Nærings- og fiskeridepartementet

Noreg og Grønland er einige om kvoteavtale for 2020

Del

- Utnyttinga av kvotane ved Grønland har vore høg i år. Og eg er nøgd med at Noreg og Grønland er einige om kvoteavtale for 2020. Det er ein god avtale for norsk næring, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik.

Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik.
Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik.


Kvotane for dei fleste bestandane blir vidareførd på same nivå som for 2019. Noreg og Grønland er også blitt einige om å vidareutvikle det gode forskingssamarbeidet.

Grønland sin kvote i Barentshavet i 2020 er satt til 4 000 tonn torsk, 900 tonn hyse og 450 tonn sei. I tillegg får Grønland ei kvote på inntil 250 tonn bifangst av andre artar.

Den norske torskekvoten aukas til 1 350 tonn og kveitekvoten aukas til 30 tonn.

Blåkveitekvoten på Vest-Grønland vidareføras på 900 tonn, botnlevande uer vidareføras på 1 000 tonn og skolestkvoten ved Øst-Grønland vidareføres på 100 tonn. Blåkveitekvoten på Aust-Grønland reduseras til 275 tonn. I tillegg har norske fartøy ein kvote på 150 tonn bifangst av andre artar.

Forskingssamarbeidet mellom Norge og Grønland vidareføras, særlig for blåkveite, torsk, uer og makrell.

Kontakter

Bilder

Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik.
Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik.
Last ned bilde

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste saker fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom