Sparebanken Vest

Nå får du endeleg kontroll på bankkontoane dine

Del
Har du fleire kontoar fordelt hos Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest, får du nå tilgang til kontoane dine i ein av bankane sine nettbankar. Dei to bankane er fyrst ute i Noreg med denne tenesta. I løpet av dei neste månadene krev EU at alle norske bankar må opne opp for konkurrentar.
Grafikk: Colourbox/Sparebanken Vest
Grafikk: Colourbox/Sparebanken Vest

I praksis betyr dette at til dømes ein kunde i Sparebanken Sogn og Fjordane, eller kva som helst anna bank - etterkvart - kan betale sine rekningar i Sparebanken Vest sin nettbank, eller omvendt, eller hos andre selskap som tilbyr betalingsløysingar, som du gjer tilgang til dine kontoar.

- Du får full oversikt på ein stad sted, og mogelegheit til å betale alle dine rekningar frå ein nettbank, uansett om du har kontoar i andre bankar. Èi innlogging med BankID held, seier Bjørg Marit Eknes, konserndirektør for Innovasjon og kundeoppleving i Sparebanken Vest.

Neste år kan du som bankkunde godkjenne at dine bankkontoar hos andre bankar vert samla i èin eller fleire av nettbankane dine.

- Med informasjonen vi får inn frå andre bankar har vi mogelegheit til å gi kundane betre oversikt over økonomien sin, og det er ein god grunn i seg sjølv til å gjere dette. Ein av fordelane for oss som bank er at vi får prøvd en teknologi som vi veit kjem og får testa ut et samarbeid om utvikling som ofte er vanskeleg å få til i bankverda i dag, i tillegg til at vi kan ta til oss lærdom og kunnskap og vere i forkant, seier teknologidirektør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Reiel Haugland.

Meir valfridom til kundane
Bankane møter mange utfordrarar og PSD2, EUs betalingstenestedirektiv, vil berre forsterke dette og akselerere konkurransesituasjonen. Når fintech-startups og Silicon Valley-gigantane som Facebook, Google, Apple og Amazon alle byrjar å tilby tenester som tidlegare har vore reservert bankane, i tillegg til store kinesiske aktørar som WeChat og Alibaba entrar marknaden, så byrjar varsellampene å blinke hos bankane.

Innføringa av PSD2 i 2019, fører til store endringar i finansbransjen. Akkurat no ser mange aktørar mogelegheiter i banken si verdikjede. Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane bruker sjølve mogelegheita til å utvide sine marknadsområder.

Alle kontoane dine på ein stad
Mange nordmenn har i dag kontoar i fleire bankar. Det betyr at dei må logge seg på separat for å få oversyn frå bank til bank. Men no kan du sjå fleire bankkontoar i ulike banker. I løpet av kort tid vil og fleire bankar følge etter, mellom anna Sbanken som allereie er med i prosjektet.

Tidleg ute
For kunden inneber samarbeidet enkel felles oversyn over sine kontoar og transaksjonar, sjølv om dei har kontoar i ulike bankar. Sjølv om EU-direktivet ikkje trer i kraft før neste år, ynskjer Sparebanken Vest og Sparebanken Sogn og Fjordane å vere tidleg ute.

– Fordelen med å kome i gang før vi må, er tidleg læring og at vi allereie nå gir kundane våre fordel av en ny enkel teneste. Betalingsdirektivet PSD2 medfører at tredjepartar kan få tilgang på konto- og betalingsinformasjon frå bankar og andre selskap der du er kunde, seier Bjørg Marit Eknes i Sparebanken Vest.

- Det er viktig å understreke at det er deg som kunde, som må godkjenne at andre bankar og tilbydarar av betalingstenester får tilgang til dine kundedata. Kven som helst kan ikkje «få oversyn over kor du er bankkunde», avsluttar Reiel Haugland i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Kontakter

Bjørg Marit Eknes, konserndirektør for Innovasjon og kundeoppleving i Sparebanken Vest
Tel: 95 26 58 75


Reiel Haugland, teknologidirektør i Sparebanken Sogn og Fjordane
Tel: 41 02 79 05

Bilder

Grafikk: Colourbox/Sparebanken Vest
Grafikk: Colourbox/Sparebanken Vest
Last ned bilde
Reiel Haugland, teknologidirektør i Sparebanken Sogn og Fjordane. (Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane)
Reiel Haugland, teknologidirektør i Sparebanken Sogn og Fjordane. (Foto: Sparebanken Sogn og Fjordane)
Last ned bilde
Bjørg Marit Eknes, konserndirektør for Innovasjon og kundeoppleving i Sparebanken Vest (Foto: Sparebanken Vest)
Bjørg Marit Eknes, konserndirektør for Innovasjon og kundeoppleving i Sparebanken Vest (Foto: Sparebanken Vest)
Last ned bilde

Om Sparebanken Vest

Sparebanken Vest
Jonsvollgaten 2
5011 Bergen

915 05 555https://www.spv.no

Sparebanken Vest er landets tredje største sparebank. Vi er et komplett finanshus for mer enn 290.000 person- og bedriftskunder. Vi er stolt over å være et selvstendig finanskonsern med hovedkontor i Bergen med en sentral rolle i mye av den verdiskapningen som skjer på Vestlandet.

Følg pressemeldinger fra Sparebanken Vest

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Sparebanken Vest på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Sparebanken Vest

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye