Ny rådgivar i Fiskebåt

Del
Jannicke Sævik Gangstad er tilsett som ny rådgivar i Fiskebåt og utvidar dermed staben. Gangstad kjem frå jobb i Fiskeridirektoratet. – Vi er glade for at Gangstad vil jobbe hos oss, og ser fram til å dra nytte av hennar kompetanse, seier Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt.
Jannicke Sævik Gangstad er tilsett som rådgivar i Fiskebåt. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.
Jannicke Sævik Gangstad er tilsett som rådgivar i Fiskebåt. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

Jannicke Sævik Gangstad er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen i 2008. I tillegg har ho studert engelsk, tysk, historie og psykologi.

- Ho har ein solid fagleg bakgrunn både gjennom utdanning og jobben i Fiskeridirektoratet som vil kome medlemmane i Fiskebåt til gode. Vi jobbar med eit vidt spekter av saker. Skal vi greie å hjelpe medlemmane våre, er vi avhengige av at vi har den rette kompetansen i administrasjonen. Her har Gangstad ein solid bakgrunn som vil kome våre medlemmar til gode, seier Audun Maråk, administrerande direktør i Fiskebåt.

Maråk peikar også på at det er positivt at fleire medarbeidarar i fiskerinæringa er kvinner, enten dei jobbar på sjø eller land.

Gangstad har jobba med fleire saksfelt innan fiskeri i Fiskeridirektoratet. No ser ho fram til å sjå sakene frå næringa sin ståstad.

- Eg gler meg til å ta fatt på jobben, og har nok mykje å lære. Fiskeri er ei spennande næring der det er mykje som skjer, seier Gangstad. 

Jannicke Sævik Gangstad skal arbeide ved Fiskebåt sitt hovudkontor i Ålesund. Ho er vakse opp i Midsund med ein far som fiskeskipper. Sidan 2009 har ho vore busett i Ålesund og har sin første arbeidsdag i Fiskebåt i dag, mandag 3. oktober.

Kontakter

Bilder

Jannicke Sævik Gangstad er tilsett som rådgivar i Fiskebåt. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.
Jannicke Sævik Gangstad er tilsett som rådgivar i Fiskebåt. Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.
Last ned bilde

Om Fiskebåt

Fiskebåt
Fiskebåt
Røysegata 15
6003 Ålesund

70 10 14 60http://www.fiskebat.no

Fiskebåt - havfiskeflåtens organisasjon, jobber for en miljøvennlig og lønnsom fiskeflåte, som leverer sunn mat fra bærekraftige bestander i verdens reneste havområder. 

Følg pressemeldinger fra Fiskebåt

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Fiskebåt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Fiskebåt

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye