Nyskapande energiløysing for framtidas reisemål

Rapporten, som er støtta av Enova, er utarbeida av Aurland Hamnevesen og Hafslund Rådgivning, i samarbeid med Miljøstiftelsen Bellona, Norway`s best, Sygnir, Hafslund og Ocean Hyway Cluster og skisserer berekraftige løysningar for framtidas reiseliv.
Bakgrunn for samarbeidet er Stortingsvedtaket frå 2018 som krev nullsutslipp av klimagassar for passasjerskip i verdsarvfjordane frå 1. januar 2026.
Konklusjonen i rapporten er at det årleg kan kuttast 30 000 tonn CO2-utslepp ved å etablere eit heilskapleg energisystem på turistdestinasjonen Flåm, der restkapasiteten frå landstraumanlegg vert utnytta til å elektrifisere transport på tvers av sektorar og teknologi.
– Slike ambisjonar og vilje til handling må støttast og heiast fram. Skal vi ta vare på verdsarvfjordane for kommande generasjonar, må det gjennomførast snarlege tiltak, og no viser Flåm at dei ynskjer nettopp det, seier seniorrådgjevar Sigurd Enge i Bellona.
Han meiner at denne rapporten er ei god oppskrift på eit berekraftig reiseliv for andre reiselivsdestinasjonar.
Konseptet som er utgreidd, bygger på at ein ser heile destinasjonen under eitt.
– Det vil gje større utsleppskutt enn om ein berre ser på skipstrafikken, for ei berekraftig løysing for cruiseskip er berre ein liten del av det heile. Landstraum er nøkkelen. Tenker vi heilskapleg, kan vi utnytte restkapasitet frå landstraumanlegg til å elektrifisere transport på tvers av sektorar og teknologi, og sørge for eit skikkeleg sprang mot det heilelektrifiserte samfunnet, seier hamnesjefen og legg til at dei som står bak utgreiinga dekkjer heile verdikjeda, som gir integritet og garanterer for realisme og kvalitet i løysingane.
Eit utstillingsvindauge
Den store lokale reiselivsaktøren Norway’s best har også delteke i prosjektet.
– Vi har ambisjonar om å inkludere både sjø og land når vi skal utvikle berekraftige løysingar for framtidas reiseliv. Det viktige er kva ein kan få til av samla kutt i utslepp, ikkje om dei kjem på sjø eller land, eller om dei er hårfint innanfor eller utanfor verdsarvgrensa, seier Arve Tokvam, leiar for kommunikasjon og strategi i Norway’s best AS.
– Breidda av teknologiske løysingar som er skissert viser at det arbeidet som er gjort har stor overføringsverdi til andre reisemål, seier prosjektleiar Tale Marie Paulshus i Hafslund Rådgivning.
Sjøfartsdirektoratet har nyleg levert forslag til innretning av regelverk for nullutslepp i verdsarvfjordane frå 2026. I påvente av at teknologien for nullutslepp er moden for større skip, har direktoratet skissert ei overgangsløysing basert på biogass. Ei slik løysing vil bety stopp for cruise til Flåm etter 2026.
– Planane vi no har skissert er avhengig av at vi får på plass auka straumtilførsel til Flåm og etablert eit landstraumanlegg. Men utan cruisetrafikk, ingen landstraum eller investeringsevne, og utan dei to nøkkelfaktorane kan ikkje dette innovative prosjektet realiserast. Landstraum er avgjerande, avsluttar hamnesjef Tor Mikkel Tokvam og legg til at reiselivet i Aurland ynskjer å gå først i det grøne skiftet, og ikkje bli sitjande att på kaia i Flåm mens politikarane i Oslo vedtek symbolske klimakutt.
