Nattestengde E16-tunnelar mellom Voss og Trengereid
15.10.2021 07:00:00 CEST | Statens vegvesen | Pressemelding

– Me skal leggja sprøytebetong på eksisterande overflate, og sikra fjellet med boltar. Dette er ein del av det jamnlege sikringsarbeidet me gjer for å vareta trafikktryggleiken i tunnelane som er mellom dei mest inspiserte og overvakte elementa på norske riks- og europavegar, seier byggeleiar Åge Johan Fanebust i Statens vegvesen.
Difor må tunnelane stengjast
Alt arbeid vil foregå mellom klokka 21.00 og 06.00 frå måndag kveld til fredag morgon. Desse tidspunkta er vald sidan trafikken er minst på natta.
Prosjektet vil likevel få konsekvensar for trafikantane, sidan tunnelane må stengjast medan jobben pågår.
Dette skuldast at sprøytebetongen treng tid for å herda og tørka.
– Me beklagar ulempa det vil gje for bilistane at tunnelane vert heilt stengde medan arbeidet pågår, men då er det viktig å understreka at me gjer denne jobben nettopp for dei; for at trafikktryggleiken skal kunna varetakast også i framtida. Me tek trafikktryggleiken på største alvor, understrekar Fanebust.
Når skal jobben gjerast?
Arbeidet i tunnelane vert fordelt som fylgjer:
Veke 42: Tunnelane frå og med Trengereid til og med Vaksdal. Det vil seia Trengereid-, Stavenes-, Langhelle-, Kjenes-, Boga- og Jamnatunnelen.
Veke 43: Arbeid i Trollkone-, Hyving-, Nakkagil- og Holemarktunnelen. I denne veka kan personbilar køyra over Hamlagrø om natta.
Veke 44: Hernes- og Væletunnelen samstundes, og på slutten av veka Knoltatunnelen.
Utrykkingskøyretøy kan passera etter avtale med stadsansvarleg.
Planlegg reisa di
Statens vegvesen oppmodar alle om å sjekka 175.no før ein skal ut reisa.
Her finn ein til ei kvar tid oppdatert informasjon om situasjonen på alle norske vegar, slik at trafikantane mellom anna kan planleggja omkøyring når det er naudsynt.
Nøkkelord
Kontakter
Åge Johan FanebustByggeleiarStatens vegvesen Drift og vedlikehold
Tel:99519887aage.fanebust@vegvesen.noBilder



Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Statens vegvesen held fram si grøne tungbilsatsing langs E39 på Vestlandet6.10.2026 12:37:01 CEST | Pressemelding
Det er no opna ein heilt ny døgnkvileplass med tungbillading på E39 Sande i Sunnfjord.
Skift til vinterhjul før snøen kommer6.10.2026 11:54:43 CEST | Pressemelding
Høstferien kan by på glatte veier selv om gradestokken viser plussgrader. Statens vegvesen ber deg følge med på vær og føre, og kontrollere vinterdekkene før de tas i bruk.
Stenger E18 Bolstadtunnelen i én retning om natta5.10.2026 15:33:03 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen skal utføre forberedende vedlikeholdsarbeid på E18 Bolstadtunnelen i Vestfold fire kvelder og netter denne uka og tre uker til.
Inspeksjon stenger Stavanger-tunneler5.10.2026 14:34:07 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen skal neste uke, uke 42, ha inspeksjoner i tre Stavanger-tunneler, noe som gjør det nødvendig å stenge.
Nattarbeid i Hardanger-tunnelar på rv. 13 og rv. 7 denne veka og neste5.10.2026 11:26:04 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen legg sprøytebetong i tunnelar på rv. 13 og rv. 7 i uke 41 og 42, altså denne veka og neste.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
