Rekekvoten for 2021 er redusert med 1570 tonn, eller 18 prosent, samanlikna med fjoråret.

Kvoten er i tråd med den felles forvaltningsplanen mellom Noreg og EU og tilrådinga frå det Internasjonale Rådet for Havforskning (ICES).

Forvaltningsplanen for reker skal reviderast i løpet av 2022 og førebuingane på norsk side startar snart denne våren.

- Den komande gjennomgangen av forvaltningsplanen for reker er viktig, slik at vi sikrar eit best mogeleg grunnlag for fastsetjing av kvotar, seier Ingebrigtsen.

AGREED RECORD OF FISHERIES CONSULTATIONS (PANDALUS BOREALIS) BETWEEN THE EUROPEAN UNION AND NORWAY FOR 2021