Tiltakspakken som er føreslege er omfattande:
- Landstraum for større skip
- Destinasjonslading for personbil
- Mobil destinasjonslading for personbil
- Hurtiglading for bussar
- Sambruk hurtiglading for buss og tungtransport
- Ladeløysing sambruk lokalcruise og Bergensbåten
- Ladeløysing eller hydrogenfylling for RIB
- Lading fritidsbåtar
- Sol på eksisterande tak
- Solcelleanlegg som parkeringsskugge
- Grøne tiltak - avbøtande tiltak og bevaring av naturmangfald
Om Flåm som reisemål
Flåm, som ligg i Aurland kommune, har gjennom 25 år etablert seg som eit fyrtårn i norsk reiseliv, med Flåmsbana og UNESCO-området Nærøyfjorden som dei store attraksjonane. Flåm har også status som ein av dei mest populære og velfungerande cruisehamnene i Europa. I dag framstår Flåm som eit heilårleg, heilskapleg reisemål, med eit breitt utval av opplevingar, aktivitetar, overnattings- og serveringstilbod. I 2019 omsette reiselivet i Aurland for meir enn 1 mrd. kroner, som utgjer 70 % av den totale omsetninga i næringslivet i kommunen. Den strategiske satsinga på reiseliv har skapt hundrevis heilårs arbeidsplassar i denne næringa dei siste åra, og har gitt grobotn for knoppskyting av mange nye bedrifter. Det er også gjort kontinuerlege investeringar i auka kvalitet og nye produkt og opplevingar. Ikkje minst er det vist både evne og vilje til å satse og investere i innovative og berekraftige transportløysingar, m.a. nullutslepps sightseeingfartøy på fjorden.
Nøkkelord
Kontakter
Sigurd Enge, Bellona
+47 970 87 533 sigurd@bellona.no
Tor Mikkel Tokvam, Hamnesjef i Aurland
+47 412 02 088, tormikkel@aurlandhavn.no
Tale Marie Paulshus, prosjektleiar, Hafslund Rådgivning AS
+47 482 87 063, tale.paulshus@hafslund.no
Arve Tokvam, Norway’s best AS
+47 907 85 950, arve.tokvam@norwaysbest.com
Bilder

Om Miljøstiftelsen Bellona
Miljøstiftelsen Bellona er en uavhengig, ideell stiftelse som arbeider med å løse verdens klima- og miljøproblemer. Bellonas tilnærming er teknologioptimistisk og basert på systemtenkning, med mål om å utvikle og fremme løsninger for politikere, offentlig forvaltning og næringsliv. Stiftelsen ble grunnlagt i 1986 og har i dag ca. 60 medarbeidere – deriblant ingeniører, statsvitere, økonomer, biologer, jurister og journalister – fordelt på våre kontorer i Oslo, Brussel, Vilnius og Berlin.
Følg pressemeldinger fra Miljøstiftelsen Bellona
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljøstiftelsen Bellona på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Miljøstiftelsen Bellona
BellonaForum: Russisk atomindustri i krigstid8.5.2025 11:11:27 CEST | Presseinvitasjon
Russlands statlige atomenergiselskap Rosatom spiller en stadig større rolle i landets krig mot Ukraina og i Russlands utenrikspolitikk. Selskapet mottar betydelig statlig støtte og drives av mennesker som er i president Putins indre krets. Siden invasjonen av Ukraina har Rosatom blant annet utviklet komponenter til ikke-kjernefysiske våpen og annen militær teknologi. Til tross for begrenset tilgang til enkelte vestlige markeder, fortsetter Rosatom å omgå sanksjoner og opprettholder aktiviteten i og utenfor Russland. Arrangementet finner sted i Bellonas lokaler i Råhusgata 28 i Oslo fra klokken 09.00 til 12.00.
Det varmeste året som er registrert19.3.2025 14:56:27 CET | Pressemelding
I dag publiserte Verdens meteorologiske organisasjon (WMO) "State of the Global Climate 2024". – Viser tydelig hvorfor klimapolitikk også er sikkerhetspolitikk, sier fagsjef Christian Eriksen i Bellona.
– Budsjettet må adressere klima og sikkerhet10.3.2025 13:49:22 CET | Pressemelding
Klimaendringer er vår tids langsiktige eksistensielle trussel. Samtidig har Norge umiddelbare sikkerhetsutfordringer. – EU skal både trygge og omstille. Det må også Norge evne å gjøre, sier fagsjef Christian Eriksen.
– Glad for at statsminister Støre viser lederskap30.1.2025 13:22:08 CET | Pressemelding
– Støre viser lederskap for å få igjennom de tre EU-direktivene – noe annet vil være knefall for desinformasjon og skadelig for vårt forhold til EU. Dette er tre svært viktige miljødirektiver med konsekvenser for Europas sikkerhet som Senterpartiet nå velger å forlate regjeringen for, det er oppsiktsvekkende, sier Bellona-stifter Frederic Hauge.
Motvind i kommentarfeltene29.1.2025 17:19:05 CET | Pressemelding
Det stormer i kommentarfeltene etter at Bellona-stifter Frederic Hauge møtte Motvinds Eivind Salen på NRKs Debatten i går kveld.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom