Norsk Gjenvinning

Nytt partnarskap skal sikre forsvarleg handtering av mineralske masser

Del
Norsk Gjenvinning, Norges største gjenvinningsselskap, har inngått partnarskap med industrimineralselskapet Gudvangen Stein AS. Løysninga inneber plassering av mineralske masser i gruvehallane i Holmen i Aurland kommune i Sogn.

I dag leverer norske hushaldningar store mengder restavfall som går til forbrenning og energigjenvinning. Under forbrenninga vert det produsert aske, som må leverast til godkjente deponi som kan lagre avfallet forsvarleg utan å påverka eller skade naturen i nærleiken.

Dessverre er det lite deponikapasitet i Noreg, og myndigheitene etterspør fleire trygge løysingar. Etter 60 år med gruvedrift står det no ledig ei rekke fjellhaller i anortosittgruvene. Desse fjellhallane er av fagfolk vurdert til å vere spesielt godt egna til å lagre uorganiske masser, som det per i dag dessverre ikkje finnes andre løysningar for enn deponering. Og då er deponering i fjellhaller vurdert som den tryggaste løysinga. Geologien og steinkvaliteten i dei gamle gruvene gjer at gruvene er spesielt godt egna for permanent lagring av slike masser.

Norsk Gjenvinning m³ AS har over tid bygd ein sterk kompetanse innanfor trygg og miljøforsvarleg deponidrift og ser frem til samarbeidet.

- Kvar gong vi vurder nye deponiområder jobbar vi systematisk med å kartlegge alle moglegheiter for å sikre at alle førehandsreglar er tatt innan vi startar opp mottak, melder Randi Warland Kortegaard dagleg leiar i Norsk Gjenvinning m³ AS. Ho er utdanna geokjemiker frå Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) på Ås og har lang erfaring både som konsulent og frå miljøforvaltninga. Me ønskjer å jobbe aktivt saman med både kommunen og innbyggarane for å ta på alvor dei spørsmåla dei måtte ha, og sikre involvering i reguleringsprosessen.

Warland Kortegaard presiserar at omsynet til miljøet blir vektlagd aller høgast, då selskapet har svært høge ambisjonar knyta til miljøtryggleik. Saman med andre HMS tiltak dannar dette grunnlaget for dei totale miljøtekniske løysingane som vert tatt i fjellhallane. Deponiet skal sikre at dei uorganiske massane ikkje utgjer en fare for miljøet og naturen omkring.

- Me har vurdert dei nasjonale aktørane og etter vår vurdering så har Norsk Gjenvinning den sterkaste miljøfaglege kompetansen i landet. Dei har over tid vist korleis dei finn gode og trygge løysingar ved ulike deponi i Noreg. Det var derfor naturlig for oss å inngå dette partnarskapet. Me er svært opptatt av at dette blir gjort på ein god og ansvarleg måte, som me kan være 100 prosent trygg på , avsluttar Anders Øvsthus, kvalitet og HMS sjef i Gudvangen Stein. 

Kontakter

Randi Warland Kortegaard
Daglig leder Norsk Gjenvinning m3 AS
Epost: rwk@ngm3.no
Telefon: +47 928 68 376

Bilder

Randi Warland Kortegaard
Randi Warland Kortegaard
Last ned bilde

Om Norsk Gjenvinning

Norsk Gjenvinning
Norsk Gjenvinning
PB 567 Skøyen
0214 OSLO

22 12 96 00http://www.norskgjenvinning.no

Norsk Gjenvinning m³ AS er en del av Norsk Gjenvinning-konsernet.Vårt forretningsområde er å utvikle massemottak og bistå med drift i forhold til etterlevelse av tillatelse og gjeldende regelverk. Vi har flere aktive massemottak i østlandsregionen. Våre massemottak og deponier kan ta imot ulik grad av ren eller forurenset masse.Felles for NGs egne deponier/mottak er at vi ikke kun fungerer som et deponi, men at massene brukes aktivt til nyttig formål. Disse formålene er blant annet bygging av ny fylkesvei eller igjenfylling av nedlagte pukkverk slik at området kan brukes på nytt.

Følg pressemeldinger fra Norsk Gjenvinning

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norsk Gjenvinning på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norsk Gjenvinning

Norsk Gjenvinning-konsernet (NG) kjøper Mirec Recycling Solutions AB, den ledende svenske aktøren innen gjenvinning og gjenbruk av elektrisk utstyr, fra TSR Recycling GmbH & Co. KG5.10.2021 15:15:05 CEST | Pressemelding

Mirec Recycling Solutions AB (“Mirec”) er et svensk selskap med en lang historie og ekspertise innen gjenvinning og gjenbruk av elektriske produkter (EE-avfall). Oppkjøpet er i tråd med NG-konsernets strategi for å styrke sin tilstedeværelse i Norden, samt etablere en ledende posisjon i markedssegmentet for EE-avfall.

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye