NRK går inn i internasjonal storserie: «So long, Marianne»
3.4.2022 18:45:54 CEST | NRK | Pressemelding

– «So long, Marianne» er ei vakker historie om unge menneske som lengtar etter kjærleiken, og som både finn og mistar han. Dei er på søken i livet, dei prøver å finne ut kven dei er, og kven dei vil bli, seier Marianne Furevold-Boland, eksekutiv produsent i NRK Drama.
På den greske øyidyllen Hydra møter vi den norske forfattaren Axel Jensen, Marianne Ihlen og Leonard Cohen. Serien er eit relasjonsdrama mellom dei tre, samtidig som han følgjer Cohens karriere frå blakk og ukjent poet til verdsstjerne.
To produksjonsselskap skal lage serien, kor av det eine er norske Redpoint Productions AS, som mellom anna serieskapar Øystein Karlsen eig. Han står også for manus og regi på serien, som no er i forproduksjon. Serien skal etter planen starte innspeling i februar 2023.
– Det høyrest kanskje rart ut når det kjem frå meg, men sånn som verda er no kjenst det plutseleg viktig å lage noko som er livsbejaande. Serien handlar om å vere ung og leite etter sin plass i verda, samtidig som han er ein hyllest til livet og det å tore å elske, sjølv om ein veit at det kjem til å gjere vondt. «So long, Marianne» handlar om å drøyme stort utan å be om unnskyldning for det, samtidig som ein set pris på det som er lite og her og no. Med alt som omgir oss, er det kanskje dei einaste tinga det er mogleg å halde fast i, seier Karlsen.
Karlsen står bak seriar som «Exit», «En natt», «Dag» og «Lillyhammer».
– Det er høg kvalitet over arbeidet til Øystein Karlsen. Han skaper dramaseriar som både er spennande og emosjonelle. Vi trur «So long, Marianne» kan bli eit tidlaust drama som går rett i hjartet, seier Furevold-Boland.
Serien er utvikla av Redpoint, og selskapet skal saman med det London-baserte Buccaneer Media produsere serien gitt at resten av finansieringa kjem på plass. NRK delfinansierer og vil ha distribusjonsrettane for «So long, Marianne» i Skandinavia. Det er ikkje bestemt kven som skal spele i serien.
Eksekutive produsentar er Marianne Furevold-Boland i NRK, Richard Tulk-Hart and Tony Wood i Buccaneer Media, Øystein Karlsen og Ingeborg Klyve i Redpoint og Pablo Salzman i Connect3 Medias.
Kontakter
NRK:
Eksekutiv produsent: Marianne Furevold-Boland, 97790339
Kommunikasjonsansvarleg: Marit Holmquist Fenne, 92041773
Redpoint Productions AS:
Produsent: Ingeborg Klyve, 95063552
Pressevakt
Tel:414 28 800pressevakt@nrk.noBilder

Om NRK
NRK skal styrke demokratiet, samle og engasjere alle som bor i Norge. NRK er Norges offentlig eide allmennkringkaster med et bredt radio-, TV-, nett- og podkasttilbud, og ni av ti nordmenn bruker minst ett NRK-tilbud daglig. NRK har cirka 3300 ansatte fordelt på om lag 50 kontorer rundt om i landet.
Følg pressemeldinger fra NRK
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra NRK på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra NRK
Priser til NRK under Prix Norge25.9.2026 22:30:00 CEST | Pressemelding
I kveld var det lydbransjens prisutdelingsfest, og hele elleve priser gikk til NRK.
Dette er årets masker i Maskorama25.9.2026 12:00:00 CEST | Pressemelding
Lørdag 24. oktober er Maskorama tilbake med ny sesong. Nå kan NRK presentere årets åtte masker.
NRK utvider korrespondentnettet25.9.2026 10:51:01 CEST | Pressemelding
NRK etablerer sin første sakskorrespondent og to nye korrespondenter i Europa og Asia.
Dette er gjestene i A-laget24.9.2026 11:30:00 CEST | Pressemelding
A-laget er tilbake lørdag 24. oktober med sin tredje sesong. Nok en gang med en knallsterk gjesteliste.
NRK Brennpunkt: Diplomatparet22.9.2026 08:24:47 CEST | Pressemelding
Fra diplomatstjerner til korrupsjonssiktet: I morgen kommer historien om Terje Rød-Larsen og Mona Juul på NRK.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
