Samferdselsdepartementet

NTP 2022-2033: Samferdselsministeren tingar framtidsbilete

Del

Arbeidet med det faglege grunnlaget for Nasjonal transportplan 2022-2033 er i gang. No har Samferdselsdepartementet tinga ei kartlegging av dei viktigaste utfordringane i transportkorridorane og i byområda, og eit framtidsbilete av transportomfanget dei neste 30 åra.

– Vi legg fram ein ny nasjonal transportplan i 2021. Regjeringa vil prioritere løysingar og tiltak for god framkome for folk og gods som fremjar verdiskaping og busetnad i heile landet, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Samferdselsministeren har no sendt oppdragsbrev nummer 2 og 3 til Avinor AS, Jernbanedirektoratet, Kystverket, Nye Veier AS og Vegdirektoratet. Her kjem han med fleire konkrete tingingar.

– For å sikre at vi får mest mogleg veg og anna infrastruktur for pengane, treng vi å vite meir om transportbehovet fram mot 2050 og korleis ny teknologi kan påverke utviklinga, mellom anna gjennom nye forretningsmodellar, transportformer og transporttilbod. Dette skal verksemdene våre rapportere om innan 1. september i år, seier Dale.

Verksemdene vert også bedne om å kartlegge dei viktigaste utfordringane i transportkorridorane og i byområda.

Det er oppdrag 2 og 3 som no er sendt ut. I oppdrag 1 til gjorde samferdselsministeren det klart at kvar einskild verksemd skal gå kritisk gjennom ressursbruken, mellom anna til investeringar, både for å redusere kostnadane og auke nytten.

Meir

Oppdragsbrev 2 og oppdragsbrev 3. Sjå også oppdragsbrev 1

Meir om arbeidet med NTP 2022-2033

Nøkkelord

Om Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet
Akersgata 59 (R5)
Oslo

22 24 90 90http://sd.dep.no

Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for post- og televirksomheten, for luftfarts-, veg- og jernbanesektoren, for riksvegferjene, kystforvaltningen og havne- og sjøtransportpolitikken.

Følg saker fra Samferdselsdepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Samferdselsdepartementet

Regjeringa skjerpar krava til tunge køyretøy15.10.2019 11:35:15 CESTPressemelding

– Fjorårets vinter var prega av alvorlege ulukker og fastkøyringar. Difor innfører vi no strengare krav til vinterdekk for tunge køyretøy, samt auka gebyrsatsar for brot på krava til vinterutrusting. Samstundes styrkjer vi kontrollverksemda i Statens vegvesen med 20 millionar kroner, slik at vi får enda fleire kontrollar i vinterperioden. Dette er viktige tiltak i arbeidet for auka tryggleik og framkome på norske vintervegar. Farlege vogntog skal bort frå norske vinterveger, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Ingrid Dahl Hovland blir ny vegdirektør11.10.2019 11:45:00 CESTPressemelding

- Statens vegvesen har et viktig samfunnsoppdrag i samferdselssektoren. Etaten har tunge oppgaver innenfor utbygging, drift- og vedlikehold av vei, trafikksikkerhet, trafikant og kjøretøy og langtidsplanlegging. Med Ingrid Dahl Hovland får vi en svært dyktig og meget kompetent vegdirektør med tung ledererfaring fra bransjen. Jeg er glad for at hun har takket ja til denne viktige jobben og er klar til å starte om kort tid, sier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Samferdselsbudsjettet 2020: Full fart i bygging av veg og bane7.10.2019 10:01:00 CESTPressemelding

– Regjeringa vil fortsette å bygge landet og skape eit berekraftig velferdssamfunn. Det krev ein moderne infrastruktur med effektive og sikre transportløysingar. Vi held fram med å satse på samferdsel, og bidreg med det til ein enklare kvardag for folk flest, ei styrking av næringslivets konkurransekraft og utvida bu- og arbeidsregionar. Regjeringa foreslår å løyve 75,4 milliardar kroner til samferdsel i 2020. Det er ein auke på over 80 prosent sidan 2013.

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom