Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Nye faresonekart frå NVE gjev betre oversikt over skredfaren i Sande kommune

Del
Sande kommune i Møre og Romsdal har no fått betre og meir presise kart utarbeida av NVE. Dei nye faresonekarta gjev oversyn over skredfare i utvalde område med busetnad. Karta viser at 19 bygningar ligg innanfor faresona for 1000-årsskred.

Karta blir overlevert til Sande kommune den 30. oktober 2019.

Kartlegginga tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flomskred. Dei kartlagde områda er Liset, Grønevika, Nupen, Vågstrand, Gurskebotn, Gursken-Røyset, Muren-Sandanger, Sandsvika, Kvamme-Myra.

– Med faresonekarta som NVE no har fått utarbeidd, har kommunen eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakshandsaming, for å vurdere sikringstiltak og for lokal skredberedskap, seier fungerande regionsjef Siss-May Edvardsen.

Karta er enkle i bruk. Faresonene for kvar aktuell skredtype er også teikna saman inn i kartet, slik at kommunen berre treng å halda seg til ei faresone om gongen. På den måten får kommunen raskt oversyn over kva område som er utsett for skred.

Grunnlaget for faresonekarta er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse og feltsynfaringar. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan nytta resultata i eigne verktøy saman med andre kartdata.

Sjå rapport og kart på nve.no

Sjå rapporten

Sjå faresonekart for Sande kommune

Kontakter

Ole-Jakob Sande, senioringeniør, telefon: 90887830

Bilder

Byggefelt i Sande kommune. Foto: NGI
Byggefelt i Sande kommune. Foto: NGI
Last ned bilde

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye