Medietilsynet ønsker innspel til utgreiingar om NRK og mediestøtta
4.3.2021 07:00:00 CET | Medietilsynet | Pressemelding

Utgreiingane skal vere med i grunnlaget for den første stortingsbehandlinga av fireårige styringssignal for NRK og den direkte mediestøtta neste år. Ifølge den nye mediestøttelova skal regjeringa kvart fjerde år foreslå faste, langsiktige økonomiske rammer for NRK og dei direkte mediestøtteordningane.
Medietilsynet er i gang med å hente inn relevant informasjon og gjere eigne analysar som ein del av arbeidet med dei to utgreiingane.
– For å sikre at Medietilsynet har eit så godt faktagrunnlag som råd, ønsker vi innspel frå mediebransjen og ulike interessegrupper. Det kan for eksempel vere synspunkt på om det er sider ved verksemda i NRK som verkar negativt inn på konkurransesituasjonen i den norske mediemarknaden, og om det er behov for endringar i eksisterande mediestøtteordningar eller heilt nye typar tilskot, seier Velsand.
Medietilsynet skal kartlegge korleis NRK bidreg til mediemangfaldet
Medietilsynet skal kartleggje korleis NRK bidrar til mediemangfaldet, og korleis verksemda til NRK verkar inn på konkurransesituasjonen, i den norske mediemarknaden.
– Vi skal vurdere korleis tilbodet frå NRK, samanlikna med tilbodet frå andre aktørar, bidrar til innhalds- og brukarmangfald, korleis NRK oppfyller ansvaret sitt for å dekke blindsoner, og vurdere korleis NRK, spesielt gjennom det digitale nyheits- og aktualitetstilbodet sitt, påverkar konkurransen, seier Velsand.
Medietilsynet ønsker særleg synspunkt på følgande spørsmål:
- Er det særskilde innhaldstilbod og -tenester i NRK som bør analyserast nærare, og i så fall kvifor?
- Er det spesielle målgrupper eller innhaldstilbod som NRK bør ha eit særleg ansvar for å ta hand om, og i så fall kvifor?
- Er det sider ved verksemda i NRK som verkar negativt inn på konkurransesituasjonen i den norske mediemarknaden, og i så fall kvifor?
Utgreiinga til Medietilsynet skal vere klar innan 30. september. Tilsynet utarbeidde ein tilsvarande rapport til Kulturdepartementet i 2018.
Medietilsynet skal gå gjennom mediestøtteordningane
Kulturdepartementet har allereie sett i gang eit arbeid med å revidere forskrifta om produksjonstilskot for nyheits- og aktualitetsmedium, som Medietilsynet har gitt innspel til. No skal tilsynet gå gjennom alle dagens ordningar for direkte mediestøtte og så vurdere behovet for nye ordningar.
– Det har skjedd store endringar i mediemarknaden dei siste åra, og det er viktig at dei mediepolitiske verkemidla på best mogleg måte bidrar til å sikre mediemangfaldet, seier Veland.
Medietilsynet ønskjer særleg synspunkt på følgande spørsmål:
- Er det nokon av dagens støtteordningar som ikkje fungerer etter formålet, og kva endringar bør i så fall gjerast?
- Bør det gjerast endringar i dagens fordeling av midlane mellom ordningane, eller mellom grupper i ordninga, for produksjonstilskot? Kva er i så fall grunngivinga for endringsbehovet?
- Er det behov for nye mediestøtteordningar, i så fall kvifor og på kva område?
Utgreiinga om mediestøtte skal vere ferdig innan 30. november.
Les oppdragsbrevet frå Kulturdepartementet om NRK og mediemangfald her
Les oppdragsbrevet frå Kulturdepartementet om mediestøtte her
Innspel til begge utgreiingane må vere skriftlege og skal sendast til innspill@medietilsynet.no innan 24. mars 2021.
Nøkkelord
Kontakter
Nina BjerkeRådgiver, avdeling for kommunikasjon, rådgivning og analyse
Tel:41934154nina.bjerke@medietilsynet.noBilder

Om Medietilsynet
Medietilsynet skal bidra til å realisere statens mediepolitiske mål. Våre hovedoppgaver er å fremme demokrati og ytringsfrihet gjennom mediemangfold og kritisk medieforståelse. Vi veileder om barn og unges bruk av digitale medier, setter aldersgrenser for kinofilm, forvalter støtteordninger, behandler søknader om og fordeler pressestøtte og fører tilsyn med kringkasting. Tilsynet er underlagt Kulturdepartementet.
Følg pressemeldinger fra Medietilsynet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Medietilsynet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Medietilsynet
Medietilsynet ønsker kandidater til menneskerettighetspris for journalister4.5.2026 08:37:05 CEST | Pressemelding
Kultur- og likestillingsdepartementets menneskerettighetspris for journalister skal igjen deles ut til en eller flere journalister som i særlig grad har satt søkelys på aktuelle menneskerettighetsspørsmål i Norge. Alle kan foreslå kandidater til prisen.
Nær 25 millionar til innovasjonsprosjekt i media30.4.2026 10:00:00 CEST | Pressemelding
Medietilsynet skal fordele 24 540 000 kroner i innovasjonsstøtte i 2026, og opnar nå for søknader.
Medietilsynet vil vedtektsfeste krav til NRK om samarbeid29.4.2026 09:58:20 CEST | Pressemelding
NRKs ansvar for å samarbeide med kommersielle redaktørstyrte medier bør inn i selskapets vedtekter, anbefaler Medietilsynet i en ny rapport. Det foreslås også å utrede NRKs framtidige regionale nyhetsoppdrag, med bakgrunn i at nyhets- og aktualitetstilbudet på nett har en svak posisjon i regionene.
Medietilsynet: Glad for at lov om aldersgrenser i sosiale medier er på vei24.4.2026 11:15:14 CEST | Pressemelding
– Det er bra at det varslede lovforslaget om aldersgrenser i sosiale medier legges fram for Stortinget i år. Norske barn og unge trenger økt beskyttelse på digitale flater, sier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
175 aviser vil ha produksjonstilskott17.4.2026 08:50:00 CEST | Pressemelding
175 aviser har i år søkt om produksjonstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium. 13 av desse har ikkje fått støtte tidlegare. Blant dei nye søkarane er det både lokalaviser og aviser med heile landet som nedslagsfelt.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
