NVE gjev løyve til å teste havvindteknologi i Mehuken vindkraftverk

Mehuken vindkraftverk i Kinn kommune har i dag elleve vindturbinar i drift. NVE har no gjeve løyve til å etablere ein testturbin for offshore vindteknologi i same område. Turbinen skal settast opp på land, der det tidlegare har stått ein annan vindturbin.
– Mehuken testturbin representerer utvikling av ny teknologi for flytande havvind, og vertskommunen er positiv. Vi har lagt stor vekt på dette i avgjerda vår. I tillegg er testturbinen i tråd med fleire stortingsvedtak og regjeringa sine mål om teknologiutvikling knytt til flytande havvind, seier Svein Grotli Skogen, seksjonssjef i NVE.
Testturbinen er ein ny type teknologi for flytande vindkraft til havs. For å få verifisert og typegodkjent teknologien, lyt selskapet teste turbinen i eit kystnært område med høge vindhastigheitar. Målet med teknologien, som testturbinen er ein del av, er vesentleg reduksjon i kostnadane for flytande havvind.
Får løyve for tre år
Testturbinen får løyve for ein driftsperiode på tre år. Turbinen vert 65 meter høg og vil ha ei installert effekt på inntil 1 MW.
I løpet av dei tre åra skal turbinen testast i to ulike oppsett, med tre og fire rotorblad. Målet er å observere korleis turbinen presterer med dei forskjellige rotorane. Rotorfarta og rotordiameteren er lik for begge oppsetta.
Må gjennomføre støymålingar
NVE har lagt vekt på støy og visuelle verknader knytt til testturbinen. Medan sistnemnde i liten grad kan reduserast, har NVE sett vilkår i løyvet om kva det maksimale støynivået frå testturbinen kan vere. NVE har og pålagt konsesjonær å gjennomføre støymålingar to gonger i løpet av driftsperioden, for å dokumentere støynivået.
Les meir om saka på konsesjonssidene til NVE.
Nøkkelord
Kontakter
Svein Grotli Skogen, seksjonssjef for energikonsesjonar
E-post: svgrsk@nve.no
Tlf: 22 95 91 70
Marte Lundsbakken, sakshandsamar
E-post: many@nve.no
Tlf: 22 95 90 38
Bilder


Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE setter nytt konsesjonsvilkår for Raudfjell og Kvitfjell vindkraftverk9.5.2025 11:12:36 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har satt et nytt konsesjonsvilkår for å ivareta hensynet til reindrift ved Raudfjell og Kvitfjell vindkraftverk i Tromsø kommune. NVE setter det nye vilkåret fordi iskast utgjør en sikkerhetsrisiko for reindrifta.
Økende snøskredfare i Troms mot helgen30.4.2025 14:11:27 CEST | Pressemelding
Det er store kontraster i snøskredforholdene i landet for tiden. I Troms er det krevende forhold, mens det i Sør-Norge nesten ikke er skiføre igjen.
NVE har fastsatt utredningskrav for utenlandskablene Skagerrak 1 og 230.4.2025 12:00:00 CEST | Pressemelding
Statnett har meldt planer om å reinvestere de to første strømkablene til Danmark, som ble satt i drift i 1976 og 1977. NVE har nå fastsatt et utredningsprogram med krav til hvilke temaer som skal utredes, med ekstra fokus på samfunnsøkonomi.
NVE vurderer nye tiltak for å styrke sikkerheten i kraftsystemet29.4.2025 15:22:13 CEST | Pressemelding
NVE vil kartlegge den samlede reparasjonsberedskapen, vurdere endringer i organiseringen, og vurdere nye krav til fysisk sikring av kraftanlegg.
NVE avslår søknad om regulering og vannuttak i Loppa kommune29.4.2025 09:57:08 CEST | Pressemelding
Oppdrettsselskapet Glacier Salmon AS har søkt om tillatelse til regulering og vannuttak i Loppa kommune i Finnmark. Norges vassdrags- og energidirektorat avslår søknaden på grunn av negative konsekvenser for naturmangfold, landskap og reindrift i området.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom