No startar ny, grøn vegkontrakt for Sunnfjord og omegn
1.9.2021 13:45:11 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding

– Det er godt å vera i gang. Vi er glade for at vi no startar denne spennande kontrakten som inneheld fleire nye element i vegdrifta, seier prosjektleiar Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen.
Kontrakten går gjennom kommunane Sunnfjord, Sogndal, Høyanger, Gloppen og Kinn.
Kontrakten omfattar første året europaveg 39 frå Lavik til Anda, riksveg 5 frå Fjærlandstunnelen til Skei, og riksveg 5 frå Førde til og med Naustdaltunnelen.
Frå 1. september 2022 blir riksveg 5 frå Mannheller til Fjærlandstunnelen og riksveg 13 frå Sogndal til Hella ein del av kontraktsområdet. Frå 1.september 2023 gjeld dette også riksveg 5 frå Naustdaltunnelen til Florø. Drifta av fylkesvegane i samme område blir overført til Vestland fylkeskommune.
Mesta er entreprenør på kontrakten, etter å ha levert eit tilbod på 249 millionar.
Lavutslepp og nye krav til tunnelvask
I denne kontrakten krev Statens vegvesen lavutslepps-køyretøy for delar av bilparken og maskinparken. Målet er at utslepp frå Vegvesenet sine verksemder skal halverast innan 2030.
– Vidare har vi i denne kontrakten stramma inn på krava til oppsamling av vaskevatn før og etter tunnelreinhald. I vinterdrifta ynskjer vi å redusera saltmengda gjennom å bruka rett utstyr til rett tid, og ved auka bruk av vêrdata. Dette skal bidra til at vi brukar minst mogleg salt for å få best mogleg effekt. Vi har og inngått avtale med NTNU om utredning for best mogleg effektiv vinterdrift på riksveg 5. Dette omhandlar også å sjå på metodar for å redusera utslepp, seier Karlsen.
Kontraktsområdet har i alt 27 tunnelar med ei total lengd på 49 kilometer. På strekningane vil det i kontraktsperioden føregå fleire utbyggingsprosjekt.
Kontrakten gjeld i fem år, fram til hausten 2026. Viss partane er einige, er det mogleg å forlenga kontrakten med opptil tre år. I tillegg har Statens vegvesen eitt års einsidig opsjon.
Lokale underentreprenørar
Når alle riksvegane er fasa inn, vil kontrakten omfatta 338 kilometer riksveg og 65 kilometer gang- og sykkelveg.
Første driftsåret er det i Mesta 13 faste tilsette, som alle høyrer til i distriktet, som skal syta for drifta av riks- og europavegane i Sunnfjord, Sogndal, Høyanger, Gloppen og Kinn.
I tillegg blir følgjande lokale firma underentreprenørar:
¤ Magne Hafstad AS (Førde), to lastebilar til vinterdrift
¤ Ljotebø Transport AS (Vadheim), tre lastebilar til vinterdrift
¤ Olav Hjelmeset AS (Sandane), fire lastebilar til vinterdrift
¤ Stein Arne Sunde AS (Skei), tre lastebilar til vinterdrift
¤ Ivar A. Sunde AS (Vassenden), to-tre traktorar til vinterdrift av gang og sykkelveg, samt fortau
På kvar av brøyte-/strøbilane er det sysselsett to-tre personar i vintersesongen.
¤ Gravdal Skog og Hageservice AS (Førde) vert mykje nytta i samband med trafikkavvikling og trefelling.
Samtlige lokale entreprenørar kan også bli brukt i samband med opprydding etter skred og flaum, samt anna større og mindre tilleggsarbeid som kjem til.
Nye, grøne vegkontraktar i heile landet
I dag har Vegvesenet rulla ut nye vegkontraktar for heile landet.
Her kan du lesa kva vi tidlegare har skrive om driftskontrakt Sunnfjord:
Tre vil drifta riksvegane i Sunnfjord og omegn på ein miljøvennleg måte | Statens vegvesen (ntb.no)
Bruken av vegsalt skal ned, mellom anna gjennom bruk av ny teknologi | Statens vegvesen (ntb.no)
Nye kontrakter for grønnere drift av riksvegene | Statens vegvesen (ntb.no)
Nøkkelord
Kontakter
Lars Erik KarlsenProsjektleiarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:95191827lars.karlsen@vegvesen.noBilder


Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Husk å påregistrere kjøretøyet før du drar på tur i påska30.3.2026 08:42:19 CEST | Pressemelding
Påsken er høysesong for utfart. Før du legger ut på tur må du å sjekke at kjøretøyet er påregistrert!
E6 Raudhammartunnelen åpner for normal trafikk29.3.2026 17:02:45 CEST | Pressemelding
Opprydningsarbeidet vil fortsette på nattestid.
Raudhammartunnelen på E6 åpner for regulert trafikk28.3.2026 13:24:20 CET | Pressemelding
Veien åpner for regulert trafikk med ledebil i dag kl. 13:45.
Statens vegvesen jobber for fult for å kunne åpne tunnelen med regulert trafikk på E6 i Raudhammartunnelen i løpet av morgendagen27.3.2026 19:51:21 CET | Pressemelding
I tillegg settes det opp nytt fergesamband etter tunnelbrannen i Sørfold natt til fredag.
Raudhammartunnelen: Midlertidig unntak fra kjøre- og hviletid27.3.2026 17:08:03 CET | Pressemelding
Som følge av bussbrannen i Raudhammartunnelen på E6 i Sørfold i Nordland har Vegdirektoratet besluttet midlertidige unntak fra reglene om kjøre- og hviletid.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
