Næringsministeren vil skrote brukthandellova
21.11.2022 07:56:50 CET | Nærings- og fiskeridepartementet | Pressemelding

– Vi skal inn i sirkulæralderen, ikkje tilbake til steinalderen. Derfor vil eg skrote brukthandellova, og presentere eit oppdatert regelverk i løpet av neste år, seier næringsminister Jan Christian Vestre.
Statsråden er kjend med at brukthandellova skaper utfordringar for mange som driv med brukthandel. Lova krev mellom anna at dei søkjer løyve hos politiet, fører protokoll over klede og varar og oppbevarer dei i 14 dagar før dei blir lagt ut for sal.
Endra vanar for handel
Formålet med lova frå 1999 er å førebyggje omsetning av stolne eller ulovleg mottekne gjenstandar og å lette arbeidet til politiet med å oppspore slike gjenstandar.
Næringsministeren meiner lova er gammaldags og ikkje høyrer heime i ei sirkulær tid.
– Måten vi handlar på har endra seg dei siste åra, med nye digitale salskanalar og stor interesse for gjenbruk. Eg vil skape eit regelverk som er tidsriktig, samtidig som det forhindrar omsetning av stolne varer og anna uønskt verksemd. Dette hastar, og derfor har regjeringa allereie sett av to millionar i statsbudsjett for å setje i gang arbeidet. Bruk- og kastsamfunnet er ikkje berekraftig, og vi vil gå etter alt som hindrar overgangen til ein sirkulær økonomi, seier han.
Frivilligheita er unntatt
I ei ny tolkingsuttale konkluderer Nærings- og fiskeridepartementet med at aktørar som driv brukthandel som frivillig verksemd ikkje blir omfatta av brukthandellova. Uttalen er basert på ei vurdering av handel av varar «i næring» etter brukthandellova si § 1.
– Dette er gode nyheiter for frivilligheita. No er det tydlegare kven som fell innanfor og utanfor gjeldande regelverk. Dei som fell utanfor treng ikkje løyve frå politiet. Dei har heller ingen plikter når det gjeld protokoll eller oppbevaring. No manglar det berre å fornye heile regelverket, og det kjem snart, seier Vestre.
Departementet vurderer at risikoen for heleri er låg ved verksemder som ikkje driv fortenestebasert. I enkelte tilfelle vil ein framleis måtte vurdere konkret om verksemda er «i næring», til dømes om omsetninga er av eit visst omfang, heiter det i uttalen.
Tek med bransjen
Etter nyttår vil næringsministeren invitere til innspelsmøte med både kommersielle og frivillige aktørar som driv brukthandel.
– Eg har full forståing for at bransjen ønskjer ei rask endring av regelverket. Eg er veldig utolmodig, men også oppteken av at vi får til ein god prosess. Målet er at regelverket for brukthandel aktivt fremmar sirkulærøkonomi, samtidig som formålet i lova om å forhindre heleri blir vareteken, seier Vestre.
I 2019 sende Nærings- og fiskeridepartementet forslag om å oppheve brukthandellova på høyring. Høyringsinstansane var delte. Fleire aktørar støtta forslaget, men mange var også imot som følgje av ei bekymring for at manglande moglegheiter for tilsyn og kontroll kan føre til auka økonomisk kriminalitet.
Bilder

Om Nærings- og fiskeridepartementet
Nærings- og fiskeridepartementetKongens Gate 8
0032 Oslo
Pressevakt: 902 51 303 (ikkje SMS)https://www.regjeringen.no/nfd
Departementet (NFD) utformar ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk.
Følg pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Nærings- og fiskeridepartementet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Nærings- og fiskeridepartementet
Mer kråkebolle til Kina!29.10.2026 09:10:02 CET | Pressemelding
Norge og Kina signerte i dag en protokoll for norske villfangede arter i Beijing.
Snøkrabbekvoten aukar i 202728.10.2026 17:24:40 CET | Pressemelding
Nærings- og fiskeridepartementet har fastsett totalkvoten for snøkrabbe i 2027 til 16 594 tonn.
Vågan kommune får innføre besøksbidrag28.10.2026 16:33:21 CET | Pressemelding
Vågan er blant dei første kommunane i Noreg som får godkjent planen sin for besøksbidrag. Det betyr at kommunen kan innføre overnattingsavgift frå 2027.
Stranda kommune får innføre besøksbidrag28.10.2026 16:30:34 CET | Pressemelding
Stranda er blant dei første kommunane i Noreg som får godkjent planen sin for besøksbidrag. Det betyr at kommunen kan innføre overnattingsavgift frå 2027.
Tromsø kommune får innføre besøksbidrag28.10.2026 16:23:27 CET | Pressemelding
Tromsø er blant dei første kommunane i Noreg som får godkjent planen sin for besøksbidrag. Det betyr at kommunen kan innføre overnattingsavgift frå 2027.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom