Høgskulen i Volda

Mord i Volda – rektor ved Høgskulen vil løyse mysteriet

Del
Drapet er heldigvis litterært, for å ta den med ein gong. Det ikoniske Volda-fjellet Rotsethornet pryder forsida til krimkongen Jan-Erik Fjell si nye bok om Anton Brekke. Fjell kjem til Volda for å fortelje korleis kriposetterforskaren hamna på Sunnmøre, og kvifor Høgskulen i Volda har ei rolle i boka. Han vert i det høvet bokbada av rektor ved Høgskulen, Johann Roppen.
Omslaget til Jan-Erik Fjell si nye bok har det ikoniske Volda-fjellet Rotsethornet på framsida. (Skjermdump frå forfattaren si heimeside.)
Omslaget til Jan-Erik Fjell si nye bok har det ikoniske Volda-fjellet Rotsethornet på framsida. (Skjermdump frå forfattaren si heimeside.)

Kan eit brutalt drap i Fredrikstad henge saman med ei forsvinning i Moss? Og korleis kjem Volda inn i biletet, bokstavleg tala? Kvifor er rektor på Høgskulen i Volda, Johann Roppen, på takkelista til suksessforfattar Jan-Erik Fjell i den nye boka hans, Ringmannen? Svar på dei fleste av desse mysteria får du når nettopp rektor Roppen bokbadar krimkongen Fjell på ein av dei lokale serveringsstadene som er med i boka: Tredet. 


Presse er velkomne til Tredet i Volda, onsdag 13. oktober kl. 19.00
Intervju med Jan-Erik Fjell kan gjennomførast etter bokbadet


Frå forfattaren si heimeside: JAN-ERIK FJELL (f. 1982) frå Fredrikstad har opplevd ein eventyrleg suksess med krimromanane Tysteren, Skyggerom, Hevneren, Rovdyret, Lykkejegeren og Gjemsel. Han er den yngste som har motteke Bokhandlerprisen for debutkrimmen Tysteren i 2010. I 2011 mottok han Frederikprisen, som vert delt ut til unge, lovande kulturutøvarar. Fjell er utdanna innan IT, kontor og administrasjon, men er no forfattar på heiltid. Ringmannen er sjuande bok i serien om kriposetterforskar Anton Brekke. Serien har solgt i meir enn 500 000 eksemplar og er til salgs i 14 land. No har Anton Brekke vore i Volda!

 

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Omslaget til Jan-Erik Fjell si nye bok har det ikoniske Volda-fjellet Rotsethornet på framsida. (Skjermdump frå forfattaren si heimeside.)
Omslaget til Jan-Erik Fjell si nye bok har det ikoniske Volda-fjellet Rotsethornet på framsida. (Skjermdump frå forfattaren si heimeside.)
Last ned bilde
Forfattar Jan-Erik Fjell kjem på besøk til Volda. Foto: Torstein Gamst, www.pixlight.no
Forfattar Jan-Erik Fjell kjem på besøk til Volda. Foto: Torstein Gamst, www.pixlight.no
Last ned bilde
Johann Roppen skal bokbade forfattar Jan-Erik Fjell. Foto: Tone Solhaug/HVO
Johann Roppen skal bokbade forfattar Jan-Erik Fjell. Foto: Tone Solhaug/HVO
Last ned bilde

Om Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda
Høgskulen i Volda
Postboks 500
6101 Volda

7007 5000https://www.hivolda.no/

Midt imellom fjord og fjell finn du studiebygda Volda. Med sine 4600 studentar og 350 tilsette er Høgskulen i Volda blant dei største utdanningsinstitusjonane mellom Bergen og Trondheim. Volda er kjent for aktive studentar, og høgskulen tilbyr nokre av landets leiande medieutdanningar og tradisjonsrike lærarutdanningar.

Følg pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskulen i Volda på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Høgskulen i Volda

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye