Helse Vest RHF

No skal sjukehusa på Vestlandet bruke videokonsultasjonar

Del
For å halde fysiske møter mellom menneskjer til eit minimum og redusere risiko for smitte, vil sjukehusa no bruke videokonsultasjonar så langt det er mogleg.
Hilde Christiansen, direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest
Hilde Christiansen, direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest

​I Helse Vest har dei jobba på spreng dei siste vekene for å få klar ei god og sikker løysing for videokonsultasjonar. No skal polikliniske konsultasjonar bli gjennomført via video i heile Helse Vest.

– Det er viktig å halde dei tilsette og pasientar friske, samstundes som alle skal få eit godt og tilstrekkeleg tilbod. At vi no kan tilby videokonsultasjonar i ein større skala er eit viktig tiltak for å redusere smitterisikoen i sjukehusa, seier Hilde Christiansen, direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest.

Personvernet har høgste prioritet

Løysinga som no blir tilgjengeleg er allereie klar til bruk, og over tusen virtuelle møterom har blitt bestilt av ulike avdelingar i sjukehusa. Behandlaren som ønskjer å bruke videokonsultasjon må bestille eit eige virtuelt møterom som pasienten blir kalla inn til. Dette skal bidra til å sikre personvernet til pasienten.

– Personvernet til pasienten har høgste prioritet når vi vel å ta i bruk videokonsultasjonar. Vi har gode rutinar og strenge krav som skal sikre at vi tek i vare personvernet også ved ein elektronisk konsultasjon, seier Christiansen.

Pasientane loggar seg inn på helsenorge.no med BankID, anten via smarttelefon, PC eller nettbrett, der dei har fått tilsendt eit elektronisk innkallingsbrev. I innkallingsbrevet ligg det ei lenkje som pasienten kan trykkje på for at løysinga skal opne seg. Møteromma blir låst under ein konsultasjon, slik at ingen andre kan kome inn i det virtuelle møterommet.

Pasientar må registrere samtykke på helsenorge.no

Dei pasientane som er aktuelle for ein videokonsultasjon vil bli kontakta av sjukehuset. Sjukehusa sender elektroniske innkallingsbrev via helsenorge.no, og informasjon om endring av time vil også bli formidla her. Når sjukehuset sender eit elektronisk brev via helsenorge.no, vil pasienten få tilsendt ei SMS-varsling. 

– Behandlaren skal vurdere om ein konsultasjon krev at pasienten er fysisk til stades, eller om konsultasjonen kan bli gjennomført via video eller telefon. For at pasientar skal kunne gjennomføre videokonsultasjon, må dei først logge inn på helsenorge.no og registrere sitt samtykke slik at sjukehuset kan kalle dei inn, seier Christiansen.

Les meir om registrering av samtykke her

På helsenorge.no må du logge deg inn med BankID. Ikkje alle har moglegheit til dette, som for eksempel barn mellom 12 og 16 år. Det blir arbeida med ei løysing også for desse gruppene, men i mellomtida har sjukehusa tatt i bruk andre løysingar.

Nokre avdelingar, særleg ved Stavanger universitetssykehus, har brukt andre løysingar for videokonsultasjon ei stund allereie. Desse vil førebels bruke same løysing som før for sine pasientar.

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Hilde Christiansen, direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest
Hilde Christiansen, direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest
Last ned bilde

Om Helse Vest RHF

Helse Vest RHF
Helse Vest RHF
Postboks 303 Forus
4066 Stavanger

+47 51 96 38 00https://helse-vest.no/

Helse Vest RHF er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg. Vi har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. I heile Helse Vest er det om lag 30 000 tilsette som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane på Vestlandet. Helse Vest er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet. Vi eig dei fem helseføretaka i regionen, Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.

Følg pressemeldinger fra Helse Vest RHF

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Helse Vest RHF på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Helse Vest RHF

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye