Statens vegvesen

No startar vedlikehaldet av denne og ni andre bruer i gamle Sogn og Fjordane

Del

Mesta skal vedlikehalda ti bruer i Sogn og Fjordane, på oppdrag frå Statens vegvesen.

Hallinggrov bru på E16 i Aurland har fått fylt elveløpet med massar frå fjellsida, noko som hindrar vatn å strøyma fritt under brua. Her vil prosjektet bestå i å ta vekk steinmassane. Foto: Statens vegvesen
Hallinggrov bru på E16 i Aurland har fått fylt elveløpet med massar frå fjellsida, noko som hindrar vatn å strøyma fritt under brua. Her vil prosjektet bestå i å ta vekk steinmassane. Foto: Statens vegvesen

Bruene som skal vedlikehaldast, er:

¤ Sag bru, E39 i Eid

¤ Årskog bru, E39 i Eid

¤ Torvik bru, riksveg 15 i Eid

¤ Holmøy bru, E39 i Eid

¤ Skårhaug bru, riksveg 15 i Eid

¤ Eide II Øvre bru, riksveg 15 i Stryn

¤ Øvstefoss bru, riksveg 15 i Stryn

¤ Hallinggrov bru I, E16 i Aurland

¤ Bærelva bru, riksveg 5 i Naustdal

¤ Aven bru, E39 i Høyanger

Tre firma ville gjera jobben

Tre firma leverte inn tilbod på oppdraget:

Tilbydar: Tilbodssum ekskl. mva:
Mesta AS 19.487.449,76
Consolvo AS 23.968.667,00
BMO Entreprenør AS 26.289.020,00

Etter at tilboda er kontrollrekna og klagefristen er ute, har Statens vegvesen no signert kontrakt med Mesta.

Dette skal vi gjera

– Vi skal skifta rekkverk og fundament, og utbetra betongskadar. Hovudsakleg vil arbeida verta gjort på dagtid, og det er sett av om lag 60 dagar til kvar bru. Arbeida startar før sommaren i år, og skal være ferdige innan 31. oktober 2024, seier prosjektleiar Trond Ingve Mølstre i Statens vegvesen.

På fleire av strekningane vil vegen verta innsnevra til eitt køyrefelt anten heile eller delar av anleggsperioden.

– Vi er klar over at vedlikehaldsarbeid langs vegen kan skapa trafikale utfordringar. Vi gjer difor alt vi kan for å informera breiast og best mogleg om vedlikehaldet på 175.no, slik at trafikkavviklinga blir smidigast og tryggast mogleg, seier Mølstre.

Det er viktig at alle trafikantar respekterer trafikkreguleringa, uansett om den skjer ved skilting, lys eller dirigent.

– Der vedlikehaldet skaper trafikale utfordringar, freistar vi å gjera oss ferdig med alt når vi er i gang, understrekar han.

Bruene i prosjektet har ein gjennomsnittleg døgntrafikk som varierer frå 1100 køyretøy på riksveg 15 i Stryn til 4.450 køyretøy på riksveg 5 i Naustdal. Det er dette som kallast for årsdøgntrafikk (ÅDT).

Difor gjer vi dette

Bruene som skal vedlikehaldast, er bygde på 60-talet og fram til 1970. Krava til trafikktryggleik på bruer var andre den gongen enn i dag. Og det er difor rekkverka må skiftast ut.

I tillegg fører vér og vind fører til naturleg slitasje på alle bruer, som til dømes armeringskorrosjon (rust).

Ei av bruene i dette vedlikehaldsprosjektet, Hallinggrov på E16 i Aurland, har fått fylt elveløpet med massar frå fjellsida, noko som hindrar vatn å strøyma fritt under brua. Her vil jobben bestå i å ta vekk steinmassane.

Slik jobbar Vegvesenet med bruvedlikehald

Vegvesenet har ansvaret for om lag 6.000 brukonstruksjonar på landets riks- og europavegar. Ei bru har gjennomsnittleg ei levetid på 100 år, så lenge ho får rett vedlikehald til rett tid.

Statens vegvesen sitt grundige inspeksjonsregime sikrar at vi har oversikt over tilstanden på bruene, slik at dei til ei kvar tid er trygge og framkomelege å ferdast på for trafikantane.

Årleg brukar vi rundt ein halv milliard på dette viktige vedlikehaldsarbeidet. For vegdrift handlar ikkje berre om å byggja nytt. Det handlar og om å ta vare på det vi har. Vedlikehald er både billigare og meir miljøvennleg enn å bygga nytt; les meir om dette her, på vår side om drift og vedlikehald av brukonstruksjonar.

Trygge bruer er også med på å gi ein enklare reisekvardag og oppfylla vår visjon om null drepne og hardt skadde i trafikken.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Hallinggrov bru på E16 i Aurland har fått fylt elveløpet med massar frå fjellsida, noko som hindrar vatn å strøyma fritt under brua. Her vil prosjektet bestå i å ta vekk steinmassane. Foto: Statens vegvesen
Hallinggrov bru på E16 i Aurland har fått fylt elveløpet med massar frå fjellsida, noko som hindrar vatn å strøyma fritt under brua. Her vil prosjektet bestå i å ta vekk steinmassane. Foto: Statens vegvesen
Last ned bilde

Om Statens vegvesen

Statens vegvesen
Statens vegvesen
Postboks 1010 Nordre Ål
2605 Lillehammer

22 07 30 00http://www.vegvesen.no

Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.

Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom