Nordisk båttradisjon innskriven på eksklusiv liste over verdas kulturarv
- Dette er svært gledeleg. Innskrivinga er ei stadfesting av tradisjonar som er med på å føre vidare kunnskapen i ulike lokalsamfunn og ulike land i Norden. I dag lever tradisjonane og kunnskapen og desse kulturuttrykka er ein del av ein felles nordisk identitet, seier Ole Jakob Furset, leiar i Seksjon for kulturarv og museum i Kulturrådet.
Det er første gong UNESCO har fått ein nominasjon frå eit samla Norden. Alle dei nordiske landa har stått saman om arbeidet, og alle dei nordiske kulturdepartementa skreiv under på nominasjonen. Det same har omkring 200 kunnskapsmiljø som kan byggje eller bruke tradisjonelle klinkbåtar, inkludert samiske og kvenske/norskfinske miljø.
Noreg har frå før Oselvarverkstaden, Setesdal-tradisjonen og Nidarosdomens restaureringsarbeider på UNESCO sine lister over immateriell kulturarv.
Ein to tusen år gammal tradisjon
Har du nokon gong gått langs ei brygge og undra deg over båtane som ligg der, tett i tett, og gyngar på havet? Dei har alle ein funksjon, og dei har alle ei historie. Våre eldste båtar var heilt livsnødvendige - dei frakta mat, menneske og handelsvarer. Båtane tok Norden ut i verda, og verda tilbake til Norden. Du har sikkert sett dei store vikingskipa, som til dømes Gokstadskipet. Det er eit skip bygd etter klinkmetoden. Vikingane brukte ikkje berre båtane til tokt og plyndring. Dei brukte småbåtar til alle slags daglegdagse aktivitetar, medan båten i dag blir brukt mest i fritidssamanheng.
Den klinkbygde trebåten har altså ei historie som strekkjer seg minst 2000 år tilbake i tid. Teknikken er kjenneteikna ved at dei overlappande treborda, eller plankane, er sette i hop på ein spesiell måte med jern- eller koparnaglar. Mykje av verktøya er framleis dei same som har vore brukte tradisjonelt; øks, høvlar, klammere og leggfjøler. Mange båtbyggjarar lagar i tillegg sine eigne verktøy.
Det er denne kunnskapen, som har blitt vidareført frå generasjon til generasjon, som er den immaterielle kulturarven. For tradisjonen handlar om meir enn å byggje og ta vare på båtane. Det handlar om alt frå kunnskapane som skal til for å byggje ein båt, kva miljø som held denne kunnskapen i hevd, til kunnskap om korleis klinkbåten blir brukt av ulike fellesskap rundt om i Norden.
Ein berebjelke i kystkulturen
Dei klinkbygde båtane har vore ein føresetnad for livet på kysten i dei nordiske landa i lang tid. Båten var berebjelken i kystkulturen, og den er framleis viktig. Den immaterielle kulturarven dannar eit grunnlag for identitet og tilhøyrsle i samtida. Når vi lærer om våre eigne historiske skikkar, ferdigheiter, sedvanar og kunnskapen til dei som levde før oss, lærer vi også om oss sjølve. På same måte kan vi betre forstå andre når vi lærer om deira kultur; deira kunstuttrykk, munnlege tradisjonar, skikkar, sedvanar, ritual og feiringar. Immateriell kulturarv handlar om møte mellom folk og kulturar verda over.
I klinkbåt-nominasjonen blei tradisjonar som er med på å vidareføre kunnskapen i ulike lokalsamfunn og ulike land i Norden, omtala. I dag lever tradisjonen og kunnskapen vidare i beste velgåande i fleire lokalsamfunn, og desse kulturuttrykka er del av ein felles nordisk identitet.
Forbundet KYSTEN har vore prosjektleiar for arbeidet for å få båtbyggjartradisjonen inn på UNESCO-lista. Organisasjonen har ei årrekkje arbeidd med å forankra ideen hjå ulike båtbyggjarar, lag og organisasjonar, museum og brukarar som er interesserte i denne tradisjonen rundt om i Norden. Prosessen har gitt verdifull innsikt i korleis det står til med tradisjonen og kunnskapsoverføringa hjå utøvarar, lag og organisasjonar i alle dei nordiske landa som har slutta opp om initiativet.
– Vi har lagt ned mykje ressursar i dette arbeidet, men det har vore ein gjevande prosess. Difor er det ekstra stas at arbeidet har gjeve resultat, seier prosjektleiar Tore Friis Olsen i Forbundet KYSTEN.
UNESCOs lister – ei hjelp til å halde kunnskapen i hevd?
Den klinkbygde båten er solid – men kunnskapen er skjør. Båtbyggjarane blir eldre, og rekrutteringa er låg. Det immaterielle kan ikkje vernast på same måte som dei materielle kulturuttrykka - her er det hovudet som veit, og hendene som kan. Vi må altså vidareføre kunnskap og praksisar frå hovud til hovud, frå hender til hender.
Difor er det viktig at vi gjer det vi kan for å sikra grunnlaget for vidareføringa, for å ta vare på noko som har vore livsnaudsynt for menneske i Norden i mange hundre år. Kulturarv er også levande tradisjonar og tradisjonell kunnskap som må førast vidare gjennom samhandling og aktiv læring. Engasjementet for båt- og kystliv, klima og miljø og samhaldet mellom menneske er sjølve drivkrafta i arbeidet. Innskrivinga på UNESCO-lista forpliktar både statspartene og miljøa som arbeider med tradisjonen til å samarbeide om tiltak for å verne og vidareføre kunnskapen.
Seksjonsleiaren i Kulturrådet samanfattar det slik:
- Dei som brukar båtane er viktige, og dei som formidlar kunnskap om tradisjonen er viktige. Dei som utøvar tradisjonen, anten det handlar om å byggje båtar eller bruke dei, er sjølve kjernen, seier Ole Jakob Furset.
Fakta om UNESCO-konvensjonen
I 2003 vart UNESCO-konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven vedteken. Noreg slutta seg til den mellomstatlege avtala i 2007. Dei andre nordiske landa ratifiserte konvensjonen omtrent samtidig. Formålet med konvensjonen er å auke respekt for og kunnskap om immateriell kulturarv.
Kulturrådet har ansvar for å implementere UNESCO sin konvensjon om vern av den immaterielle kulturarven og er Kulturdepartementet sitt fagorgan på dette feltet. For å gjere mangfaldet av immateriell kulturarv synleg verda over har UNESCO oppretta tre lister:
- liste over truga kulturuttrykk
- representativ liste over den immaterielle kulturarven i verda
- forteikning over gode vernepraksisar
Kontakter
Sigmund HaugedalKommunikasjonsrådgiver
Tel:976 34 580sigmund.haugedal@kulturradet.noBilder
Om Kulturdirektoratet
Følg pressemeldinger fra Kulturdirektoratet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kulturdirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Kulturdirektoratet
Over 12 000 søknadar til Statens kunstnarstipend: No er vedtaka klare18.3.2024 13:03:24 CET | Pressemelding
18. mars får 1003 kunstnarar Statens kunstnarstipend. – Å satse på kunsten er å investere i demokrati og fellesskap. Det er særleg viktig i tida vi lever i no, seier fungerande utvalsleiar Arnfinn Bjerkestrand.
Styrking av Kulturrådets skolebibliotekordning30.1.2024 13:21:29 CET | Pressemelding
380 skoler over hele landet inkluderes i Kulturrådets skolebibliotekordning gjennom de neste tre årene. Med Regjeringens styrking av ordningen med 5 millioner kroner fra 2024 vil flere elever få tilgang til et større utvalg nye bøker gjennom sitt skolebibliotek.
Kulturdirektoratet kartlegger kulturlivets arbeid med klima og miljø22.1.2024 11:22:16 CET | Pressemelding
Hvordan arbeider det norske kulturlivet for å nå klimamålene? På vegne av Kulturdirektoratet sender Verian nå ut en undersøkelse til flere hundre av landets kunst- og kulturaktører.
2022 var eit rekordår for kulturbransjen15.12.2023 08:52:01 CET | Pressemelding
I fjor var dei samla inntektene frå omsetning av musikk, litteratur, visuell kunst og scenekunst i overkant av 19 milliardar kroner, viser rapporten «Kunst i tal». Dette er dei høgaste tala som har vorte målt nokon gong.
Kulturdirektoratet skal undersøkja korleis kultursektoren jobbar med samisk kunst og kultur6.12.2023 12:14:42 CET | Pressemelding
I desember vil norske kunst- og kulturverksemder få ei undersøking om korleis dei arbeider med samisk kunst og kultur. Auka innsikt er viktig for det vidare forsoningsarbeidet der kunst og kultur speler ei avgjerande rolle.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom