Fiskebåt

Ny leiar i Fiskebåt Vest

Del
Janne Grethe Strand Aasnæs (58) er valt til ny styreleiar i Fiskebåt Vest. Styrka rammevilkår og langsiktig rekrutteringsarbeid er noko av det ho vil jobbe for.
Janne Grethe Strand Aasnæs er ny styreleiar i Fiskebåt Vest. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.)
Janne Grethe Strand Aasnæs er ny styreleiar i Fiskebåt Vest. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.)

Janne Grethe Strand Aasnæs er dagleg leiar i Strand Havfiske som eig trålaren Havstrand og ringnotsnurparen Strand Senior. No tar ho over roret i Fiskebåt Vest, etter Paul Harald Leinebø som går av etter åtte år.

- Fiskeflåten står framfor mange utfordringar. Ei av sakene vi kjem til å jobbe med framover er å sikre at vi kjem oss gjennom det grøne skiftet på ein god måte, slik at vi står like sterkt etter omlegginga som vi gjer no. Dette omfattar saker som CO2-avgift, sameksistens med andre næringar i havet og at vi ikkje får svekka rammevilkåra for næringa, seier Aasnæs.

Aasnes har solid erfaring frå styrearbeid, og er no blant anna styreleiar i Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering, FHF. Ho er også leiar for valnemda til Fiskebåt sentralt, og har dermed eit ekstra blikk på det som går på rekruttering. 

- Vi må jobbe langsiktig for å få fram dei rette folka til å leie organisasjonen framover. Dette arbeidet startar i regionlaga, så det er viktig at vi jobbar målretta med rekruttering her, både for å få inn yngre krefter og fleire kvinner. Mange av dei som sit i hovudstyret starta nettopp styrekarriera si i eit regionlag, seier Aasnæs.

Fiskebåt Vest er eit regionlag i Fiskebåt og dekker i hovudsak Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelagsfylka. Fiskebåt Vest sitt overordna formål er å arbeide for ei verdiskapande og berekraftig havgåande fiskeflåte.

Med seg i styret får ho følgande personar;

Siv Madsen
Mats Grimstad
Karl Otto Risbakk
Rune Ervik
Ola Inge Grønnevet
Terje Teige

Kontaktinformasjon:

Janne Grethe Strand Aasnæs
E-post: janne-grethe@strand-rederi.no

Tlf: 90 11 91 56

Kontakter

Bilder

Janne Grethe Strand Aasnæs er ny styreleiar i Fiskebåt Vest. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.)
Janne Grethe Strand Aasnæs er ny styreleiar i Fiskebåt Vest. (Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.)
Last ned bilde

Om Fiskebåt

Fiskebåt
Fiskebåt
Røysegata 15
6003 Ålesund

70 10 14 60http://www.fiskebat.no

Fiskebåt - havfiskeflåtens organisasjon, jobber for en miljøvennlig og lønnsom fiskeflåte, som leverer sunn mat fra bærekraftige bestander i verdens reneste havområder. 

Følg pressemeldinger fra Fiskebåt

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Fiskebåt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Fiskebåt

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye