Sounds Like GoldSounds Like Gold

OJKOS er ute med sitt debutalbum!

Del
OJKOS («Orkesteret for jazzkomponistar i Oslo»): ein stor familie av freelance-musikarar. Foto: Signe Fuglesteg Luksengard
OJKOS («Orkesteret for jazzkomponistar i Oslo»): ein stor familie av freelance-musikarar. Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

Terningen er kasta! 

Det ambisiøse storbandet OJKOS («Orkesteret for jazzkomponistar i Oslo») er ute med sitt første album «alea iacta est» («Terningen er kasta») 29.mai. Komponist Andreas Rotevatn er utdanna på Grieg-akademiet og har med anna spelt med Razika i 5 år. Nordfjordingen var ein sentral person i grunnlegginga av OJKOS i 2018, dei starta øvinger på høsten og allerede i oktober hadde dei sin første konsert på Victoria Nasjonal Jazzscene. Dette har seinare utvikla seg til ein konsertserie som har gått ein gong i månaden på Victoria- kvar gong med nye komposisjonar av dei ulike medlemmane.
«Strålende enkeltprestasjoner og kollektiv tenkning, med fremragende yngre musikere»- Audun Vinger, Jazznytt

Høyr albumet her: https://orcd.co/ojkos

Ein stor familie for freelance-musikarar

Då Julius Cæsar kryssa elva Rubicon saman med hæren sin i 49 f.v.t, skal han ha sagt “alea iacta est” – “terningen er kasta”. Det å krysse denne elva med ein hær var ulovleg, og det å gjere det vart sett på som ei krigserklæring. I ettertid har dette uttrykket blitt synonymt med å nå eit vegskilje kor ein må ta eit viktig val, eller å gjere noko som ikkje kan endrast.Ved sida av den vel flegmatiske forklaringa på namnet, er OJKOS (eller οἶκος) òg gamalgresk for familie eller hushald. Og det å vere ein slags musikalsk familie for freelance-musikarar var òg noko av ønsket bak orkesteret – ei slags trygg havn med gode forutsetningar for å skape ny og moderne musikk.
Ein ting var å etablere OJKOS, men kjensla av å nå eit vendepunkt kom tilbake til Rotevatn då det var hans tur til å komponere ein heil konsert for OJKOS i mars 2019. Tida var komen for å ta kunstneriske val, og å følgje sitt eige musikalske instinkt. 

Rotevatn minnast premiere-dagen:

”Det var absolutt ei kjensle av å vere midt i eit terningkast, då eg stod foran publikum på Victoria og skulle presentere musikken min. Ein prosess som var igangsett, og som ikkje kunne omgjerast. Og sjølv om tankane krinsa rundt kva publikum kom til å syntest, var det likevel ei fin kjensle å stå der, når ein hadde ein trygg musikalsk familie i ryggen.”

Musikarar:

Henriette H. Eilertsen - Fløyte
Rakel E. Paulsen - Fløyte
Marie Rotevatn - Klarinett
Tina L. Olsen - Barytonsax
Richard Köster - Trompet
Jakob E. Myhre - Trompet
Lyder Ø. Røed - Trompet
Johannes F. Solvang - Trombone
Andreas Rotevatn - Trombone
Steffen Granly - Tuba
Kristoffer Håvik - Rhodes/Synth
Arne Martin Nybo - Gitar
Mike McCormick - Gitar
Alexander Hoholm - Elbass
Knut K. Nesheim - Vibraphone / Perkusjon
Henrik Lødøen - Trommer

Kontakter

Frøydis Bergheim Ruud
froydis@grappa.no
+47 924 62 924

Bilder

OJKOS («Orkesteret for jazzkomponistar i Oslo»): ein stor familie av freelance-musikarar. Foto: Signe Fuglesteg Luksengard
OJKOS («Orkesteret for jazzkomponistar i Oslo»): ein stor familie av freelance-musikarar. Foto: Signe Fuglesteg Luksengard
Last ned bilde
Coverdesign av Bjørnar Sira
Coverdesign av Bjørnar Sira
Last ned bilde

Om Sounds Like Gold

Sounds Like Gold
Sounds Like Gold
Dronningens gate 16
0152 Oslo

http://www.soundslikegold.com

Følg pressemeldinger fra Sounds Like Gold

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sounds Like Gold på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Sounds Like Gold

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye