Ny E39-bru opna for trafikk

Den gamle, åtte meter breie brua var bygt på 60-talet.
Ho er no erstatta av ei ny, tidsmessig 13 meter brei bru laga for dagens og morgondagens trafikkmønster.
I tillegg til ny belysning, er nybrua også betre tilrettelagt for mjuke trafikantar enn forgjengaren var.
Mesta har vore entreprenør på jobben som har ein kontraktsverdi på 31 millionar pluss moms.
Dette er brua
Skipenes bru har ein gjennomsnittleg døgntrafikk på 1900 køyretøy. Det er dette som kallast ÅDT (årsdøgntrafikk). 13 prosent av trafikken er lange køyretøy.
Brua vert nytta både av lokalbefolkning og jobbpendlarar over E39-ferjesambandet Lote - Anda ti minutt sørover. I tillegg er ho mykje trafikkert av turistar om sommaren.
– Trafikken har i byggeperioden vorte leia over på ei mellombels bru like ved. Statens vegvesen takkar både trafikantar og lokalbefolkning for tolmod og forståing i samband med byggearbeida, seier prosjektleiar Sonja Fjellkårstad i Statens vegvesen og takkar entreprenør Mesta for godt utført arbeid.
Knutepunkt
Nordfjordeid er eit knutepunkt i Nordfjord. Også riksveg 15 går gjennom tettstaden, og det er kort vei til mellom anna både Stad, Sunnmøre og Strynefjellet.
Statens vegvesen har gjort fleire tilretteleggingar for trafikken gjennom Nordfjordeid siste året. Ein splitter ny døgnkvileplass på 4.000 kvadratmeter i Eid Næringspark vart teken i bruk tidlegare i haust.
Her er det parkeringsplass til ti bilar, og servicebygg med toalett (med berøringsfrie panel), dusj og pauserom med tekjøkken. Det kameraovervaka området er gratis å nytta for brukarane, det vil seia sjåførar av vogntog over 7,5 tonn.
På døgnkvileplassen er det også etablert infrastruktur med tanke på elektrifisering av store køyretøy. Bensinstasjon-kjeda YX skal etablera fyllestasjon for storbil på området, etter planen på nyåret.
Det vil bli sett opp informasjonstavler både på norsk, engelsk og tysk og polsk. Døgnkvileplassen ligg like ved både E39 og riksveg 15, like i nærleiken av fleire butikkar.
Nøkkelord
Kontakter
Sonja FjellkårstadProsjektleiarStatens vegvesen, Drift og vedlikehold
Tel:99165857sonja.fjellkaarstad@vegvesen.noBilder


Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Signerte kontrakt for ombygging av E39 Veibustkrysset17.10.2025 12:59:04 CEST | Pressemelding
Divisjonsdirektør Kjell Inge Davik signerte fredag kontrakt med entreprenøren Busengdal AS om ombygging av E39 Veibustkrysset. Kontraktssummen er på ca 78 millionar kroner (eks.mva), og arbeidet vil starte opp så fort som mogleg.
Dette er reglene for kjetting og vinterdekk på tunge kjøretøy17.10.2025 10:24:27 CEST | Pressemelding
Vinteren er på vei flere steder i landet og det er derfor viktig å kjøre riktig skodd fremover.
Stenger E134 vest for Kongsberg for å montere bru17.10.2025 10:20:22 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen er i gang med å bygge nye Kobbervoll bru. Fra fredag 31. oktober kl. 20 til mandag 3. november kl. 06 blir E134 stengt for å montere ny bru.
Riksveg 4 Støyperilokket i Gjøvik får bedre belysning16.10.2025 11:34:56 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen skal skifte ut innkjøringslyset til Styøperilokket. Arbeidet skal gjøres om kvelden og natta i perioden mandag 20. til fredag 24. oktober.
Når skal du skifte til vinterdekk?16.10.2025 09:29:53 CEST | Pressemelding
Vinteren er i anmarsj, og tiden er inne for å skifte dekk. Ikke vent til første snøfall – da kan det være for sent.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom