Nærings- og fiskeridepartementet

Noreg og Færøyane er einige om ein kvoteavtale for fisket i 2020

Del
- Kvotane som vi byttar til oss med Færøyane er viktig for norske fiskarar. Eg synest det er bra at vi har fått på plass ein avtale som gir norske fiskarar kvoter og adgang i færøysk sone også i 2020, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik.
Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik
Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik

Noreg og Færøyane er einige om ein bilateral avtale om kvotebytte for 2020.

Fiskeriavtalen gir norske fiskarar ein kvote på 2 500 tonn lange/blålange, 2 000 tonn brosme og 800 tonn andre artar som bifangst. Noreg har også fått ein makrellkvote på 6 600 tonn. Denne kan fiskast både i færøyske farvatn, norsk økonomisk sone og internasjonalt farvatn. Samtidig får Færøyane ein kvote på 4 945 tonn torsk, 1 100 tonn hyse, 500 tonn sei og 400 tonn andre artar som bifangst i norsk økonomisk sone. 

I tillegg til desse kvotane, kan færøyske fartøy fiske opp til 3 450 tonn torsk og 300 tonn hyse, som dei har fått gjennom bytteavtalen sin med Russland, medan norske fartøy kan fiske opp til 30 000 tonn av den norske kolmulekvoten for 2020 i færøyske farvatn.

Kontakter

Bilder

Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik
Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik
Last ned bilde

Om Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Kongens Gate 8
0032 Oslo

Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd

Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.

Innsyn: NFDs postjournal er søkbar hos www.eInnsyn.no

Du kan følgje NFD på Twitter | Facebook  | Flickr

Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye