NTB Arkitekst

NTB Arkitekst tar over Nynorskroboten

Del
Sidan 2018 har Nynorsk Pressekontor (NPK) i samarbeid med NTB utvikla omsetjingsverktøyet Nynorskroboten. Nynorskroboten er no overført til NTB Arkitekst, som skal stå for den vidare drifta og utviklinga.
Frå venstre Tina Mari Flem (administrerande direktør og sjefredaktør i NTB), Jan Inge Fardal (redaktør i NPK), Karolina Netland (dagleg leiar i NTB Arkitekst) og Jo Christian Oterhals (produktansvarleg og utviklar av Nynorskroboten) (Foto: Thomas Brun / NTB Kommunikasjon)

– Nynorskroboten er heilt genial, seier dagleg leiar i NTB Arkitekst Karolina Netland. – Ved eit tastetrykk set han om ein bokmålstekst til så å seie prikkfri nynorsk. Feilmarginen er til og med lågare enn ved manuell omsetjing. Vi er audmjuke for at vi no skal føre det gode arbeidet med Nynorskroboten vidare. Målet er at han skal styrkje nynorsken og komme alle til gode. 

Hjelp til å oppfylle språklova
– Vi ser at same kor hardt og systematisk ei verksemd jobbar, er det vanskeleg å oppfylle krava i språklova om å ha minst 25 prosent av tekstane på nynorsk. Også forlaga og andre læremiddelaktørar strevar med å levere nynorskversjonen av læremidla samtidig som bokmålsversjonen. Dette er uheldig, og omsetjingsteknologi kan vere med på å løyse nokre av desse utfordringane, seier Netland. 

NPK held fram arbeidet med valfridom
Nynorsk Pressekontor held fram arbeidet med å leggje til fleire ord og bøyingsformer i den opne kjeldekoden som Nynorskroboten er bygd på, Apertium. – Vi held fram dette arbeidet, som vi også har fått støtte til, ut 2022, stadfestar Jan Inge Fardal, redaktør i NPK.

– Men NPK er ein nyheitsredaksjon, og vi kom til eit punkt der vi opplevde at det var rett og best at andre tok over drifta av det kommersielle produktet Nynorskroboten. Vi er svært glade for at vi no har inngått ein avtale med NTB Arkitekst. NTB Arkitekst har lang erfaring med språkarbeid, og dei kan ta Nynorskroboten mange steg vidare samtidig som dei kan tilby rettleiing og bistand til kundane på ein heilt annan måte enn det vi kunne, seier Fardal. 

NTB stiller seg bak avtalen
NTB Arkitekst er eit dotterselskap av NTB, og NTB stiller seg bak overføringsavtalen som no er inngått. – Dette er ei svært god løysing for alle partar, ikkje minst for kundane og nynorsken, konkluderer administrerande direktør og sjefredaktør Tina Mari Flem.

Fakta om NTB Arkitekst
NTB Arkitekst er den leiande klarspråksaktøren her til lands og ein av dei største leverandørane av språktenester i Noreg. Selskapet har ekspertise på både klarspråk, språkvask, korrektur og nynorskomsetjing, pedagogiske tekstar, nettekstar, skriving for sosiale medium, mediespråk, juridisk språk og byråkratiske tekstar. 

Les meir på nettsidene:

https://www.ntb.no/kommunikasjon/spraaktjenester 

https://www.ntb.no/kommunikasjon/nynorskroboten

NTB Arkitekst står òg bak det digitale skriveverktøyet Skrible: https://skrible.no.

Kontakter

Karolina Netland, dagleg leiar NTB Arkitekst
Tlf.: 90 58 94 57

Tina Mari Flem, sjefredaktør og administrerande direktør NTB
Tlf.: 95 10 27 93

Jan Inge Fardal, redaktør Nynorsk pressekontor
Tlf.: 91 31 02 74

Bilder

Frå venstre Tina Mari Flem (administrerande direktør og sjefredaktør i NTB), Jan Inge Fardal (redaktør i NPK), Karolina Netland (dagleg leiar i NTB Arkitekst) og Jo Christian Oterhals (produktansvarleg og utviklar av Nynorskroboten) (Foto: Thomas Brun / NTB Kommunikasjon)
Frå venstre Tina Mari Flem (administrerande direktør og sjefredaktør i NTB), Jan Inge Fardal (redaktør i NPK), Karolina Netland (dagleg leiar i NTB Arkitekst) og Jo Christian Oterhals (produktansvarleg og utviklar av Nynorskroboten) (Foto: Thomas Brun / NTB Kommunikasjon)
Last ned bilde

Om NTB Arkitekst

NTB Arkitekst
NTB Arkitekst
Skippergata 24 - Pressens hus
0154 Oslo

483 00 100https://www.ntb.no/kommunikasjon/spraaktjenester

NTB Arkitekst er best i Norge på helhetlig kommunikasjon som skaper verdi. Vi leverer et bredt spekter av produkter og tjenester innen klarspråk, effektivitet og digitalisering. Vi hjelper våre kunder med den gode og effektive jobbteksten, enten det skjer gjennom skrivekurs, tekstutvikling, effektmåling eller analyse. I NTB Arkitekst har vi også ekspertise på nyhetsspråk og juridisk språk.

Følg pressemeldinger fra NTB Arkitekst

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra NTB Arkitekst på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra NTB Arkitekst

HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye