Kulturtanken

Meir midlar til Den kulturelle skolesekken

Del

I 2021 blir det fordelt 306,5 mill. kroner til Den kulturelle skolesekken som skal bidra til å gi barn og unge eit likeverdig kunst- og kulturtilbod over heile landet.

Tonje Unstad fremfører "Musling med melk" på Marked for Musikk i Larvik, 21. oktober 2020. Foto: Erik Brandsborg/Kulturtanken.
Tonje Unstad fremfører "Musling med melk" på Marked for Musikk i Larvik, 21. oktober 2020. Foto: Erik Brandsborg/Kulturtanken.

Den kulturelle skolesekken er ei nasjonal ordning som skal formidle kunst og kultur av høg kvalitet til barn og unge. Alle elevane i grunnskolen og videregåande skole skal få eit gratis tilbod som tilbydast jamnleg.

– Den kulturelle skolesekken er heilt avgjerande for at alle barn og unge skal få oppleve, gjere seg kjende med og utvikle forståing for profesjonelle kunst- og kulturuttrykk av alle slag, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.

– Dette er verkeleg gode nyheiter! I dialogen vår med fylkeskommunar og kommunar har vi fått tydelege tilbakemeldingar om at det er betydeleg press på ordninga som følgje av auka kostnader utan tilsvarande auke i budsjettrammene. Dette har vi vidareformidla til Kulturdepartementet og vi er veldig fornøgde med at det er vilje til å prioritera ein auke i løyvingane til denne viktige ordninga, seier leiar av Kulturtanken, Øystein Strand.

Den kulturelle skolesekken er eit samarbeid mellom kultursektoren og utdanningssektoren på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå. Spelemidlane blir fordelte til fylkeskommunane og kommunane som har ansvaret for ordninga lokalt og regionalt.

Fylkeskommunane vil òg få tildelt 4 mill. kronar frå statsbudsjettet i 2021 for å styrkje innhaldet i ordninga.

Spelemidlane til Den kulturelle skolesekken har auka med nærmare 100 millionar kroner sidan 2016. Fordelinga i 2020 var på 285 millionar kroner. 

Nøkkelord

Kontakter

Bilder

Tonje Unstad fremfører "Musling med melk" på Marked for Musikk i Larvik, 21. oktober 2020. Foto: Erik Brandsborg/Kulturtanken.
Tonje Unstad fremfører "Musling med melk" på Marked for Musikk i Larvik, 21. oktober 2020. Foto: Erik Brandsborg/Kulturtanken.
Last ned bilde
Kulturtankens direktør Øystein Strand. Foto: Erik Brandsborg
Kulturtankens direktør Øystein Strand. Foto: Erik Brandsborg
Last ned bilde

Om Kulturtanken

Kulturtanken
Kulturtanken
Postboks 4261 Nydalen
0401 Oslo

22 02 59 00http://www.kulturtanken.no/

Følg pressemeldinger fra Kulturtanken

Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Kulturtanken på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Kulturtanken

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom