Nordmenn på plastposetoppen i Europa
Handlevanane våre gjer at vi reduserer plastposebruken i saktare tempo enn våre naboar.

Europearar bruker om lag 100 milliardar eingongsbereposar i plast i året, og rundt 4,5 prosent av desse kjem på avvege. Det er derfor ikkje tvil om at posane har store innverknader på miljøet.
Nordmenn er på Europa-toppen med 180 posar per innbyggjar per år, medan Sverige brukar 102, Danmark 80 og Tyskland 24. Norske plastposar er solide og 80 prosent av dei gjenbrukas som avfallsposar.
Fleire butikkar og meir spontanhandling
– Handlevanane våre og andre strukturelle forhold påverkar kor mange plastposar som blir selt, seier SIFO-forskar Live Standal Bøyum, som saman med Marie Hebrok har gjort ein gjennomgang av relevant forsking på oppdrag for Handelens Miljøfond.
– Vi i Noreg har god økonomi og høgast kjøpekraft i Europa, vi bryr oss ikkje om at posen kostar ei krone eller to, seier Bøyum.
– Sett i forhold til Sverige har vi høgare butikktettheit og handlar oftare. Fleire butikkar fører gjerne til meir spontanhandling til dømes på veg heim frå jobb. Dessutan tilbyr alle butikkar i Noreg plastposar, medan mange butikkar i Tyskland ikkje tilbyr plastposar i det heile tatt, og det er vanleg å bruke avfallsrullar til hushaldsavfall.
Lite plastposereduksjon i Noreg
Plastbereposane fekk mykje merksemd i Noreg med EUs «plastposedirektiv» i 2015. Direktivet pålegg landa å redusere plastposebruken til 40 posar per innbyggjar innan 2025. Dei ulike landa tok i bruk direktivet på ulike måtar, dei fleste innførte tiltak der forbrukarane må betale for posane. Effekten har variert mykje frå land til land.
I Noreg har forbruket gått ned med 10 prosent etter at Handelens Miljøfond, Noregs måte å oppfylle EU-direktivet på, blei oppretta i 2017. 50 øre av kvar plastpose som blir selt av fondets medlemmar, altså norske daglegvarebutikkar, går til fondet.
Både Danmark og Tyskland har nesten halvert forbruket av plastposar på få år, medan Sverige så vidt er flinkare enn Noreg.
– Ein av årsakene kan vere at tiltaka i Noreg er innførte såpass nyleg, seier Bøyum.
– Danskane har til dømes betalt for posane sidan 1993, og har dermed hatt lengre tid på seg til å endre vanar knytt til bruk av handleposar.
Halvparten av oss seier dei brukar handlenett
Gjennom media har nordmenn blitt kjend med at plastposar slettes ikkje er så ille for miljøet som ein skulle tru. Dei aller fleste blir tross alt resirkulert, og kva skal vi bruke som erstatning?
Likevel ser forskarane at både haldningar og handlingar er i endring.
I ei ny SIFO-undersøking oppgjer heile 68 prosent at dei har redusert plastposeforbruket frå året før. Og 48 prosent oppgjer at dei tok med seg eiget handlenett i matbutikken.
– Vi ser at det er ei endring i miljøhaldningar, som kanskje på sikt vil gjere at plastposeforbruket går ned, seier Bøyum.
– Sett i samanheng med at plastposeforbruket berre har gått ned 10 prosent dei siste to åra, seier sjølvsagt ikkje desse tala at folk no i stor grad har gått over til å bruke handlenett i butikken, men dei kan tyde på at folk oppfattar handlenettet som betre for miljøet satt opp mot plastposen, seier Hebrok.
– Det vi kanskje tenkjer på heilt intuitivt, er at å ta med eiget handlenett eller å bytte til papirposar er det beste, men så enkelt er det dessverre ikkje når ein ser på kor mykje utslepp som kjem frå produksjonsleddet av disse alternativa, seier ho.
Hebrok legg vekt på at dette ikkje berre handlar om klimagassutslepp og ressursforbruk, men også om forsøpling – posar på avvege.
Tre vegar til berekraftig forbruk
Forbruksforskarane opererer gjerne med tre ulike strategiar for berekraftig forbruk. Også plastposeforbruket kan sjåast gjennom dette filteret.
- Produkterstatning. Plastposane blir erstatta posar i meir berekraftig materiale. Vi lar teknologien gjere jobben, og endrar lite på vanane våre.
- Reorganisering. Innføring av nye system som omstrukturerer bruk, til dømes gjenbruk eller pant på poser. Inneber å gjere noko sjølv.
- Redusere forbruket generelt. Kjøpe litt mindre. Ha med seg større beremiddel som ryggsekk og trillekoffert. Handle på nett og få levert maten i kasser heller enn posar.
– Gjenbruk av dei posane du allereie har er det beste du kan gjere som forbrukar, seier Hebrok.
Referanse
Live Standal Bøyum og Marie Hebrok: Forbruksreduksjon av plastposer – en litteraturstudie. SIFO-notat nr. 4-2019
Nøkkelord
Kontakter
Marie Hebrok
Forbruksforskningsinstituttet SIFO
Tlf. 975 16 585
https://www.oslomet.no/om/ansatt/marieh/
Live Standal Bøyum
Forbruksforskningsinstituttet SIFO
Tlf. 928 98 831
https://www.oslomet.no/om/ansatt/boyum/
Kjersti LassenKommunikasjonsrådgiver SIFO
Tel:+47 920 94 990kjersti.lassen@oslomet.noBilder



Lenker
Om OsloMet
Forbruksforskningsinstituttet SIFO skal bidra til å belyse og forstå forbrukets og forbrukernes rolle og betydning i samfunnet og bidra til kunnskapsgrunnlaget for forbrukerpolitikken i Norge. SIFO feirer 80 år i 2019.
Følg pressemeldinger fra OsloMet
Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra OsloMet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra OsloMet
Ny nettside inspirerer barnehager, skoler og andre til å markere morsmålsdagen30.1.2023 11:28:39 CET | Pressemelding
Den internasjonale morsmålsdagen markeres årlig 21. februar over hele verden. Dagen feires for å fremme språklig og kulturelt mangfold. Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring ved OsloMet har sammen med samarbeidspartnere publisert en nettside med inspirasjon til markering av Morsmålsdagen 2023.
Arbeidsledighet er helseskadelig – spesielt for menn20.1.2023 06:00:00 CET | Pressemelding
Menn får flere helseproblemer av arbeidsledighet enn kvinner, ifølge fersk forskning fra OsloMet.
Lanserer ny flerspråklig bildeordbok for bruk i barnehage, skole og voksenopplæring11.1.2023 14:18:01 CET | Pressemelding
Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring (NAFO) ved OsloMet lanserer en gratis flerspråklig bildeordbok.
Tar tak i ingeniørmangelen og utvider studietilbudet20.12.2022 07:20:00 CET | Pressemelding
OsloMet tilbyr nye masterspesialiseringer i geoteknikk og smart vannteknologi fra høsten 2023, for å møte stor etterspørsel etter fagfolk.
Juleeksperter fra OsloMet19.12.2022 13:09:19 CET | Pressemelding
Trenger du en forsker som kan uttale seg om et juletema? Her finner du OsloMets aktuelle juleeksperter.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom