Universal Music Norge

Odd Nordstoga "I går"

Del
- kor ulik den kan vera, kor fin den kan framstå med sine småting, den uvitande gårsdagen.

Nokon dagar hender det ting som ein ikkje hadde forestilt seg.
Noko uventa. Noko dramatisk. Noko som snur opp ned på ting. Det kan vera i livet ditt, eller i samfunnet. Frå ein dag til ein annan, eller i ein augneblink, kan verda bli forandra. 


Når slikt hender er det rart å tenke på at ein har gått rundt så aldeles uvitande, som i ei skodde, og lagt lystige planar og innhald til nett desse dagane, som om ingenting skulle skje! – At ein skal til tannlegen veit ein ein månad på førehand, men at verda blir forandra veit ein fyrst etter det har hendt. Det er rart å tenke på, for ei pussig ordning. 

Eg gjekk på ei myr i Trysil på ski. Hadde høyrt og lese alt eg kom over om invasjonen i Ukraina. Dette i von om at nokon kunne svara på korleis dette kom til å gå. «Slik og slik og så kjem alt til å bli som før» Det var det eg glupsk leita etter i aviser og på radioen. Men det kom ikkje noko godt svar. 

Når eg kom heim laga eg «I går», som for å hugse på det, kor ulik den kan vera, kor fin den kan framstå med sine småting, den uvitande gårsdagen. 

Se video til «I går»: https://youtu.be/2xDmkogpTVU 
Regissert av Sigurd Fossen, Fill In productions

«I går» er siste singel ut fra Odd Nordstogas komande album "Inn i skogen", som er venta 7. oktober. 

Odd Nordstoga og hans eminente band skal ut på haustens store turné – Inn i skogen og ut på tur: https://oddnordstoga.no/#live 


I går

Ser rundt meg på dei ørsmå ting
Det varme vatnet ifrå kjøkenspring
ein omn som lyser for at den er på
Ein buss i gata som er ved å gå

På butikken er det fullt av mat
importerte eple og grøn salat
Eg tenkte ikkje på det der i går
Eg tenkte ikkje på det

I går så var det eigne draumar
og eigne hjartesår,
og snart så var det vår

I går så var det småting som var stort på TVn vår
No trur eg alle vel forstår
at det der, det var i går

På radioen er det ein ting i
For no har det kome ei heilt ny tid
Som kallar fram eit velkjend mareritt
som gjekk igjen på guteromet mitt:

Inn ifrå aust ut av ei grå, tung sky
skar rett imot to svarte jagarfly
eg tenkte ikkje på det der i går
eg tenkte ikkje på det

I går så var det eigne draumar
og eigne hjartesår,
og snart så var det vår

I går så var det småting som var stort på TVn vår
No trur eg alle vel forstår
at det der, det var i går



Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Last ned bilde
Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen
Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen
Last ned bilde

Dokumenter

Lenker

Om Universal Music Norge

Universal Music Norge
Universal Music Norge
Akersgata 34
0180 Oslo

+47 22 54 14 00http://www.universalmusic.no

Universal Music AS er verdens, og Norges, største musikkselskap og representerer blant annet artister som Sabrina Carpenter, The Weeknd, Alessandra, Billie Eilish, Ramón, Olivia Rodrigo, Post Malone, Ariana Grande, Dagny, Marstein, The Beatles, Odd Nordstoga, Taylor Swift, The Rolling Stones m.fl.

Følg pressemeldinger fra Universal Music Norge

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universal Music Norge på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Universal Music Norge

Marcus og Martinus er klare for Hver gang vi møtes – første singel «Nattevandrer» ute nå!3.1.2026 09:00:00 CET | Pressemelding

Marcus & Martinus gir nytt liv til Espen Linds «Night Rider» fra 2008 – en tolkning de har gjort på norsk. Espen Lind, Marit Larsen, Herborg Kråkevik, Synne Vo, Musti, André Jensen (Hagle) og duoen Marcus og Martinus utgjør artistrekken i den 16. sesongen av «Hver gang vi møtes». I vakre, frodige omgivelser på Hadeland har de skapt nye, magiske musikkøyeblikk. Årets første hedersgjest er selveste Espen Lind, og i den anledning slipper Marcus & Martinus «Nattevandrer» – deres norske tolkning av «Night Rider» fra 2008. De har valgt låten fordi de mener den fortjener større anerkjennelse, og fordi tematikken treffer dem personlig: «Vi syntes det var en utrolig fin sang som ikke har fått nok creds. Den handler om at det kan være ensomt å være artist, og det kan vi relatere oss til», sier Marcus & Martinus. Med årets sesong av HGVM markerer de sitt tilbakevendende fokus på norskspråklige låter. Sesongen har premiere lørdag 3. januar. 8. mai 2026 inntar Marcus & Martinus scenen på Unity Aren

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye