Ny toppleiing på UiS

- Madland får fornya tillit som prorektor for forsking
- Oftedal blir ny prorektor for utdanning
- Solheim blir ny prorektor for innovasjon og samfunn
Dei er tilsette for fire år, frå 1. august 2023 til 31. juli 2027. Prorektorane rapporterer til, og har eit nært samarbeid med, rektor Klaus Mohn.
– Med disse tre på laget får vi ei ny, sterk leiargruppe. Det blir ei god blanding av fornying og kontinuitet, variert fagleg bakgrunn og høg akademisk kompetanse, seier Mohn.
– Eg er også glad for at dei beste kandidatane denne gong viste seg å vere tre kvinner. Det bidreg til betre kjønnsbalanse i leiinga, sidan berre ein av dekanane er kvinne, legg rektor til.
Om den nye leiargruppa:
Prorektor for forsking
Merete Vadla Madland (56) er professor i reservoarteknikk og prorektor for forsking.
Ho har vore tilsett ved UiS sidan 1999, først som stipendiat, deretter universitetslektor, førsteamanuensis og professor. Madland var leiar for Det nasjonale IOR-senteret på UiS frå 2013 til 2019.
Sidan den gong har Madland vore prorektor for forsking ved UiS, ei stilling ho no får fornya.
Prorektor for utdanning
Bjørg Oftedal (55) er professor ved Det helsevitskaplege fakultetet på UiS.
Ho vart autorisert sjukepleiar i 1991, Cand.mag i sjukepleievitskap ved Høgskolen i Stavanger (1999),Cand.san i helsevitskap ved Universitetet i Oslo (2002) og tok doktorgrad i leiing ved Universitetet i Stavanger i 2011.
Oftedal var prodekan for utdanning ved Det helsevitskaplege fakultetet i perioden 2016-2021 og fungerande dekan ved fakultetet frå april 2021 til september 2022.
Prorektor for innovasjon og samfunn
Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim (40) er professor i innovasjonsstudiar på Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger.
Ho har bachelorgrad i media (2008) og mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing (2011) frå Høgskulen i Volda og doktorgrad frå UiS (2017) innanfor leiing med søkjelys på innovasjonsfremjande mekanismar. I 2019 vart Solheim tilsett som førsteamanuensis ved UiS.
Ho har dei tre siste åra vore leiar for Senter for innovasjonsforsking og fekk opprykk til professor i fjor.
Takkar av Eggen og Fitjar
Astrid Birgitte Eggen og Rune Dahl Fitjar søkte ikkje om å få forlenga sine stillingar som prorektorar for høvesvis utdanning og innovasjon og samfunn.
– Eg vil takke båe for den formidable innsatsen dei har lagt ned for Universitetet i Stavanger. Etterfølgjarane får store sko å fylle, seier rektor Klaus Mohn.
Nøkkelord
Kontakter
Klaus MohnRektorUniversitetet i Stavanger
Tel:91534814klaus.mohn@uis.noBilder
Lenker
Om Universitetet i Stavanger (UiS)
Følg pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Stavanger (UiS) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)
Ny kunstutstilling på Arkeologisk museum: Technological Twilights15.3.2023 07:03:00 CET | Presseinvitasjon
Kunstnar Arild Våge Berge utforskar i Technological Twilights kva som vil vera att etter oss og vår tid. Velkommen til utstillingsopning lørdag 25. mars.
UiS-professor blant Norges fremste tech-kvinner8.3.2023 10:27:24 CET | Pressemelding
På den internasjonale kvinnedagen 8. mars, ble UiS-professor Natalia Kucirkova kåret til en av de 50 fremste tech-kvinnene i norsk næringsliv.
UiS klager etter avslag på psykologisøknad7.3.2023 11:18:29 CET | Pressemelding
Urimelig lang saksbehandlingstid, manglende dialog og manglende tillit til institusjonene er noe av det Universitetet i Stavanger reagerer på.
Slik blir Åpen dag på UiS: – Alle er velkomne3.3.2023 12:32:43 CET | Pressemelding
Det kommer til å myldre på campus Ullandhaug når nærmere 2500 elever inntar Universitetet i Stavanger på Åpen dag.
De ti kuleste arkeologiske funnene i Rogaland i fjor2.3.2023 10:46:11 CET | Pressemelding
Sverd, vikinggraver og lange skjelett. Her får du de ti kuleste arkeologiske funnene i fylket i fjor.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom