No startar ny, grøn vegkontrakt for Haugesund og omegn
– Det er godt å vera i gang. Vi er glade for at vi no startar denne spennande kontrakten som inneheld fleire nye element i vegdrifta, seier byggeleiar Rolf Anders Tønder Svensson i Statens vegvesen.
Kontrakten går gjennom kommunane Karmøy, Haugesund, Tysvær, Bokn, Strand, Hjelmeland, Suldal, Sveio, Stord, Fitjar, Vindafjord, Etne og Ullensvang.
Miljøkrav og meir effektiv brøyting
Mesta er entreprenør på kontrakten etter å ha levert eit tilbod på 387 millionar.
I tillegg til nye miljøaspekt som lavutslepps-køyretøy og rapportering av CO2-utslepp, er det i kontrakten krav om å bruka tandembrøyting, som er ein ny og meir effektiv type brøyting.
– Tandembrøyting er noko vi alt har god erfaring med. Det fungerer slik at to køyretøy brøyter saman. Dei legg seg etter kvarandre slik at dei dekker kvar sin ytterkant av køyrebanen. Takka vere dette gjer vi oss ferdige med brøytinga i éi køyreretning i éin operasjon, legg Svensson til.
Kontrakten omfattar E39, E134 og riksveg 13. Det er på dei to sistnemnde strekningane det er krav om tandembrøying i vinterdrifta. I store delar av innlandsområdet er vegnettet også utsett for skred.
Det er eit geografisk vidtfamnande kontraktområde med store topografiske forskjellar. Det går frå kystnære strøk til fjell, kor ein på E134 og riksveg 13 finn mange av dei 70 tunnelane i denne kontrakten.
Fleire stader er det få og avgrensa moglegheiter for omkøyring, med til dels lange omvegar. Det er sjeldan er tunnelane er heilt stengde, og Statens vegvesen krev framleis høg oppetid. I tillegg til fjelltunnelane, er også drifta av undersjøiske Bømlafjordtunnelen på E39 med i oppdraget.
Kontrakten gjeld i fem år, fram til hausten 2026. Viss partane er einige, er det mogleg å forlenga kontrakten med opptil tre år. I tillegg har Statens vegvesen eitt års einsidig opsjon.
Det er totalt 516 kilometer riksveg og 92 kilometer gangveg i kontraktsområde Haugesund.
Lokale underentreprenørar
Mesta har åtte eigne tilsette sysselsette i samband den nye driftskontrakten, og nyttar seg i tillegg av fleire lokale underentreprenørar på vinterdrifta:
RMS vei AS frå Etne stiller med ti bilar, og Gausland Transport frå Årdal stiller med tre.
Det vil vera to-tre personar som bemannar kvar av bilane.
Nye, grøne vegkontraktar i heile landet
I dag har Vegvesenet rulla ut nye vegkontraktar for heile landet.
Her kan du lesa kva vi tidlegare har skrive om driftskontrakt Haugesund:
Tre vil brøyta meir effektivt på riksvegane i Haugesund og omegn | Statens vegvesen (ntb.no)
Skal brøyta meir effektivt i Haugesunds-området | Statens vegvesen (ntb.no)
Nye kontrakter for grønnere drift av riksvegene | Statens vegvesen (ntb.no)
Nøkkelord
Kontakter
Rolf Anders Tønder SvenssonByggeleiarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:48027103rolf.anders.tonder.svensson@vegvesen.noBilder
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Mulig lengre tunnel gir utsatt planforslag på E3918.12.2024 15:26:47 CET | Pressemelding
Planforslaget for E39 Astad-Bjerkeset kommer over nyttår, da Statens vegvesen måtte gjøre tilleggsvurderinger av kostnadsoverslag og tunnellengde.
Stadig flere nullutslippskjøretøy18.12.2024 12:00:00 CET | Pressemelding
88,1 prosent av alle nye førstegangsregistrerte personbiler hittil i 2024 er nullutslippsbiler.
Tjeldsundbrua blir lysregulert ut februar18.12.2024 09:53:39 CET | Pressemelding
Alle pendellager på Tjeldsundbrua på E10 må byttes ut. I tillegg til lysregulering, vil det fra slutten av januar bli kortere perioder med nattestenging av brua.
Signerte samarbeidsavtale om Norges første hydrogengraver18.12.2024 07:00:00 CET | Pressemelding
En ombygd Volvo gravemaskin kan bli et viktig bidrag i arbeidet med å kutte utslipp av klimagasser fra anleggsbransjen.
Nå går rv. 3 trafikken over nye Tunna bru17.12.2024 14:57:13 CET | Pressemelding
Norges lastebileierforbund har vært en pådriver for å bygge ny veg langs og over Tunna nord for Tynset. Tirsdag klippet regionsjef Guttorm Tysnes snora for den nye vegen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom