Ny rundkøyring langs rv. 9 i Evje står ferdig
18.11.2021 08:30:00 CET | Statens vegvesen | Pressemelding
I tillegg til å etablera ei ny rundkøyring langs rv. 9, er det gjort nødvendige tilpassingar for gang- og sykkelvegen. Tre avkøyringar til industriområdet er endra, og det er gjort utbetring av to busshaldeplassar. Anleggsarbeidet har tatt tre og ein halv månad og er utført av TT Anlegg AS.
– Formålet med dette prosjektet er å auka trafikktryggleiken langs rv. 9 i Evje. Vi har tidlegare hatt nokre farlege situasjonar med inn- og utkøyringar i det gamle krysset, forklarer Sigurd Wiberg, seksjonssjef i Statens vegvesen.
Den nye rundkøyringa ligg ca. 1 km sør for Evje sentrum.
– Trafikktryggleik er veldig viktig. På Verksmoen har vi no fått ei trygg løysing for bilistar og mjuke trafikantar. Rundkøyringa er oversiktleg så her skal trafikkavviklinga gå fint, seier Wiberg.
Medan TT Anlegg AS har bygd den nye rundkøyringa, har riksveg-trafikken gått forbi anleggsstaden. I gjennomsnitt passerer det ca. 6500 køyretøy i døgnet, og med noko auka trafikk i samband med helg og feriar.
– TT Anlegg og Statens vegvesen har hatt eit godt samarbeid under bygginga. Vi har ikkje hatt nokre skadar verken på anleggsfolk eller trafikantar, og det er bra. Det er slik det skal vera, seier Wiberg.
Arbeidet med den nye rundkøyringa har kosta til saman ca. ti millionar kroner.
Nøkkelord
Kontakter
Sigurd WibergSeksjonssjef, Plan og utbygging sørStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:95242930sigurd.wiberg@vegvesen.noBilder
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
E134 over Haukeli åpner ikke før seint i kveld15.5.2026 16:50:36 CEST | Pressemelding
Det er usikkert når E134 Vågslidtunnelen vil åpne igjen, og vegen over Haukelifjell vil dermned være stengt.
Nattestengd på riksveg 15 mellom Nordfjordeid og Haugen15.5.2026 14:27:18 CEST | Pressemelding
Natt til tysdag 19. mai tar Statens vegvesen til med å skifte ut stikkrenner på riksveg 15 mellom Nordfjordeid og Haugen i Stad kommune. Det inneber at vegen vil vere stengd ved Lid mellom midnatt og klokka 04 fram til natt til laurdag.
Asfaltering i Bodø kan gi ventetid og støy15.5.2026 13:39:56 CEST | Pressemelding
Mandag kveld starter asfaltering på riksveg 80 i Bodø. Dette innebærer trafikkregulering og kan medføre noe ventetid på kvelden og natta de neste ukene.
Vedlikehold på E39 Nygårdsbroen12.5.2026 12:42:42 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen gjør nødvendig vedlikeholdsarbeid på E39 Nygårdsbroen i nordgående retning, altså mot Bergen sentrum, 22. – 26. mai.
Køyr mjukt i mai – to utfartshelger med stor trafikk og sårbare trafikantar12.5.2026 07:00:00 CEST | Pressemelding
Både onsdagen før Kristi himmelfartsdag og fredagen før pinse blir blant dei travlaste trafikkdagane i mai.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
