Ny fagleg leiar av Holbergprisen
6.10.2021 09:27:36 CEST | Universitetet i Bergen (UiB) | Pressemelding

Bjørn Enge Bertelsen tek over som fagleg leiar for Holbergprisen sitt sekretariat frå første januar 2022, etter Ellen Mortensen. Bertelsen skal leie det faglege arbeidet med alle arrangement og aktivitetar knytt til sjølve Holbergprisen, og til dei to sideinitiativa Nils Klim- prisen og Holbergprisen i skulen.
– Det er ei stor ære å bli spurd om å leie ein av dei viktigaste prisane i verda innan humanistisk og samfunnsvitskapleg forsking. Prisen er stadig viktigare i ei tid med auka press mot fri forsking og med instrumentalisering av kunnskap. Eg ønskjer å vidareføre det flotte arbeidet som er gjort både av sekretariatet og av styret i Mortensen si tid som leiar, og eg vil bidra til å gjere prisen enda meir kjend og relevant globalt, seier Bertelsen.
Internasjonalt orientert
Rektor ved Universitetet i Bergen, Margareth Hagen, er svært nøgd med valet av Bertelsen. Ho framhevar det internasjonale nettverket hans som særs viktig for prisen.
– Bertelsen er ein breitt orientert og internasjonal forskar. Han vil bidra til vere med på å gi god merksemd til Holbergprisen også utanfor Noreg. Med sin bakgrunn som professor i sosialantropologi, har han den djupe faglege ståstaden som skal til for å ta Holbergprisen inn i framtida.
Styreleiar Kjersti Fløttum i Holbergstyret er svært nøgd med valet av Bertelsen som ny fagleg leiar.
– No gler vi oss til å ta mot Bertelsen som ny fagleg leiar. Som professor i sosialantropologi har han høg kompetanse innan prisen sitt fagfelt, og som tidlegare leiar av mellom anna forskingsprogrammet GRIP har han solid leiarerfaring. Han er breitt internasjonalt orientert, og har eit stort nettverk av faglege kontaktar i mange land, seier ho.
Takkar Mortensen for innsatsen
Styreleiaren ønskjer også å takke Ellen Mortensen for hennar solide innsats for Holbergprisen dei siste seks åra.
– I Ellen Mortensen har Holbergprisen hatt ein særleg engasjert og kompetent fagleg leiar. Ho har på utmerka vis arbeida med å auke anerkjenninga av Holbergprisen sin samla portefølje, og til merksemd om prisen nasjonalt og internasjonalt.
Fakta:
Holbergprisen
- Ein årleg internasjonal forskingspris for framragande vitskapleg arbeid innan fagområda humaniora, samfunnsvitskap, jus og teologi.
- Prisutdeling i juni kvart år, ved Universitetet i Bergen
Bjørn Engen Bertelsen
- Professor ved Institutt for sosialantropologi, Universitetet i Bergen.
- Leiar for GRIP (Global Research Programme on Inequality) eit globalt forskingsprogram om ulikheit som er knytt til International Science Council og til Universitetet i Bergen.
Nøkkelord
Kontakter
Bjørn Enge Bertelsen, professor og faglegleiar for Holbergprisen: Bjorn.Bertelsen@uib.no, 411 03 883
Kjersti Fløttum, styreleiar for Holbergprisen: Kjersti.Flottum@uib.no, 952 08 342
Bilder


Lenker
Om Universitetet i Bergen (UiB)
Følg pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Bergen (UiB) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Universitetet i Bergen (UiB)
Grunnsteinen lagt for nye Griegakademiet25.9.2026 14:56:46 CEST | Pressemelding
Fredag la forsknings- og høyere utdanningsminister Eileen Fugelsnes ned grunnsteinen for nye Griegakademiet i Møllendal. Dette markerer starten på byggingen av et etterlengtet nytt hjem for et av landets fremste musikkfaglige miljøer.
Norrøn kirkeruin funnet på Grønland24.9.2026 05:00:00 CEST | Pressemelding
Funnet av et skjelett avslører en ukjent kirke fra den norrøne bosettingens tid på Sør-Grønland, ikke langt fra Erik Raudes bosted. Oppdagelsen gir ny kunnskap om samfunnsutviklingen og maktforholdene i datidens Grønland, og kan bidra til å forstå hvorfor vikingene forlot Grønland.
Eksperter fra UiB: ADHD og konsentrasjon22.9.2026 11:24:45 CEST | Pressemelding
Foregår det en over- eller underdiagnostisering av ADHD? Hvorfor har vi så store geografiske forskjeller? Her finner du fagfolk fra Universitetet i Bergen som kan kommentere ulike temaer knyttet til ADHD.
Presseinvitasjon: Statsråden legger ned grunnstenen for nye Griegakademiet21.9.2026 08:30:00 CEST | Pressemelding
Fredag 25. september markerer Universitetet i Bergen og Statsbygg byggestarten for nye Griegakademiet. Forsknings- og høyere utdanningsminister Eileen Fugelsnes legger ned grunnstenen for det nye bygget.
Eksperter fra UiB: Valget i Sverige17.9.2026 12:29:59 CEST | Pressemelding
UiB har eksperter som kan svare på spørsmål knyttet til det svenske riksdagsvalget.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
