Nasjonal turistveg Aurlandsfjellet: Frå parkeringslomme til ryddig rasteplass – Sluppen premiereopnar onsdag 31. mai.

Parkeringsarealet er gruslagt og byr på ei hyggjeleg og universelt utforma sitjegruppe. Rasteplassen er avgrensa av ein bølgjande natursteinsbrystning som er inspirert av dei mjuke formene til elvelandskapet rundt. Ei lita informasjonstavle fortel dei besøkande om moglege fotturar i området.
For dei som ønsker å bevege seg er det tilrettelagt ein sti med trapper ned til elva. Stien er lagt nennsamt i landskapet for å gjera minst mogeleg terrenginngrep og ta vare på eksisterande tre. I tilknyting til stien er det laga to ulike sitjeplassar med benker som er trekt noko unna sjølve gangstien.
Åpningsseremonien begynner kl. 14, onsdag 31. mai.
Frå programmet:
- Velkommen ved Nasjonale turistvegar, Statens vegvesen
- Arkitekturen ved landskapsarkitekt Kari Bergo, Østengen & Bergo AS
- Nasjonale turistvegar og betydninga for reiselivet ved Renate Kvåle Hagen, marknadssjef i Visit Sognefjord
- Ordførar Audun Mo i Lærdal står for den offisielle opninga
Kulturelle innslag ved Kulturskulen i Lærdal og servering frå Fredag & Fretland Bakeri.
Landskapsarkitekt: Østengen & Bergo AS / Entreprenør: Anleggsgartnar Jan Erik Sandal AS / Byggherre: Statens vegvesen / Fullført: 2023
Opninga av Sluppen er den første av seks opningar i 2023 langs Nasjonale turistvegar som i år kan markera 30 år med kunst og arkitektur på rasteplassar og utsiktspunkt i storslått natur langs 18 strekningar. Det var i 1993 Stortinget bad Samferdselsdepartementet om å sjå nærmare på kombinasjonen veg og reiseliv. Statens vegvesen tok ansvaret. Resultatet er i dag ein nasjonal attraksjon med internasjonal appell som medverkar til auka lønsemd for lokalt næringsliv.
Jubileumsmarkeringa Rast viser kombinasjonen kunst, arkitektur og reiseliv langs 18 Nasjonale turistvegar gjennom 30 år. Markeringa blir halden på Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo med seminar og utstilling i tidsrommet 15. – 25. juni. Les meir om 30-årsmarkeringa Rast her:
https://www.nasjonaleturistveger.no/no/30-arsmarkeringen-rast/
Kontakter
Per RitzlerSeniorrådgiverStatens vegvesen, Nasjonale turistveger
Tel:911 04 480per.ritzler@vegvesen.nohttps://www.nasjonaleturistveger.noBilder
Om Statens vegvesen
Statens vegvesen arbeider for å skape et smart og sammenhengende transportsystem på vei for hele Norge. Det skal være enkelt å reise og transportere varer – på sikre veier tilpasset framtidens behov.
Følg pressemeldinger fra Statens vegvesen
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Statens vegvesen på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Statens vegvesen
Hovedkontrakten på E8 Sørbotn–Laukslett er nå tildelt30.5.2023 16:55:48 CEST | Pressemelding
Arbeidsfellesskapet Bertelsen & Garpestad AS og Metrostav Norge AS har vunnet anbudskonkurransen for hovedkontrakt K06 på E8 Sørbotn–Laukslett.
Framleis vinter på Hardangervidda30.5.2023 15:01:53 CEST | Pressemelding
Medan du førebur deg på sommar, er brøyting framleis ein del av kvardagen til Vegvesenets entreprenør på Hardangervidda.
Disse plenklipperne bidrar til Vegvesenets utslippskutt30.5.2023 13:36:59 CEST | Pressemelding
Utslippsfrie plenklippere gjør Statens vegvesens grøntanlegg i Stavanger og Sandnes enda grønnere.
Bruk sommeren til øvingskjøring30.5.2023 06:10:00 CEST | Pressemelding
Statens vegvesen oppfordrer alle som planlegger å skaffe seg førerkort om å øve mye og regelmessig i sommer. De som har øvingskjørt mye er mindre utsatt for ulykker etter at de har fått førerkort.
Bli med inn i den nye Skarvbergtunnelen på E6926.5.2023 16:09:40 CEST | Pressemelding
I dag åpnet Skarvbergtunnelen på E69 i Porsanger med pomp og prakt,
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom