Ny rapport: Eit Atlanterhav i endring
8.6.2021 00:01:00 CEST | Universitetet i Bergen (UiB) | Pressemelding

I rapporten “A Sea of Change” går eit internasjonalt ekspertutval grunding gjennom dei endringane ein har sett til no i Atlanterhavet og kva ein kan vente seg av klimaendringar. Men det ligg også eit potensial i å vere nabo til havet i vest.
Rapporten er utgitt av EASAC, som er dei europeiske vitskapsakademia sitt fellesråd. Ekspertgruppa er leia av Tor Eldevik, professor ved UiB og Bjerknessenteret.
Potensial i klimavarsling
Rapporten skildrar korleis svingingar og trendar i Atlanterhavet påverkar klima i Europa og miljø og ressursar i havet og på land.
– Rapporten er tydeleg på klimarisiko i framtida, men legg like mykje vekt på korleis vi kan nyttegjere oss kunnskapen om samanheng mellom tilstandar i Atlanterhavet og klimaforhold over Europa. Dette påverker alt frå fornybar energi til fiskeri, seier Tor Eldevik.
Han peiker på at denne kunnskapen kan utnyttast langt betre enn i dag. Klimavarslinga som i dag er utvikla, har potensial til å til dømes kunne varsle om torskens vandring frå eitt år til det neste, inkludert vandring ut av norske fiskerisektorar.
Også for kraftprodusentar kan kunnskapen om samanfall mellom forhold i vestavindsbeltet i Atlanterhavet (NAO-indeksen) med norsk vasskraftproduksjon, utnyttast betre.
Klimarisiko
Tor Eldevik peiker på at framtidige endringar i havet heng saman med i kva grad vi klarer å stanse global oppvarming.
– Klarer vi å avgrense oppvarminga til 1.5°C, kan smelting frå Antarktis halde fram med dagens nivå. Om vi derimot går over 2°C og opp mot 3°C, kan smelting frå Antarktis aleine legge på opp til ein halv meter auke i havnivå innan 2100 globalt, seier han.
Havnivåauke har visse skilnadar regionalt, men for det mange millionar menneska som lever ved Nordsjøbassenget, byr det på ei utfordring å ta høgde for ein meter høgare havnivå.
Byar langs kysten av Nederland, Tyskland, Danmark og Storbritannia blir hardt råka.
Viktigaste punkt i rapporten:
Havnivåauke
I snitt har havnivået auka med 11-16 cm i løpet av det tjuande århundret.
Europa må bu seg på opp til 1 meter havnivåauke innan 2100. Stormflo på eit nivå som ein kan vente seg kvart 100 år, kan innan 2100 bli årlege dersom CO2-utlepp held fram som i dag. Issmelting på Grønland og i Antarktis bidreg vesentleg til havnivåauke, saman med smelting av brear i varmare område og at sjøvatnet utvidar seg når det vert varmare. Det er knytta ein del uvisse kring smelting på Grønland og Antarktis, dette er noko ein må følge med på.
Fornybar energi
Vind, vær og nedbør over Europa, og spesielt for Norskekysten, kan knyttast til forhold i havet. Golfstraumens styrke og vestavindsbeltet over Atlanterhavet har stor påverknad på mengde vind og nedbør over Europa, inkludert Norskekysten. Denne kunnskapen er kritisk viktig for å kunne varsle klimasvingninger for dei kommende år og årstider – noko som her til lands vil vere særleg nyttig for kraftprodusentar, både vindkraft og vannkraft.
Havforsuring
Temperaturauke fører til at fiskeartar er på flyttefot, opptak av CO2 gjer at sjøvatnet vert surare, det endrer livsvilkåra for livet i havet. Om dagens utslepp av klimagassar held fram som i dag, vil ein i 2100 nå eit nivå som ikkje er til å leve med.
Havsirkulasjon, havstraumar og Golfstraumen som gir oss eit mildt klima
Spekulasjonar om at Golfstraumen vil stoppe opp er overdrive. Men Golfstraumens styrke heng saman med klima i Europa og Noreg. Det er venta ei nedgong på 20 % i transport av varmelenger sør i Atlanterhavet i løpet av dette århundret, men så langt nord som i Noreg er det mykje som tyder på at straumen vil auke og havet vil framleis varmast opp.
Kontakter
Tor Eldevik
Professor ved Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen
Bjerknessenteret for klimaforskning
934 94 038
tor.eldevik@gfi.uib.no
Bilder


Om Universitetet i Bergen (UiB)
EASAC har som føremål å utarbeide forskingsbaserte råd til europeiske beslutningstakarar. EASAC er ei sameining av europeiske vitskapsråd, med Det Norske Videnskaps-Akademi som medlem.
Rapporten «A sea of Change» rådgir europeisk politisk leiing om kva ein må førebu seg på av klimaendringar, og faremoment og potensiale i Atlanterhavet.
Følg pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Bergen (UiB) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)
Eksperter fra UiB: ADHD og konsentrasjon22.9.2026 11:24:45 CEST | Pressemelding
Foregår det en over- eller underdiagnostisering av ADHD? Hvorfor har vi så store geografiske forskjeller? Her finner du fagfolk fra Universitetet i Bergen som kan kommentere ulike temaer knyttet til ADHD.
Presseinvitasjon: Statsråden legger ned grunnstenen for nye Griegakademiet21.9.2026 08:30:00 CEST | Pressemelding
Fredag 25. september markerer Universitetet i Bergen og Statsbygg byggestarten for nye Griegakademiet. Forsknings- og høyere utdanningsminister Eileen Fugelsnes legger ned grunnstenen for det nye bygget.
Eksperter fra UiB: Valget i Sverige17.9.2026 12:29:59 CEST | Pressemelding
UiB har eksperter som kan svare på spørsmål knyttet til det svenske riksdagsvalget.
Eksperter fra UiB: Kunstig intelligens17.9.2026 10:30:00 CEST | Pressemelding
Her finner du en oversikt over en rekke eksperter på kunstig intelligens ved Universitetet i Bergen. De som er på denne listen kan uttale seg om KI, om nytte og bruk av kunstig intelligens samt om utfordringer knyttet til bruk av KI-verktøy.
Professor emerita Gerd Kvale blir utnevnt til æresdoktor ved Uppsala universitet17.9.2026 09:06:22 CEST | Pressemelding
Professor emerita i klinisk psykologi ved Universitetet i Bergen, Gerd Kvale, vil neste år bli utnevnt til æresdoktor ved Uppsala universitet. Hun får utnevnelsen for sin ledende forskning på behandling av psykiske lidelser og kroniske helseplager.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
