Nattogtilbod mellom Oslo og København er fullt mogleg, men endeleg avgjerd krev meir kunnskap
25.11.2021 06:00:00 CET | Samferdselsdepartementet | Pressemelding

Samferdselsdepartementet bad tidlegare i år Jernbanedirektoratet om å sjå på moglegheitene for å etablere eit nattogtilbod mellom den norske og den danske hovudstaden. Tidlegare denne månaden oversendte direktoratet ein rapport, som slo fast at det er mogleg å starte opp eit slikt tilbod. No ber departementet om at Jernbanedirektoratet arbeider vidare, slik at regjeringa har eit godt kunnskapsgrunnlag til å kunne avgjere om eit nattogtilbod mellom dei to byane blir ein realitet eller ikkje.
– Stadig fleire reisande ønskjer å kunne ta klimavenlege val også på lengre reiser. Dette har mellom anna ført til ei fornya interesse for nattog i Europa. I dag finst det ikkje eit slikt tilbod mellom Oslo og utanlandske byar. I Hurdalsplattforma er vi klare på at vi vil styrkje nattogtilbodet. Det vil difor vere positivt om dei reisande kan få eit nattogtilbod mellom Oslo og København. Det har ikkje gått nattog på denne strekninga på over 20 år. Men for å ta endeleg stilling til dette, treng vi meir kunnskap først, seier samferdselsministeren.
Skal gjennomføre marknadsundersøking
Både teknisk og juridisk ligg tilhøva til rette for å etablere eit nattogtilbod mellom Oslo og København. Ifølgje Jernbanedirektoratets rapport vil det truleg òg vere marknadsgrunnlag for dette, men at det er tilrådeleg å gjennomføre ei marknadsundersøking. Ein viktig grunn er at det ikkje eksisterer reisevanedata på tvers av landegrensene. Samferdselsdepartementet ber difor direktoratet gå i gang med dette. Arbeidet med marknadsundersøking vil òg vere eit grunnlag for samfunnsøkonomiske vurderingar i samband med ei eventuell etablering av nattogtilbodet.
Behov for togmateriell
For å etablere eit nattogtilbod på strekninga, er det òg behov for å skaffe togmateriell. Samferdselsdepartementet har difor bede direktoratet om å gå i dialog med Norske tog AS for å få vurdert og eventuelt starte ein ikkje-forpliktande prosess for å kunne skaffe slike tog.
Vidare prosess
Jernbanedirektoratet har frist til 20. mai 2022 med å oversende grunnlagsmateriale med tilråding til Samferdselsdepartementet.
For fleire opplysningar
- Rapport frå Jernbanedirektoratet om nattogtilbod på strekninga Oslo-København (sjå vedlegg)
- Supplerande tingingsbrev nr. 8 – tinging til Jernbanedirektoratet om å utarbeide endeleg avgjerdsgrunnlag for å ev. å setje i gang eit nattogtilbod mellom Oslo og København (sjå vedlegg)
Nøkkelord
Kontakter
Pressekontakt08-16 på hverdager
Tel:919 14 777sdinfo@sd.dep.noBilder

Dokumenter
Om Samferdselsdepartementet
Samferdselsdepartementet har det overordnede ansvaret for rammevilkår for postvirksomheten, for luftfarts-, vei- og jernbanesektoren og for riksveiferjene.
Følg pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Samferdselsdepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Samferdselsdepartementet
Nye kontraktar sikrar at alle kan få lokalavisa i postkassa16.10.2026 13:00:19 CEST | Pressemelding
Samferdselsdepartementet har sendt ut ein konkurranse om statleg kjøp av avisdistribusjon til postkasser på tysdagar, torsdagar og fredagar til område utan kommersielle avisbodnett.
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Finnmark mandag 12. oktober9.10.2026 16:45:15 CEST | Presseinvitasjon
Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam skal på fylkestur til Finnmark (Kirkenes) mandag 12. oktober.
Presseinvitasjon: Samferdselsministeren til Trøndelag fredag 9. oktober8.10.2026 11:33:02 CEST | Pressemelding
Samferdselsminister Kamzy Gunaratnam skal på fylkestur til Trøndelag fredag 9. oktober. Veg, jernbane og mobilitetsløysingar i storbyområde er tema for dagen.
Statsbudsjettet 2027: Framleis høge ambisjonar for samferdsel7.10.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
Regjeringa foreslår å løyve i alt 105 milliardar kroner til samferdsel i 2027. Mellom anna foreslår regjeringa å løyve 51,7 milliardar kroner til vegformål, 32,4 milliardar kroner til jernbana, 7,1 milliardar kroner til byområda og 3,4 milliardar kroner til luftfarten.
Regjeringen foreslår å heve aldersgrensen for bruk av elsparkesykler til 16 år5.10.2026 18:24:39 CEST | Pressemelding
Det har vært en kraftig økning i antall barn og unge som skader seg på elsparkesykkel. Nå ber vi Statens vegvesen sende på høring et forslag om å heve aldersgrensen fra 12 til 16 år.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
