NVE tilrår meir miljøvennlege konsesjonsvilkår for Skjomenvassdraga i Narvik kommune
– No har NVE sendt ei innstilling til Olje- og energidepartementet, der vi tilrår at dei gamle vilkåra blir erstatta av moderne konsesjonsvilkår for reguleringa. Det vil og føre til betydelege miljøforbetringar i eit vassdrag med store og viktige miljøverdiar, seier direktør i energi- og konsesjonsavdelinga til NVE, Inga Nordberg.
Dei nye vilkåra vil gi styresmaktene utvida moglegheiter til å pålegge Statkraft å gjennomføre undersøkingar og ulike avbøtande tiltak.
Det er Narvik kommune som har stilt krav om miljøforbetrande tiltak i områda som blir påverka av konsesjonsvilkåra for Skjomenvassdraga i Nordland. Statkraft Energi AS er konsesjonær for reguleringa.
Minstevassføring gjev betre vilkår for fisken
NVE tilrår at det sleppast minstevassføring i elva Skjoma gjennom heile året, for å betre oppvekst- og levevilkåra for laks og sjøaure. Dette har vore eit sentralt tema i høyringsinnspela som har kome i saken. Utfordringane for fiskebestanden er godt dokumentert i undersøkingar over fleire år.
Det foreslegne vasslippet vil gi eit produksjonstap like i underkant av 40 GWh, samanlikna med i dag. Dette er ikkje eit ubetydeleg produksjonstap, men NVE har i denne saka lagt stor vekt på omsynet til miljøverdiane i vassdraget. NVE legg vekt på at minstevassføringa vil gi vesentlege miljøforbetringar i eit viktig lakse- og sjøaurevassdrag, og at Skjomen er prioritert i nyleg godkjend regional plan for vassforvaltning.
– I åra framover skal fleire vassdrag gjennom ein vilkårsrevisjon. Pålegg om minstevassføring vil bli fastsett i dei sakene der det gir størst miljøgevinst. NVE meiner Skjoma er ein av dei, seier Nordberg.
Etter NVEs vurdering vil ikkje det foreslegne vasslippet gå ut over fleksibilitet og forsyningstryggleik i regionen.
Ønskjer ein tiltaksplan for Skjoma
NVE tilrår ikkje pålegg om magasinrestriksjonar i nokon av magasina i vassdraget, av omsyn til kraftanleggas betydning for reguleringsevne og fleksibilitet.
NVE tilrår vidare at Statkraft blir pålagt å utarbeide eit forslag til tiltaksplan for å betre dei biologiske forholda i Skjoma, i hovudsak av omsyn til fisk og fiskevandringar. Dei nye vilkåra vil elles dekkja mange av dei andre revisjonskrava og gi heimel til å påleggja naturfaglege undersøkingar, tiltak for friluftsliv og kulturminneundersøkingar.
Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare oppfølginga av saka, og endeleg vedtak blir tatt av Kongen i statsråd (kongeleg resolusjon).
Les meir om innstillinga, og om revisjon av konsesjonsvilkår.
Nøkkelord
Kontakter
Inga Nordberg, avdelingsdirektør
e-post: ikn@nve.no
tlf: 90 98 36 28
Carsten Stig Jensen, seksjonssjef
e-post: csj@nve.no
tlf: 90 85 02 06
Bilder
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Konsesjon til Ørje solkraftverk18.11.2024 13:31:28 CET | Pressemelding
NVE gir Solgrid Ørje AS tillatelse til å bygge Ørje solkraftverk i Marker kommune. Dette blir det åttende bakkemonterte solkraftverket som får konsesjon i Norge, og det største så langt.
Avslår konsesjonssøknad for Bronkemoen solkraftverk18.11.2024 13:01:11 CET | Pressemelding
NVE avslår konsesjonssøknad for Bronkemoen solkraftverk i Elverum kommune. Årsaken til avslaget er negative konsekvenser for naturmangfold, kulturminner og friluftsliv.
NVE og kommunene holder folkemøter i Finnmark14.11.2024 10:55:26 CET | Pressemelding
De kommende ukene arrangerer NVE og kommunene ni folkemøter ulike steder i Finnmark. Tema for møtene er høringen av elleve vindkraftverk og fire kraftledninger i fylket. NVE håper på gode innspill fra lokalkjente om hvilke temaer som bør utredes videre.
Skredkvelder over hele landet12.11.2024 08:40:00 CET | Pressemelding
Tusenvis av mennesker kommer på skredkveld den kommende uken - fra Longyearbyen i nord til Kristiansand i sør.
Ekstremværet Jakob: Flom- og jordskredfare nedjusteres til oransje og gult farenivå fredag1.11.2024 12:31:29 CET | Pressemelding
NVE nedjusterer farevarselet for jordskred til gult farenivå fredag. Det gjelder for deler av Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland. Farevarselet for flom nedjusteres til oransje farenivå fredag for deler av Sør-Norge, mens andre områder nedjusteres til gult farenivå.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom