Ny kunstutstilling på Arkeologisk museum: Technological Twilights

Kunstutstillinga er den tredje og førebels siste i ei rekke kunstutstillingar ved Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger.
Kunstnar Arild Våge Berge spør kva som blir att etter oljeindustrien i utstillinga Technological Twilights. Korleis vil den norske oljealderen bli vekta samanlikna med teknologiar frå andre epokar når den store historia eingong blir skriven på ny?
– Eg ønskar å opne for spørsmål rundt kva oljeindustrien vil etterlate seg, både kulturelt og materielt. Den fossile tidsalderen har gitt mennesket fantastiske moglegheiter, men har kanskje også sett oss i ein posisjon der me no må ta vanskelege val, seier Berge.
Utstillinga opnar på Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger laurdag 25. Mars. Utstillinga vert opna med ein samtale mellom Berge og kunstnar Christine Hansen.
Teknologiutvikling som evolusjon
Berge har studert industrielle material og utsett dei for krefter som kan setja vår forståing av desse materiala på prøve.
Det er spanande å spekulera i om industri, teknologiutvikling og effektivisering er eit utrykk for mennesket sin evolusjon, seier Berge.
Kunstnaren, som opphavleger frå Volda, men bur i Oslo, er nysgjerrig på korleis oljeindustrien har forma den norske sjølvforståelsen og påverka vårt syn på naturen.
– Eg ser oljeindustrien som ein kontinuitet av tidlegare teknologiar, men samtidig meiner eg ein kan sjå sirkulære trekk i at teknologi kan forsvinna og gjenoppstå i andre tider eller på andre stadar. For meg framstår oljeindustrien som det moderne prosjektet sitt mest omveltande utrykk. Ei kraft som har endra verda og som rører ved noko veldig sentralt ved mennesket. Kanskje kan jordbruksrevolusjonen vere ei interessant samanlikning i så måte, seier han.
Korleis vil vår tidsalder setja spor for framtida?
Kurator og professor Kristin ArmstrongOma ved Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger seier at ho fall for kunstnar Arild Våge Berge sitt blikk på vår tid.
– Det som gjorde meg nysgjerrig på kunsten til Arild Våge Berge er at han løfter blikket og spekulerer over korleis vår tidsalder vil setja spor som kan finnast i framtida, seier Armstrong-Oma.
Vår tids teknologiske framvekst og forfall føyer seg inn i rekka av liknande prosessar frå forhistorisk og historisk tid, ifølge kuratoren.
– Utvikling av ny kunnskap om nye material har ofte tvunge fram teknologiske endringar som kan ha veldig store konsekvensar for folk sine levevis. Når me no står rett oppi det så er det ikkje så lett å løfta blikket, og endring skaper frykt blant dei som er tungt investert i oljeindustrien. Same frykt vart nok følt av dei som i si tid bygga seglskuter, då dampskipet tok over trafikken på havet. Eller av flintsmeden i steinalder som vart erstatta av metallarbeidaren – bronsesmeden, seier Armstrong-Oma.
Olja kjem frå steinalderkontinent som ein gong var land
Som arkeolog er ho også opptatt av at olja i seg sjølv er forhistorisk materie, og at mineral henta opp frå havbotn i Nordsjøen kjem frå steinalderkontinent som eingong var land – Agderia og Doggerland.
– Ved å inkludera desse spora i utstillinga så sprenger Våge Berge rammene for vår basisutstilling, han går både lenger bak i tid enn kva me gjer, og openbart lenger fram i tid. Utstillinga demonstrerer at me som lever no er ein del av den store historia og ein dag vil restar av våre liv og vårt samfunn enda opp på museum, seier Armstrong-Oma.
Velkomen til utstillingsopning 25. mars:
13.00 Velkomen ved avdelingsleiar Iselin Grayston
13.05 Panelsamtale mellom kunstnar Arild Våge Berge og kunsthistorikar Christine Hansen
13.30 Opning av utstillinga
15.00 Slutt
Det vert servering av forfriskningar. Gratis inngang!
Kontakter
Anniken Celine Berger
Kommunikasjonsrådgiver
+ 47 93 00 53 55
Arkeologisk museum
Universitetet i Stavanger
Bilder



Lenker
Om Universitetet i Stavanger (UiS)
Følg pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Stavanger (UiS) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universitetet i Stavanger (UiS)
Ny toppleiing på UiS9.3.2023 13:21:37 CET | Pressemelding
Styret ved Universitetet i Stavanger har tilsett rektor Klaus Mohns næraste medarbeidarar for dei neste fire åra. Dei er Merete Vadla Madland, Bjørg Oftedal og Marte Cecilie W. Solheim.
UiS-professor blant Norges fremste tech-kvinner8.3.2023 10:27:24 CET | Pressemelding
På den internasjonale kvinnedagen 8. mars, ble UiS-professor Natalia Kucirkova kåret til en av de 50 fremste tech-kvinnene i norsk næringsliv.
UiS klager etter avslag på psykologisøknad7.3.2023 11:18:29 CET | Pressemelding
Urimelig lang saksbehandlingstid, manglende dialog og manglende tillit til institusjonene er noe av det Universitetet i Stavanger reagerer på.
Slik blir Åpen dag på UiS: – Alle er velkomne3.3.2023 12:32:43 CET | Pressemelding
Det kommer til å myldre på campus Ullandhaug når nærmere 2500 elever inntar Universitetet i Stavanger på Åpen dag.
De ti kuleste arkeologiske funnene i Rogaland i fjor2.3.2023 10:46:11 CET | Pressemelding
Sverd, vikinggraver og lange skjelett. Her får du de ti kuleste arkeologiske funnene i fylket i fjor.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom