Statens vegvesen

Ny E39 gjennom Knarvik

Del

God dialog sikrar god tilrettelegging og trafikkflyt som normalt, når Statens vegvesen no er inne i eit to år langt anleggsarbeid på Knarvik.

Anleggsområdet. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen
Anleggsområdet. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen

Første veka i mars starta forarbeidet til ei oval rundkøyring på E39 ved Knarvik senter nord for Bergen.

Vegstrekninga vert trafikkert av 17.000 køyretøy i døgnet. Det er dette som vert kalla årsdøgntrafikk (ÅDT).

Stor rundkøyring, ny trasé

For å betra trafikktryggleiken i området ytterlegare, skal Vegvesenet byggja ei stor, ny rundkøyring som er heile hundre meter lang.

– Med ei slik løysing ynskjer vi å sikra at bilistane bremsar skikkeleg ned. Dette er moderne trafikkavvikling som gir enno betre trafikktryggleik enn i dag, seier byggeleiar Allan Emil Nyheim i Statens vegvesen.

450 meter av E39 blir heilt ny, og får ein trasé som ligg like ved dagens.

Arbeidet vil i hovudsak finna stad på dagtid, og skal vera ferdig i mars 2023. Anlegget tek pause i fellesferien.

Alt går som normalt

– Vi har forståing for at anleggsperioden kan opplevast som lang, og vi beklagar ulempa eit slikt prosjekt over tid kan medføra for bilistane. Men det er avgjerande for oss å sikra framkommelegheita og tryggleiken på våre vegar, og då er vegvedlikehald nødvendig. Arbeidet kan opplevast krevjande for bilistane i det daglege, men då er det viktig å minna om at vi gjer vegarbeidet nettopp for dei slik at vegen vert betre – på lang sikt, seier Nyheim.

I tillegg til å vera eit knutepunkt på E39 nord for Bergen, er Knarvik også regionsenter i Alver kommune og regionsenter i regionen Nordhordland.

Det har difor vore avgjerande for Vegvesenet å ha god dialog med Alver kommune for å sikra at alle samfunnsviktige funksjonar vert varetekne medan vegutbetringa pågår. I tilknytning til E39 finn vi både sjukeheim, omsorgsbustader, helsehus og kjøpesenter med butikkar og legekontor.

Tilgangen til disse er sikra gjennom heile anleggsperioden, og alle endringar vil til ei kvar tid vera tydeleg skilta. Både parkeringsplassar og gode omkøyringsvegar er på plass, og Statens vegvesen takkar Alver kommune for alt det dei stiller opp med i anleggsperioden.

Anleggsarbeidet på sjølve E39 er lagt opp slik at begge køyrefelta på dagens E39 vil vera opne for ferdsel som normalt gjennom heile anleggsperioden.

Vegen vil bli stengd i korte periodar i samband med sprenging. Lokalbefolkning vil heila tida verta varsla ved ekstraordinære hendingar som dette.

I tillegg til ny rundkøyring skal det byggast fortau og gang/ sykkelveg, ny undergang for mjuke trafikantar ved Stallane, og det blir ny kommunal veg fra rundkøyring til Knarvik senter og Kvernhushaugane.

Med i prosjektet er også omfattende leidningsarbeid for Alver kommune, i tillegg til kabelarbeid.

Hovudentreprenør er Karmøy-firmaet Vassbakk & Stol, og kontrakten har ein verdi på 70,5 millionar pluss moms.

Grønt vegprosjekt

Grønnare vegdrift er viktig for Vegvesenet, og er sentralt også i dette prosjektet. Hovudentreprenøren er underlagt strenge krav til avfallssortering, og hadde sorteringsverk i starten av anleggsarbeidet.

– Her sorterte vi stein ut frå blanda massar, både reine og forureina. Dette gjorde at store delar av massane kunne gjenbrukast på anlegget. Dette reduserte det totale transportbehovet på anlegget, noko som er bra for miljøet, seier anleggsleiar Glenn Minde i Vassbakk & Stol.

Grønt skal det bli også når det nye veganlegget er ferdig. Trafikkøya i rundkøyringa skal bli beplanta slik at køyreopplevinga for dei mange bilistane i området vert betre på fleire måtar.

Bompengar

Prosjektet E39 Knarvik sentrum er eitt av prosjekta i bompengepakken Nordhordlandspakken.

Finansieringsplan for Nordhordlandspakken omfattar statlige midlar, fylkeskommunale midlar og bompengar. Nordhordlandspakken er vedtatt i ein eigen stortingsproposisjon –  Prop. 164 S (2016-2017).

Bompengeinnkrevinga starta desember 2019, og skal etter planen vera ferdig i 2031.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Anleggsområdet. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen
Anleggsområdet. Foto: Lars Olve Hesjedal, Statens vegvesen
Last ned bilde
Byggeleiar Allan Emil Nyheim i Statens vegvesen (til høgre), og anlegsleiar Glenn Minde i hovudentreprenør Vassbakk & Stol.
Byggeleiar Allan Emil Nyheim i Statens vegvesen (til høgre), og anlegsleiar Glenn Minde i hovudentreprenør Vassbakk & Stol.
Last ned bilde
Skisse: Slik skal rundkøyringa bli.
Skisse: Slik skal rundkøyringa bli.
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

22 07 30 00http://www.vegvesen.no

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom