Medietilsynet

Mest til lokale medium når Medietilsynet fordeler 21 millionar kroner til innovasjon

Del

Om lag 15 av 21 millionar kroner går til små, lokale medium når Medietilsynet har fordelt innovasjonsmidlar for 2022. – I år får fleire aviser midlar til å utvikle lokal debatt. Det er bra at redaktørstyrte medium gjer tiltak for å «ta tilbake debatten», seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Innovasjonstøtta på 21 millionar kroner går i år til 42 prosjekt i ulike medium. Fleire av prosjekta som får støtte, handlar om lokal debatt. Foto Medietilsynet
Innovasjonstøtta på 21 millionar kroner går i år til 42 prosjekt i ulike medium. Fleire av prosjekta som får støtte, handlar om lokal debatt. Foto Medietilsynet

Målet med innovasjonsstøtta er å styrke det norske mediemangfaldet og den opplyste offentlege samtalen gjennom å stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i nyheits- og aktualitetsmedium.

Støtta på omkring 21 millionar kroner går i år til 42 ulike prosjekt. Medietilsynet fekk inn 64 søknader, og det blei til saman søkt om i overkant av 33 millionar kroner.

80 prosent går til utvikling og produksjon av redaksjonelt innhald og digital utvikling

Vel ni millionar kroner, eller 40 prosent av midlane, går denne gongen til prosjekt som skal utvikle og produsere redaksjonelt innhald. Om lag 8,5 millionar kroner, tilsvarande 38 prosent, går til digitale utviklingsprosjekt.

Fleire av prosjekta som får støtte i år, handlar om lokal debatt. Fædrelandsvennen får cirka 500 000 kroner til å utvikle og produsere redaksjonelt innhald til redaktørstyrt, redigert, digital og lokal samfunnsdebatt. Målet med prosjektet er å «ta debatten tilbake» frå dei sosiale media. Også Stavanger Aftenblad og Finnmark Dagblad får midlar til debatt. Stavanger Aftenblad får cirka 360 000 til å utvikle ei debattplattform for unge, mens Finnmark Dagblad får 380 000 kroner til å opprette ein debattportal.

Landslaget for lokalaviser (LLA) har fått til saman to millionar kroner til to ulike prosjekt. Det eine er eit samarbeidsprosjekt mellom fleire lokalaviser som skal bidra til å finansiere lokal journalistikk og innovasjon, mens det andre prosjektet har som mål å få fleire til å søke og ta jobb som journalist i lokale medium.

Støtte til fleirspråkleg lokalradio og andre prosjekt retta mot innvandrarar

Støtteordninga skal også prioritere tenester for personar med funksjonsnedsetjing og prosjekt som er retta mot innvandrarar og språklege minoritetar.

– I år kom det ingen søknader om tenester for personar med funksjonsnedsetjing, men vi fekk fem søknader om pengar til prosjekt som er retta mot innvandrarar og språklege minoritetar. Tre av desse får støtte på til saman 1,7 millionar kroner, seier Velsand.

Radio Inter FM får 270 513 kroner til prosjektet «Flerspråklig minoritetsradio for Oslo», og skal lage sendingar heile døgnet for å formidle samfunnsviktig informasjon på andre språk enn norsk og engelsk.

Fakta om innovasjons- og utviklingsstøtte til nyheits- og aktualitetsmedium

  • Ordninga skal fremme mediemangfald og ein opplyst offentleg samtale gjennom å stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i nyheits- og aktualitetsmedium.
  • Støtteordninga tredde i kraft 1. juli 2018, og er særleg retta mot små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium.
  • Aviser som har utfordringar med distribusjonen på grunn av færre postomdelingsdagar, kan få støtte til digitalisering og omstilling gjennom ordninga.
  • Prosjekt i små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium blir prioriterte. Det same gjer prosjekt som rettar seg mot innvandrarar, språklege minoritetar, og som er retta mot tenester for personar med funksjonsnedsetjingar.

For spørsmål om innovasjonsstøtteordninga ta kontakt med Heidi Schau-Hvatum.

Les meir om innovasjonsstøtta på Medietilsynets nettsider

Desse prosjekta får innovasjonsstønad i 2022

Søkar

Prosjekt

Innvilga beløp

RADIO NORDKAPP

Sikre systemer for lyd- og nettavisproduksjon

440 000

HALLINGDØLEN

Hallingdølen – aktuell for nye lesarar også om 15 år?

248 000

SUBJEKT

Subjekt 5.0 – utvikling og digitalisering av avisa

600 000

NORDSALTEN AVIS

Fra papiravis til digital dagsavis

800 000

RØROSNYTT

Trøndelag i lyd, bilder og tekst

542 000

SHIFTER MEDIA

System for datainformert abonnementsvekst

175 000

SYDVESTEN LOKALAVIS

Podcast/video «Folk i bydelen»

295 000

PORTEN

Jamn dekning i heile Sogn med fokus på ytterkantane

763 698

LANDSLAGET FOR LOKALAVISER

Ulike tiltak for å få fleire til å søkja og ta jobb som journalist i lokale medium

1 200 000

NYE MEDIER INVEST

Etablering av Mitt Eidskog som en del av Mitt Kongsvinger

763 698

LANDSLAGET FOR LOKALAVISER

Bygge digital kompetanse og annonsenettverk for å sikre lokal journalistikk

800 000

DRANGEDALSPOSTEN

Unge digitale brukere viser vei

550 000

MEDIEHUSET KSU 24/7

Digitalisering av lokal radioproduksjon

248 785

MEDIEHUSET KULINGEN

Digital ungdomsredaksjon

550 000

AVISA HEMNES

Ressursflytting til digital satsing

125 000

RADIO INTER FM

Flerspråklig minoritetsradio for Oslo

270 513

RADIO 3 BODØ

Utvikling av redaksjonelle arbeidsverktøy

344 150

LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR

Nye måtar å kommunisera med fleire lesarar på

722 500

BYDELSAVISENE BERGEN

Ny teknisk løsning for produksjon og distribusjon av redaksjonelt innhold

243 000

RADIO BARDUFOSS

Utvikling av redaksjonelle arbeidsverktøy

339 150

FANAPOSTEN

Levende bilder i lokalavisen

250 000

AVISFØRETAKET YTRE SOGN

Etablering av studiofasilitetar og reiselivsmagasin

195 000

FILTER MEDIA

Ny digital publiseringsplattform

530 799

STAVANGER AFTENBLAD

Byas Debatt – skape en debattplattform for unge ved videokommentarer og kronikker

363 200

MEDIEHUSET KSU 24/7

Lokalt radioinnhold som brukerbetalt tjeneste

243 582

BUDSTIKKA MEDIA TRØNDELAG

Prosjekt M21 Musikk – digital publiseringskanal for framheving av yngre norske musikere og filmskapere

200 000

KANALEN

Hvordan endre oss fra papir til nett

400 000

FÆDRELANDSVENNEN

Digital debatt

519 310

METRO SOUNDS

Utvikling av plattformen OnePlay

429 240

RADIO TROMSØ

Redaksjonelle arbeidsverktøy for Radio Tromsø

344 150

POLARIS MEDIA MIDT-NORGE

Leserengasjement som ledestjerne

1 175 400

MEDIEHUSET NYSS

«Heim til deg – eit møte med menneska i området vårt»

400 000

AVISDRIFT RØROS

Fra sinke til spydspiss - det digitale taktskiftet i Fjell-Ljom

900 000

VARDEN

Direktesending av sport

650 000

NATT&DAG

Kulturguiden app

440 000

GUOVDAGEAINNU LAGASRADIO

Flermedial samisk minoritetsradio

602 825

MEDIEBEDRIFTENES LANDSFORENING

Betalingsløsning for lokal-tv

175 000

FIRDAPOSTEN

Levande bilde – nå ungdom gjennom å lage videoreportasjar og livesendingar

1 575 000

FOLKEBLADET

Unge journalister og nye medier

350 000

FINNMARK DAGBLAD

Finnmarksdebatten

380 000

RISSA RADIO

Digital radio over internett

300 000

DAGBLADET DAGEN

La det bli lyd (Dagens podkast-satsning)

456 000

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Innovasjonstøtta på 21 millionar kroner går i år til 42 prosjekt i ulike medium. Fleire av prosjekta som får støtte, handlar om lokal debatt. Foto Medietilsynet
Innovasjonstøtta på 21 millionar kroner går i år til 42 prosjekt i ulike medium. Fleire av prosjekta som får støtte, handlar om lokal debatt. Foto Medietilsynet
Last ned bilde

Om Medietilsynet

Medietilsynet
Medietilsynet
Nygata 4
1607 Fredrikstad

69 30 12 00http://www.medietilsynet.no

Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.

Følg pressemeldinger fra Medietilsynet

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Medietilsynet

Lokalradioar får åtte millionar i støtte – halvparten går til å dekke DAB-utgifter13.5.2022 07:00:00 CEST | Pressemelding

Medietilsynet fordeler 8,2 millionar kroner i støtte til lokalradioane, der 4,4 millionar kroner går til å dekke utgiftene lokalradioane har med å sende på DAB. – Lokalradioane har stram økonomi. Denne støtta bidrar til at lokalradioar kan tilby programinnhaldet sitt på DAB, seier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom