiskeflåten som frys fisken om bord i fartøya på havet (difor ombordfryst), deira kundar og leverandørar.

- Vi ser at denne konferansen har blitt den viktigaste arenaen for mange i næringa der ein både får faglege innspel, men også møter andre som jobbar med dei same problemstillingane, seier Ørjan Olsen, som er prosjektleiar for nye marknader, i Norges sjømatråd.

Sjømatnæringa er ei global næring og det meste av fisken som blir fiska av norske fiskebåtar blir eksportert til resten av verda.

- I fleire år no har det meste gått i rett retning. Lav rente, gunstig kronekurs og ikkje minst gode prisar på dei kvalitetsprodukta som den norske fiskeflåten leverer. Sidan 2014 har torskeprisen meir enn dobla seg i Sunnmøre og Romsdal Fiskeslagslag, og det ser ut til betalingsviljen vil halde seg på eit høgt nivå, seier Finn-Arne Egeness, som er bransjeanlytikar for sjømat i Nordea.

Ombordfryst-konferansen er eit samarbeid mellom Norges sjømatråd, Fiskebåt og Nordea. I år er det rundt 250 påmeldte til konferansen som er arrangert kvart år sidan 2016.

Her finn du lenke til programmet.

Konferansen er torsdag 9. januar på Scandic Parken, Ålesund. Media er velkomen til å følge konferansen.

----------------------------------------------------

Kontakt for meir informasjon;

Ørjan Kjærvik Olsen, Norges sjømatråd
Tlf. +47 918 81 137
e-post: oo@seafood.no

Finn-Arne Egeness, Nordea
Tlf: +47 906 58 840
e-post: finn-arne.egeness@nordea.no 

Odd Kristian Dahle, Fiskebåt
Tlf. +47 906 15 658
e-post: 
odd-kristian@fiskebat.no

Bilder

Om Fiskebåt

Fiskebåt
Fiskebåt
Røysegata 15
6003 Ålesund

70 10 14 60http://www.fiskebat.no

Fiskebåt - havfiskeflåtens organisasjon, jobber for en miljøvennlig og lønnsom fiskeflåte, som leverer sunn mat fra bærekraftige bestander i verdens reneste havområder. 

Følg pressemeldinger fra Fiskebåt

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Fiskebåt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Fiskebåt

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye