Patentstyret

Noreg fell på global innovasjonsrangering

Del
Noreg fell frå 19. til 20. plass på ei årleg rangering av verdas mest innovative land. Sveits ligg øvst på lista, med Sverige og USA på dei neste plassane.

Det er WIPO (World Intellectual Property Organization) som publiserer rangeringa, "Global Innovation Index 2020". Den er eit verktøy utvikla for å samanlikne innovasjonsnivået i ulike land. Til grunn for rangeringa ligg 80 ulike innovasjonsindikatorar, og 131 land har vore vurderte. Dei andre landa som har fått topp 10 plassering er Storbritannia, Nederland, Danmark, Finland, Singapore, Tyskland og Korea. 

Med unntak av Island ligg Noreg bak dei nordiske naboane sine. Dette er ikkje overraskande, og har bakgrunn i at samansetninga av næringar i Noreg skil seg frå andre europeiske land, ifølgje seniorrågjevar Bjarne J. Kvam i Patentstyret: «Vårt høge BNP og eit stort bidrag frå olje- og gassnæringane er faktorar som kan slå ut i denne indeksen". Han peiker på at indikatorar blir skalerte ved å dele BNP for å kunne samanlikne dei ulike landa, og at Noreg høvesvis har færre verksemder som bidreg på den kreative resultatsida i målinga. "Slik hamnar Noreg lågare på lista enn nabolanda våre", seier Bjarne J. Kvam i Patentstyret.

Les meir om WIPOs innovasjonsindeks 2020.

WIPO er FN sin verdsorganisasjon for immaterielle rettar, og har som hovudoppgåve å fremje utviklinga av immaterielle rettar globalt. Noreg er eitt av 182 medlemsland.

Kontakter

Bilder

Om Patentstyret

Patentstyret
Patentstyret
Sandakerveien 64
0484 Oslo

+47 22 38 73 00http://www.patentstyret.no

Patentstyret fremmer innovasjon og verdiskaping i næringsliv og samfunn, både i rollen som nasjonal immaterialrettsmyndighet og som veileder og kunnskapsleverandør.

Følg pressemeldinger fra Patentstyret

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Patentstyret på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Patentstyret

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye