
Nasjonalbiblioteket samarbeider med Nynorsk pressekontor (NPK) og NTB om vidareutvikling av “nynorskroboten”

- Vi i NPK og NTB er svært glade for at Nasjonalbiblioteket vil vere med på vidareutviklinga av “nynorskroboten” vår og ser verdien av vårt arbeid for å styrke det norske språket generelt. At nyheitssakene våre kan legge grunnlaget for innovasjon og språkteknologi er eineståande! I tillegg samsvarar det godt med samfunnsoppdraget til NPK som har eit eige ansvar for å styrke det nynorske mediespråket, seier ansvarleg redaktør i Nynorsk pressekontor, Karoline Riise Kristiansen.
Nynorsk pressekontor fekk Nasjonalbiblioteket med på laget allereie hausten 2019. Så mange som 37.000 parallelltekstar på nynorsk og bokmål, til saman 74.000 saker, blei i 2019 overført til Nasjonalbiblioteket for vidare bruk i språkteknologisk forsking og tenesteutvikling. Tekstane er nyheitsartiklar produsert av NTB og omsett av Nynorsk pressekontor. Dei to nyheitsbyråa har samarbeidd om nyheitsproduksjon på bokmål og nynorsk sidan 2007.
- Språkbanken er ei teneste i Nasjonalbiblioteket som tilbyr data til språkforskarar og verksemder som utviklar språkteknologiske produkt. Parallelltekst av høg kvalitet er “gull” for språkteknologisk utvikling. Slike data blir brukt til ei rekke føremål, blant anna til å utvikle digitale læremiddel tilpassa nynorskbrukarar. “Nynorskroboten” er utvikla med opa kildekode. På sikt vil tenesta kunne brukast av både private og offentlege verksemder, seier Hege Stensrud Høsøien, direktør for fag og forsking i Nasjonalbiblioteket.
Samarbeidet vil auke produksjonen av parallelltekstar på nynorsk og bokmål, styrke kvaliteten til “nynorskroboten” og gjere det enklare for andre å bruke han til eigne føremål.
Kontakter
Karoline Riise KristiansenAnsvarleg redaktør i Nynorsk pressekontor
Tel:+47 906 75 066karoline@npk.noHege Stensrud HøsøienDirektør for fag og forsking i Nasjonalbiblioteket
Tel:+47 928 55 122hege.hosoien@nb.noBilder

Om Nynorsk Pressekontor
Nynorsk pressekontor (NPK) har eksistert sidan 1969, då Stortinget løyvde pengar til å starte eit nyheitsbyrå som skulle få meir nynorsk inn i avisene.
NPK er i dag drive av ei sjølveigande stifting – Stiftinga Nynorsk pressekontor (SNPK). Organisasjonane Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Kringkastingsringen peikar ut representantar til styret i stiftinga.
Stiftinga har som si fremste oppgåve å styrkje nynorsken i pressa. For å få til dette skal NPK spreie allsidig stoff til avisene på nynorsk.
NPK har eit breitt stoffutval. Vi dekkjer nasjonale saker av allmenn interesse, samtidig som vi har eit eige auge for distrikta. Vi skriv om jordbruk, skogbruk, fiske og fangst, industri, reiseliv, samferdsel, kultur og underhaldning, forsking og utdanning, organisasjonsliv og politikk. I tillegg skriv NPK om språk generelt og nynorsk spesielt. Gjennom samarbeidet vårt med NTB leverer vi også viktige internasjonale nyheiter og sport.
Sidan 2007 har Stiftinga Nynorsk pressekontor hatt ein samarbeidsavtale med NTB om å drifte redaksjonen i NPK. Nynorsk pressekontor held derfor til i kontorlokala til NTB i Hamnelageret i Oslo.
Følg pressemeldinger fra Nynorsk Pressekontor
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nynorsk Pressekontor på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.